Jakob

Isak og Rebekka fekk barna Esau og Jakob.
Dei var tvillingar. Dei slost med kvarandre
heilt frå dei låg i magen til mor si.
Esau vann, han var den sterkaste.
Han blei den førstefødde.

Esau var raud og hårete og blei ein dyktig jeger.
Jakob var roleg og heldt seg ved telta.
Namnet hans kan bety å narre eller lure,
og namnet passa til han.

Gud hadde sagt til mor Rebekka
at sjølv om Jakob var yngst,
var det han som skulle få førsteretten til å arve.

Men far Isak hadde Esau som yndlingsson.

Så då tvillingane blei vaksne,
hjelpte mor Rebekka til
slik at Jakob fekk lurt både Esau og far Isak.
Jakob lurte til seg faren si velsigning.

Då Esau oppdaga det, blei han rasande.
Jakob flykta bort frå telta, åkrane og skogane,
bort frå alt som var kjent for han.
Han var åleine, og natta kom.

Då la han seg ned med ein stein til pute.
Han sovna og drøymde ein merkeleg draum:
Han såg ein stige som gjekk frå jorda til himmelen.
På trinna i stigen klatra englar opp og ned.

Han drøymde at Gud sjølv stod framfor han.
Gud sa: «Eg er Herren. Eg velsignar deg.
Slekta di skal breie seg ut mot vest og aust,
mot nord og sør, slik som støvet på jorda.
I deg skal alle slekter på jorda bli velsigna.
Eg vil gå med deg og ikkje forlate deg.»

Jakob vakna brått. Det var framleis mørkt.
Han visste at draumen var sann,
og at Gud sjølv hadde talt til han.
Jakob sa: «Dette er ein heilag stad,
Gud er på denne staden,
og eg visste det ikkje.»

Om morgonen stod han tidleg opp.
Han tok steinen han hadde hatt som pute,
reiste han på høgkant og fann fram oljekrukka si.
Han helte olivenolje over steinen som eit teikn,
så folk skulle vite at dette var ein heilag stad.
«Denne staden skal heite Betel – Guds hus.
Eg vil alltid halde meg til Herren», sa han.

Så gjekk han vidare og fann ein brønn
ved Nahors by, der slektningane hans budde.
Ved brønnen stod Rakel og gav vatn til sauene.
Aldri hadde han sett ei vakrare jente.
Han kyssa henne og sa: «No lurer eg ikkje lenger.
No veit eg at eg er kommen til den rette staden.»

Les historia i Bibelen

19Dette er slektshistoria til Isak, son til Abraham. Abraham fekk sonen Isak. 20Isak var førti år gammal då han tok Rebekka til kone. Ho var dotter til aramearen Betuel frå Paddan-Aram og syster til aramearen Laban. 21Isak bad til Herren for kona si, for ho var barnlaus. Herren høyrde bøna hans, og Rebekka, kona hans, vart med barn. 22Men då borna slost med kvarandre inne i henne, sa ho: «Kvifor hender det meg noko slikt?» Og ho gjekk for å spørja Herren til råds. 23Herren sa til henne: «To folkeslag er i morslivet ditt, to folk skal skiljast før dei blir fødde. Det eine blir sterkare enn det andre, den eldste skal tena den yngste.» 24Då tida kom at ho skulle føda, var det tvillingar i morslivet hennar. 25Den første som kom, var raud og lòden som ein fell over heile kroppen. Dei kalla han Esau. 26Så kom broren; han heldt Esau i hælen med handa. Difor kalla dei han Jakob. Isak var seksti år gammal då dei vart fødde. 27Gutane voks opp, og Esau vart ein dugande jeger, ein mann som heldt til ute på marka. Jakob vart ein roleg mann som heldt seg ved telta. 28Isak elska Esau, for Isak åt gjerne kjøt av vilt; men Rebekka elska Jakob. 29Ein gong Jakob heldt på å koka suppe, kom Esau heim frå marka. Han var sliten. 30Esau sa til Jakob: «Skund deg, gjev meg noko å eta av det raude, det raude du har der, for eg er sliten!» Difor kalla dei han Edom. 31Men Jakob sa: «Først må du selja meg førstefødselsretten din!» 32Esau svara: «Sjå, eg held på å døy! Kva skal eg med førstefødselsretten?» 33«Sver på det først!» sa Jakob. Så svor han og selde førstefødselsretten sin til Jakob. 34Då gav Jakob han brød og linsesuppe. Han åt og drakk, reiste seg og gjekk. Slik viste Esau forakt for førstefødselsretten.

