Krossfestinga

Det var fredag morgon før påskehøgtida.
Dei romerske soldatane førte Jesus til Golgata,
avrettingsstaden utanfor byen.
Der spikra dei han fast til krossen
for at han skulle døy ein langsam død.
Folk peikte på han og lo.
Då bad han: «Far, tilgi dei,
for dei vet ikkje kva dei gjer.»

Læresveinen Johannes hadde våga seg fram.
Saman med Maria stilte han seg rett under krossen.
Då sa Jesus til mor si: «Der er son din.»
Til Johannes sa han: «Der er mor di.»
Frå då av tok Johannes seg av Maria
som om ho skulle ha vore den ekte mora hans.

To forbrytarar var krossfesta ved sida av Jesus.
Den eine snakka stygt om han og lo.
Den andre bad han slutte
og sa: «Han har ikkje gjort noko gale,
men det har vi.»
Så sa han til Jesus: «Hugs på meg
når du kjem i riket ditt.»
Jesus svarte: «Sanneleg, i dag
skal du vere med meg i paradis.»

Det gjekk ei tid, og sola mørkna.
Fargane forsvann, og fuglane blei stille.
I tre timar var landet mørkt.

Då ropte Jesus høgt og fortvila:
«Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»

Timane gjekk. Han sa: «Eg er tørst.»
Dei pressa ein svamp med vineddik mot munnen hans.
Litt vått, litt bedøving, ei lita stund.

Så ropte han ut: «Det er fullført!»
Og han kviskra fram kveldsbøna
som han hadde bedd sidan han var barn:
«Far, i dine hender gir eg mi ånd.»
Så bøygde han hovudet og pusta ikkje meir.

Men i tempelet inne i byen,
inst inne mot det aller heilagaste,
rivna forhenget i to delar,
frå øvst til nedst.

Last ned gratis fargeleggingsark

Les historia i Bibelen

31Då dei hadde hånt han, tok dei av han kappa og hadde på han hans eigne klede. 32På vegen møtte dei ein mann frå Kyréne som heitte Simon, og han vart tvinga til å bera krossen. 33Då dei kom til ein stad som heiter Golgata – det tyder Hovudskallestaden – 34gav dei Jesus vin blanda med galle. Men då han smaka på det, ville han ikkje drikka. 35Så krossfeste dei han. Og dei kasta lodd om kleda hans og delte dei mellom seg. 36Sidan vart dei sitjande der og halda vakt over han. 37Over hovudet hans hadde dei sett ei innskrift med skuldinga mot han: «Dette er Jesus, kongen over jødane.» 38Saman med han vart to røvarar krossfeste, ein på høgre og ein på venstre sida. 39Dei som gjekk forbi, spotta han, riste på hovudet og sa: 40«Du som riv ned tempelet og byggjer det opp att på tre dagar! Er du Guds Son, så frels deg sjølv og stig ned frå krossen!» 41Like eins spotta overprestane han saman med dei skriftlærde og dei eldste og sa: 42«Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa. Han er då Israels konge; lat han stiga ned av krossen, så skal vi tru på han! 43Han har sett si lit til Gud; lat no Gud berga han, om han har han kjær. Han har då sagt: ‘Eg er Guds Son.’» 44Og røvarane som var krossfeste saman med Jesus, spotta han på same måten. 45Frå den sjette timen vart det mørkt over heile landet, og mørkret låg til den niande timen. 46Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: « Elí, Elí, lemá sabaktáni?» Det tyder: « Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» 47Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Han ropar på Elia.» 48Og med det same sprang ein av dei fram, tok ein svamp og fylte med vineddik, sette han på ei stong og ville la han få drikka. 49Men dei andre sa: «Lat oss sjå om Elia kjem og bergar han.» 50Men Jesus ropa på nytt med høg røyst og gav opp anden. 51Då rivna forhenget i tempelet i to, ovanfrå og heilt ned. Jorda skalv, og berga brast. 52Gravene opna seg, og kroppane til mange heilage som var avlidne, vart reiste opp frå dei døde. 53Etter Jesu oppstode gjekk dei ut av gravene og kom inn i den heilage byen, og der synte dei seg for mange. 54Men då offiseren og dei som var med han og heldt vakt over Jesus, såg jordskjelvet og det som hende, vart dei gripne av stor redsle og sa: «Sanneleg, han var Guds Son!» 55Det var òg mange kvinner der som stod langt unna og såg på. Dei hadde følgt Jesus frå Galilea for å tena han. 56Mellom dei var Maria Magdalena, Maria som var mor til Jakob og Josef, og mor til Sebedeus-sønene.

