Jesus gjer frisk

Det var steikjande varmt utanfor byporten til Jeriko.
Den blinde Bartimeus sat der og tigga.

Han kunne ikkje sjå noko, men han høyrde kva som skjedde.
Han høyrde lyden av stemmer som steig og forsvann,
lyden av travle føter som gjekk inn og ut av byen,
og eselhovar som klapra mot den steinete vegen.

Det lukta støv og sveitte, matvarer og krydder
der Bartimeus sat og tigga utanfor byporten til Jeriko:
«Hjelp meg, gi meg nokre pengar, ver så snill!»

Då høyrde han eit følgje av folk komme ut av byen.
Dei var glade og lo, og nokon sa eit namn:
Jesus frå Nasaret – hadde han ikkje høyrt det namnet før?
Var ikkje det ein som gjorde sjuke folk friske igjen?

Skritta og stemmene var like ved han.
Han tigga ikkje lenger om pengar, han ropte.
«Jesus frå Nasaret, høyr meg, hjelp meg!»

Mange rundt han bad han teie still.
Likevel ropte han, høgare og høgare:
«Jesus frå Nasaret, høyr meg, hjelp meg!»

Følgjet var i ferd med å gå forbi han.
Men så stoppa skritta.
Det blei stille.

Han høyrde ei varm og vennleg stemme seie:
«Bartimeus, kva vil du eg skal gjere for deg?»
Han spratt opp og ropte: «Å, Herre, la meg sjå!»
Den gode stemma sa: «Gå du! Trua di har frelst deg.»

Gradvis, som når eit slør blir trekt bort,
opna lyset seg for han, og fargane. Han kunne sjå.
Han såg rett inn i ansiktet til Jesus frå Nasaret.

Så forlét han tiggarplassen sin
og følgde Jesus på vegen.

Les historia i Bibelen

46Så kom dei til Jeriko. Og då Jesus drog ut av byen saman med læresveinane sine og ei stor folkemengd, sat det ein blind tiggar attmed vegen. Han heitte Bartimeus og var son til Timeus. 47Då han høyrde at det var Jesus frå Nasaret som kom, sette han i å ropa: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!» 48Mange tala hardt til han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!» 49Då stogga Jesus og sa: «Rop på han!» Dei ropa på den blinde og sa til han: «Ver ved godt mot! Reis deg opp! Han kallar på deg.» 50Mannen kasta av seg kappa, sprang opp og kom bort til Jesus. 51«Kva vil du at eg skal gjera for deg?» spurde Jesus. Den blinde svara: «Rabbuni, lat meg få att synet!» 52Då sa Jesus til han: «Gå du! Trua di har frelst deg.» Med det same kunne han sjå, og han følgde Jesus på vegen.

Les i nettbibelen