Barnet og nistepakken

Jesus og læresveinane hans reiste med båt
over Gennesaretsjøen.
Dei gjekk i land ein stad for å vere åleine,
og gjekk eit stykke opp i åssidene,
der det var god utsikt ut over sjøen.

Men ei stor folkemengd følgde etter dei
fordi dei hadde sett at Jesus gjorde sjuke folk friske.
Kanskje håpa dei å få sjå fleire mirakel.

Dagen gjekk.
Etter kvart blei alle svoltne.
Men ingen ville gå derifrå.
Jesus bad læresveinane om å gi folk mat,
men læresveinane svarte at det kunne dei ikkje,
for det var altfor mange.

Likevel sa éin: «Det er eit barn her med nistemat.
Barnet har fem brød og to fiskar.
Men det er jo altfor lite til så mykje folk.»
«La dei setje seg», sa Jesus.
Så bad han takkebøna,
delte brødet og fisken i bitar
og gav dei.

Læresveinane delte ut bitane vidare,
og maten tok ikkje slutt!
Det blei meir mens dei delte.
Det var som om dei drøymde.

Fem tusen svoltne menn blei mette,
pluss kvinner og barn som ikkje blei talde.
Læresveinane samla inn restane som blei til overs,
og fylte opp brød i tolv fulle korger.

Folk ropte, forundra over det dei var med på.
Var profeten frå gamle dagar kommen igjen,
han som gav folket brød i ørkenen?

Då gjekk Jesus frå dei,
opp i fjellet over åssidene,
der det var god utsikt utover sjøen.
Han var åleine.

Moses blei òg kalla profet, og han blei rekna som den første store profeten. Gud lova at i endetida skulle han igjen sende ein profet som Moses. Sjå 5 Mos 18,15; Joh 1,21; Apg 3,22.

Last ned gratis fargeleggingsark

Les historia i Bibelen

1Sidan drog Jesus bort til andre sida av Galileasjøen, som òg heiter Tiberiassjøen. 2Og mykje folk følgde etter han, for dei såg teikna han gjorde då han lækte dei sjuke. 3Jesus gjekk opp i fjellet og sette seg der saman med læresveinane sine. 4Det nærma seg no påske, høgtida til jødane. 5Då Jesus lyfte blikket og såg at det kom mykje folk til han, sa han til Filip: «Kvar skal vi kjøpa brød så alle desse kan få mat?» 6Det sa han for å prøva Filip, for han visste sjølv kva han ville gjera. 7Filip svara: «Brød for to hundre denarar er ikkje nok til at kvar av dei kan få eit lite stykke.» 8Ein annan av læresveinane, Andreas, bror til Simon Peter, sa til han: 9«Det er eit barn her som har fem byggbrød og to fiskar, men kva er det til så mange?» 10Då sa Jesus: «Lat folket setja seg.» Det var mykje gras der på staden, og dei sette seg. Talet på mennene var omkring fem tusen. 11Då tok Jesus brøda, bad takkebøn og delte ut til dei medan dei sat der. Like eins delte han ut av fiskane, så mykje dei ville ha. 12Då dei var mette, sa han til læresveinane: «Samla saman dei stykka som er att, så ingen ting går til spille.» 13Dei samla saman og fylte tolv korger med stykke som var att av dei fem byggbrøda etter at alle hadde ete. 14Då folket såg det teiknet Jesus hadde gjort, sa dei: «Dette er sanneleg profeten som skal koma til verda!» 15Jesus skjøna at dei ville koma og tvinga han med seg for å gjera han til konge. Difor drog han seg unna og gjekk opp i fjellet att, han åleine.

Les i nettbibelen

15Ein profet som meg vil Herren din Gud la stå fram hos deg, ein av landsmennene dine. Han skal de høyra på.

Les i nettbibelen

21«Kven er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje», svara han. «Er du profeten?» «Nei», sa han.

Les i nettbibelen

22Moses har sagt: ‘ Herren Gud skal reisa opp ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør. Han skal de høyra på i alt det han seier dykk.

Les i nettbibelen