Les i nettbibelen

21Og dei tvinga ein mann som gjekk forbi, til å bera krossen hans; det var Simon frå Kyréne, far til Aleksander og Rufus, han var på veg inn frå markene. 22Dei førte Jesus til den staden som heiter Golgata – det tyder Hovudskallestaden. 23Der baud dei han vin med myrra i, men han ville ikkje ha det. 24Så krossfeste dei han. Kleda hans delte dei mellom seg ved å kasta lodd om kva plagg kvar av dei skulle ha. 25Det var omkring den tredje timen dei krossfeste han. 26Og innskrifta med skuldinga mot han lydde: «Kongen over jødane». 27Saman med Jesus krossfeste dei to røvarar, ein på høgre og ein på venstre sida hans. 28*Såleis vart det oppfylt, det skriftordet som seier: Og han vart rekna blant lovbrytarar.• 29Dei som gjekk forbi, spotta han, riste på hovudet og sa: «Sjå no, du som riv ned tempelet og byggjer det opp att på tre dagar! 30Frels deg sjølv og stig ned frå krossen!» 31Like eins hånte overprestane og dei skriftlærde han og sa seg imellom: «Andre har han frelst, men seg sjølv kan han ikkje frelsa! 32Lat no Messias, Israels konge, stiga ned frå krossen, så vi kan sjå og tru!» Dei som var krossfeste saman med Jesus, spotta han, dei òg. 33Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret varte til den niande timen. 34Ved den niande timen ropa Jesus med høg røyst: « Eloï, Eloï, lemá sabaktáni?»Det tyder: « Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» 35Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Høyr, han ropar på Elia.» 36Då sprang det ein fram og fylte ein svamp med vineddik, sette han på ei stong og ville la Jesus få drikka. «Vent», sa han, «lat oss sjå om Elia kjem og tek han ned.» 37Men Jesus ropa høgt og anda ut. 38Då rivna forhenget i tempelet i to, ovanfrå og heilt ned. 39Og då offiseren som stod midt framfor Jesus, såg korleis han anda ut, sa han: «Denne mannen var verkeleg Guds Son!» 40Det var òg nokre kvinner der som stod langt unna og såg på. Mellom dei var Maria Magdalena, Salome og Maria, mor til Jakob den yngre og Joses. 41Dei hadde følgt Jesus og tent han då han var i Galilea. Det stod òg mange andre kvinner der, som hadde vore med han opp til Jerusalem.

