Tårnet i Babel

Menneska blei mange på jorda.
Dei hadde alle same språket,
så alle forstod kva dei andre sa.

Dei vandra omkring og fann ein brei dal.
Der slo dei seg ned.
«Kom, vi lagar teglstein og brenner dei harde,
og så kan vi byggje», sa dei til kvarandre.

Dei brende teglstein så sveitten silte,
dei rørte i jordbek så armane dirra,
så sette dei stein mot stein
med jordbek som bindemiddel.

Litt etter litt blei husa reiste.
Dei blei større og større,
dei blei fleire og fleire,
dei blei vakrare og flottare og høgare.

«Kom, la oss byggje meir», sa menneska,
«eit tårn som når opp til himmelen!
Då vil alle kjenne til oss, og vi blir like Gud.»

Alle arbeidde, og tårnet voks,
teglstein for teglstein med jordbek imellom.
Ingenting kunne stanse dei når dei var i gang.

Då steig Gud ned til menneska.
Han såg tårnet og sa:
«Kva er det dei held på med?
Korleis er det dei bruker livet dei har fått?»

Gud såg at dette ikkje var godt for dei,
og han såg at dei ikkje ville stanse av seg sjølve.
Gud såg at makta øydela menneska.

For å stoppe dei gjorde han dei forvirra.
Han la ulike språk i munnen på dei,
så den eine ikkje forstod kva den andre sa.

Folk begynte å rope til kvarandre,
men det blei berre bråk.
Det var ikkje råd for dei å fullføre tårnet,
for alt dei ville gjere, drukna i høglydt babbel.

Då braut folk opp frå byen Babel.
Dei tok med seg kvar sitt språk
og spreidde seg ut over heile jorda.

Les historia i Bibelen

1Heile verda hadde same språk og same ord. 2Då dei braut opp frå aust, fann dei ein brei dal i landet Sinear og slo seg ned der. 3Dei sa til kvarandre: «Kom, så lagar vi teglstein og brenner dei harde!» Dei brukte tegl til byggjestein og jordbek til å fuga med. 4«Kom», sa dei, «lat oss byggja ein by og eit tårn som når opp til himmelen, og skaffa oss eit namn så vi ikkje blir spreidde ut over heile jorda!» 5Då steig Herren ned for å sjå på byen og tårnet som menneska bygde. 6Herren sa: «Sjå, dei er eitt folk, og eitt språk har dei alle. Og dette er det første dei gjer! No vil ingen ting vera umogleg for dei, same kva dei set seg føre. 7Kom, lat oss stiga ned og forvirra språket deira så den eine ikkje skjønar den andre!» 8Så spreidde Herren dei derifrå ut over heile jorda, og dei heldt opp med å byggja på byen. 9Difor kalla dei han Babel, for der forvirra Herren språket for heile jorda. Og derifrå spreidde Herren dei ut over heile jorda.

Les i nettbibelen