Inntoget i Jerusalem

Jesus og læresveinane var på veg til Jerusalem for å feire påske.
Han hadde fiendar der:
dei religiøse leiarane, som meinte at han spotta Gud,
og dei romerske leiarane, som ville slå hardt ned på kvar spire til opprør.
Jesus visste at han skulle lide og døy.

Dei overnatta litt utanfor Jerusalem.
Jesus bad læresveinane finne ein eselfole til han.
Dei fann han og la kappene sine på han som sal.
Så sette Jesus seg på eselet og rei over Oljeberget.
Læresveinane gjekk ved sida av han.
Då dei skulle ned frå Oljeberget og mot byen,
blei dei møtte av ei stor folkemengd.
Folk stod tett i tett langs vegen og venta
med palmegreiner i hendene, og kviskra:
«Det er kongen som skal komme,
han som skal fri oss frå fiendane våre!»

Då Jesus kom ridande, løfta dei hendene, jubla og dansa
og song «Hosianna!» av full hals.
«Herre, fri oss! Velsigna er han
som kjem i Herrens namn!»

Somme syntest det var litt rart at han rei på ein eselfole,
og ikkje på ein kongeleg hest.
Men då kviskra nokon til nokon som kviskra vidare,
at dette var jo som profeten hadde sagt:
«Jerusalem, kongen din kjem til deg,
fattig er han og rir på ein eselfole.»
Då forstod dei at det ikkje var så rart.
Dei song høgt igjen og løfta palmegreinene,
barn, kvinner og menn, alle dansa
og la kappene sine på vegen der han rei fram.

Dei song og følgde han frå Oljeberget til byporten.
Då kom farisearar frå byen og sa: «Ver stille!
Tenk om romarane trur det er opprør?»
Jesus peikte mot bymuren og sa:
«Om folket teier, skal desse steinane rope!»
Då trekte farisearane seg unna, og ingen
hindra folk i å følgje han inn i byen.

Last ned gratis fargeleggingsark

Les historia i Bibelen

28Då Jesus hadde sagt dette, heldt han fram på vegen opp mot Jerusalem. 29Då han kom bort imot Betfage og Betania, ved den høgda som heiter Oljeberget, sende han to av læresveinane i veg 30og sa: «Gå bort i den landsbyen som ligg framfor dykk. Når de kjem dit, finn de ein eselfole som står bunden, og han har det aldri sete noko menneske på. Den skal de løysa og leia hit! 31Og er det nokon som spør: ‘Kvifor løyser de folen?’ skal de svara: ‘Herren har bruk for han.’» 32Dei to gjekk av stad og fann det slik som han hadde sagt. 33Dei løyste folen, og dei som eigde han, spurde: «Kvifor løyser de folen?» 34Dei svara: «Herren har bruk for han.» 35Så leidde dei folen til Jesus, la kappene sine på han og lét Jesus setja seg oppå. 36Og der han reid fram, breidde folket kappene sine ut på vegen. 37Då han nærma seg skråninga ned frå Oljeberget, byrja heile mengda av læresveinar å lova Gud med høg røyst, glade som dei var, for alle dei mektige gjerningane dei hadde sett. Dei ropa: 38« Velsigna er han, kongen, som kjem i Herrens namn! Fred i himmelen og ære i det høgste!» 39Nokre farisearar i folkemengda sa til han: «Meister, tal læresveinane dine til rette!» 40Men han svara: «Eg seier dykk: Dersom dei teier, skal steinane ropa.»

Les i nettbibelen

Gratis undervisningsmateriell for påske


Er du lærer i skolen? Vi sender deg undervisningsmateriell for skole, med lærerveiledning for påske på e-post helt gratis. Opplegget har kompetansemål knyttet i hovedsak til fagene KRLE og norsk.
Send e-post og motta PDF