Les i nettbibelen

26Så førte dei han bort. På vegen greip dei fatt i ein mann som kom inn frå markene, Simon frå Kyréne. Og dei la krossen på Simon for at han skulle gå bak Jesus og bera. 27Ein stor folkehop følgde med, og mellom dei var det mange kvinner som jamra og gret over han. 28Men Jesus snudde seg til dei og sa: «Jerusalems døtrer! Gråt ikkje over meg, men gråt over dykk sjølve og borna dykkar. 29For det kjem dagar då folk skal seia: ‘Lukkelege er dei barnlause, dei morsliv som ikkje har fødd, og dei bryst som ikkje har gjeve die!’ 30Då skal dei seia til fjella: ‘Fall over oss!’ Og til haugane: ‘Løyn oss!’ 31For gjer dei slik med det grøne treet, korleis skal det då gå med det tørre?» 32To andre forbrytarar vart òg førte bort og skulle avrettast saman med Jesus. 33Og då dei kom til den staden som heiter Hovudskallen, krossfeste dei både han og forbrytarane, den eine på høgre sida hans, den andre på venstre. 34*Men Jesus sa: «Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.»• Så kasta dei lodd om kleda hans og delte dei mellom seg. 35Folket stod og såg på, men rådsherrane spotta han: «Andre har han frelst», sa dei, «lat han no frelsa seg sjølv dersom han er Guds Messias, den utvalde!» 36Soldatane òg hånte han. Dei gav han vineddik 37og sa: «Er du kongen over jødane, så frels deg sjølv!» 38For det var sett ei innskrift over han: «Dette er kongen over jødane.» 39Den eine av forbrytarane som hang der, spotta han og sa: «Er ikkje du Messias? Frels deg sjølv og oss!» 40Men den andre tala han til rette og sa: «Har du ikkje ærefrykt for Gud, endå du er under same dommen? 41For oss er dommen rettferdig, vi får berre att for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko urett.» 42Og han sa: «Jesus, kom meg i hug når du kjem til ditt rike!» 43Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I dag skal du vera med meg i paradis.» 44Det var alt kring den sjette timen. Då fall det mørker over heile landet, og mørkret låg til den niande timen, 45for sola lyste ikkje lenger. Forhenget i tempelet rivna midt i to, 46og Jesus ropa med høg røyst: «Far, i dine hender gjev eg mi ånd!» Med desse orda anda han ut. 47Då offiseren såg det som hende, lova han Gud og sa: «Denne mannen var sanneleg rettferdig!» 48Og alle som hadde samla seg for å sjå på, slo seg for bringa då dei såg det som hende, og gjekk derifrå. 49Men alle som kjende han, stod langt borte og såg på. Mellom desse var òg dei kvinnene som hadde følgt han frå Galilea.

Les i nettbibelen

17Han bar sjølv krossen sin og gjekk ut til den staden dei kallar Hovudskallen, på hebraisk Golgata. 18Der krossfeste dei han, og saman med han to andre, ein på kvar side, og Jesus midt mellom dei. 19Pilatus hadde laga ei innskrift og sett på krossen. Der stod det skrive: «Jesus frå Nasaret, kongen over jødane.» 20Mange av jødane las denne innskrifta, for staden der Jesus vart krossfest, låg nær byen, og innskrifta var på hebraisk, latin og gresk. 21Overprestane til jødane sa då til Pilatus: «Skriv ikkje: ‘Kongen over jødane’, men skriv: ‘Han sa: Eg er kongen over jødane’.» 22Pilatus svara: «Det eg skreiv, det skreiv eg.» 23Då soldatane hadde krossfest Jesus, tok dei kleda hans og delte dei på fire, ein del til kvar soldat. Dei tok òg kjortelen, som var utan saumar, voven i eitt stykke ovanfrå og ned. 24Då sa dei til kvarandre: «Lat oss ikkje riva han sund, men kasta lodd om kven som skal ha han.» Slik skulle *dette ordet i• Skrifta oppfyllast: Dei delte kleda mine mellom seg og kasta lodd om kappa.Dette gjorde soldatane. 25Innmed Jesu kross stod mor hans og syster til mor hans, Maria, som var gift med Klopas, og Maria Magdalena. 26Då Jesus fekk auge på mor si og såg at den læresveinen han hadde kjær, stod attmed henne, sa han til mor si: «Kvinne, sjå, der er son din.» 27Så sa han til læresveinen: «Det er mor di.» Frå den stunda tok læresveinen henne heim til seg. 28Jesus visste no at alt var fullført. Og for at Skrifta skulle oppfyllast, sa han: «Eg er tørst.» 29Det stod eit kar med vineddik der. Av den vinen fylte dei ein svamp som dei sette på ein isopstilk og heldt opp til munnen hans. 30Då Jesus hadde fått vineddiken, sa han: «Det er fullført!» Så bøygde han hovudet og anda ut.

Les i nettbibelen

Gratis undervisningsmateriell for påske


Er du lærer i skolen? Vi sender deg undervisningsmateriell for skole, med lærerveiledning for påske på e-post helt gratis. Opplegget har kompetansemål knyttet i hovedsak til fagene KRLE og norsk.
Send e-post og motta PDF