Jesus stiller stormen


Det kom alltid mange folk
som ville høyre kva Jesus fortalde.

Ein gong stod han på stranda.
Då stimla det saman så mange menneske
at Jesus måtte gå i ein båt og bli rodd ut på sjøen,
mens heile folkemengda høyrde på han frå land.

Mot slutten av dagen var Jesus trøytt.
Han sa til læresveinane: «Vi dreg til den andre sida av sjøen.»
Mange av læresveinane var fiskarar,
og dei tok seg gjerne ein tur på vatnet.
Dei likte å kjenne vinden og bølgjene
og den søvndyssande rullinga frå båten.
«Berre sov, du», sa dei til Jesus.
Han fann seg ei pute, la seg bak i båten og sovna.

Då kom ein kraftig virvelstorm over sjøen.
Bølgjene gjekk høge,
dei slo inn i båten så han blei full av vatn.
Læresveinane auste,
nokon krabba bak i båten
og rista Jesus vaken:
«Meister, bryr du deg ikkje om
at vi held på å gå under?»

Då reiste Jesus seg,
trua vinden og sa til sjøen:
«Stille! Ver roleg!»
Vinden la seg, og sjøen blei blikk stille.

Då såg Jesus på læresveinane og sa:
«Kvifor er de så redde?
Har de enno inga tru?»
Læresveinane skalv og tenkte:
Både vinden og sjøen gjer som han seier.
Kven er han, eigentleg?

Les historia i Bibelen

35Då det leid til kvelds same dagen, sa han til dei: «Lat oss fara over til andre sida av sjøen.» 36Dei lét folkemengda bli att og tok han med seg i båten der han sat. Andre båtar følgde òg med. 37Då kom det ein hard kvervelstorm, og bølgjene slo inn i båten så han heldt på å gå full. 38Jesus låg i bakskuten og sov på ei pute. Dei vekte han og sa: «Meister, bryr du deg ikkje om at vi går under?» 39Då reiste han seg, truga vinden og sa til sjøen: «Tei og ver still!» Då gav vinden seg, og det vart blikande stilt. 40Og han sa til dei: «Kvifor er de så redde? Trur de enno ikkje?» 41Men då vart dei endå reddare og sa seg imellom: «Kven er dette? Både vind og sjø lyder han!»

Les i nettbibelen