Hei!
Sveip til sidene for å velje historie, og bla deretter ned for å lese og høyre historia.
Jesus og læresveinane hadde vore ute på sjøen.
No var dei komne i land,
og dei trekte båten opp på stranda.
Men folk strøymde til rundt dei.
Dei ville så gjerne høyre kva Jesus hadde å seie.
Då kom ein mann som heitte Jairus.
Han brukte å leie gudstenestene i synagogen.
Han var bleik i kinna og redd i auga.
Han kasta seg ned framfor føtene til Jesus og sa:
«Den vesle dottera mi held på å døy.
Kom og legg hendene dine på henne
så ho kan leve!»
Jesus gjekk med Jairus.
Men det tok si tid,
for heile folkemengda følgde etter.
Dei trengde seg inn på Jesus frå alle kantar
så verken Jesus eller læresveinane kom seg av flekken.
Då kom det folk frå huset til Jairus med dårleg nytt.
Dei sa: «Jairus, dottera di er død.
Du treng ikkje å bry meisteren meir.»
Men Jesus sa til han: «Ikkje ver redd! Berre tru!»
Så bad Jesus læresveinane og folkemengda om å bli igjen.
Han tok berre med seg Peter, Jakob og Johannes,
dei tre læresveinane han var mest saman med.
Dei følgde etter Jairus opp til huset hans.
Heime hos Jairus var det mykje folk.
Dei gret høglydt, som skikken var når nokon døydde.
«Kvifor græt de og roper av sorg?» spurte Jesus.
«Barnet er ikkje dødt; det søv.»
Dei berre lo av han.
«Ut med dykk!» sa han.
Berre foreldra og dei tre læresveinane fekk bli.
Dei gjekk inn der jenta låg.
Ho var tolv år gammal.
Jesus tok den vesle handa hennar i si og sa:
«Talita kumi!»
Det betyr: Vesle jente, stå opp!
Straks reiste ho seg og gjekk omkring.
Foreldra kunne ikkje tru sine eigne auge.
«Gi henne litt mat», sa Jesus og smilte.
21Då Jesus var komen over til andre sida att med båten, samla mykje folk seg om han. Medan han var nede ved sjøen, 22kom ein av synagogeforstandarane; han heitte Jairus. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned for føtene hans 23og bad han inderleg: «Dotter mi held på å døy. Kom og legg hendene på henne så ho kan bli frisk og få leva.» 24Jesus gjekk med han, og ein stor folkehop følgde etter og trengde seg innpå han. 25Det var ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. 26Ho hadde lide mykje hos mange legar, og ho hadde brukt alt ho eigde, utan å få hjelp; det hadde heller vorte verre med henne. 27Ho hadde fått høyra om Jesus, og no kom ho bakanfrå i folkemengda og rørte ved kappa hans. 28For ho tenkte: «Om eg så berre får ta i kleda hans, blir eg frisk.» 29Då stansa blodet med ein gong, og ho kjende det på seg at ho var lækt og kvitt plaga. 30Med det same kjende Jesus at det gjekk ei kraft ut frå han, og han snudde seg i mengda og spurde: «Kven var det som rørte ved kleda mine?» 31«Du ser korleis folket trengjer seg innpå deg», svara læresveinane, «og så spør du kven som rørte ved deg!» 32Men Jesus såg seg om etter den som hadde gjort det. 33Kvinna var så redd at ho skalv, for ho visste kva som hadde hendt med henne. No kom ho og kasta seg ned for han og fortalde han alt som det var. 34Då sa han til henne: «Trua di har frelst deg, dotter. Gå i fred. Ver frisk og kvitt plaga di.» 35Før han hadde tala ut, kom det folk frå huset til synagogeforstandaren og sa: «Dotter di er død. Kvifor bryr du meisteren lenger?» 36Jesus høyrde det som vart sagt, og sa til synagogeforstandaren: «Ver ikkje redd, berre tru!» 37Han lét ingen andre følgja med seg enn Peter, Jakob og Johannes, bror til Jakob. 38Då dei kom heim til synagogeforstandaren og han såg alt oppstyret og folket som gret og bar seg, 39gjekk han inn og sa til dei: «Kva er det de ståkar og græt for? Barnet er ikkje død; ho søv.» 40Dei berre lo av han. Men han dreiv dei ut, alle saman, og tok med seg far og mor til barnet og dei som var med han, og gjekk inn der barnet låg. 41Så tok han henne i handa og sa: «Talita kumi!» Det tyder: «Vesle jente, eg seier deg: Stå opp!» 42Og straks stod jenta opp og gjekk omkring; ho var tolv år. Då vart dei reint ifrå seg av undring. 43Men Jesus forbaud dei strengt å la nokon få vita det, og sa at dei skulle gje henne noko å eta.