Les i nettbibelen

1Då Isak hadde vorte gammal og auga hans var for matte til å kunna sjå, kalla han til seg Esau, eldste son sin, og sa: «Son min!» Han svara: «Ja, her er eg.» 2Så sa han: «Sjå, eg har vorte gammal og veit ikkje når eg kjem til å døy. 3Ta no jaktutstyret ditt, pilkoggeret og bogen. Gå ut i marka og skyt noko vilt til meg! 4Lag nokre velsmakande retter, noko eg likar godt! Kom hit med dei og lat meg eta, så eg kan velsigna deg før eg døyr.» 5Rebekka lytta medan Isak tala til Esau, son sin. Så gjekk Esau ut i marka og ville skyta noko vilt som han kunne ta med seg heim. 6Då sa Rebekka til Jakob, son sin: «Høyr her! Eg høyrde at far din tala til Esau, bror din og sa: 7Hent noko vilt til meg og lag nokre velsmakande retter så eg kan eta! Så vil eg velsigna deg for Herrens andlet før eg døyr. 8Høyr no på meg, son min, og gjer som eg seier! 9Gå bort til småfeet og hent to fine kje, så skal eg laga til nokre velsmakande retter til far din, noko han likar godt. 10Dei skal du bera inn til far din så han kan eta og velsigna deg før han døyr.» 11Då sa Jakob til mor si, Rebekka: «Men Esau, bror min er lòden, medan eg er glatt. 12Kanskje far min kjenner på meg og finn ut at eg held han for narr, og så fører eg forbanning over meg i staden for velsigning.» 13«Den forbanninga skal eg ta på meg, son min», sa mora. «Høyr berre på meg og gå og hent kjea!» 14Han gjekk og henta kjea og kom til mor si med dei. Ho laga nokre velsmakande retter, slike som faren lika godt. 15Rebekka fann fram dei beste kleda til Esau, eldste sonen – dei låg i huset hennar – og kledde opp Jakob, yngste sonen, i dei. 16Skinna av kjea la ho om hendene og den glatte nakken hans. 17Så gav ho Jakob, son sin, dei velsmakande rettene og brødet som ho hadde laga til. 18Han gjekk inn til far sin og sa: «Far!» «Ja, son min», sa han, «kven er du?» 19Då sa Jakob til faren: «Eg er Esau, din førstefødde son. Eg har gjort det du sa til meg. Set deg no opp og et av viltet mitt, så du kan velsigna meg!» 20Isak sa til sonen: «Korleis kunne du finna noko så snøgt, son min?» Han svara: « Herren din Gud lét det springa rett imot meg.» 21Då sa Isak til Jakob: «Kom hit, son min, så eg kan få kjenna på deg om du er Esau, son min, eller ikkje!» 22Jakob gjekk bort til far sin så han fekk kjenna på han, og Isak sa: «Det er røysta hans Jakob, men hendene hans Esau.» 23Isak kjende han ikkje att, for hendene hans var lodne som hendene til Esau, bror hans. Og han velsigna han. 24Så spurde han: «Er du verkeleg Esau, son min?» Jakob svara: «Ja, det er eg.» 25Då sa Isak: «Set maten fram for meg. Eg vil eta av viltet til son min så eg kan velsigna deg!» Jakob sette maten fram for han, og han åt. Han kom òg med vin til han, og han drakk. 26Så sa Isak: «Kom hit og kyss meg, son min!» 27Han gjekk fram og kyste han. Då kjende faren lukta av kleda hans. Han velsigna han og sa: «Kjenn, lukta av son min er lik lukta av ei eng som Herren har velsigna! 28Måtte Gud gje deg dogg frå himmelen, fruktbar jord og overmål av korn og ny vin! 29Folk skal tena deg, folkeslag bøya seg for deg. Ver herre over brørne dine, sønene til mor di skal bøya seg for deg. Forbanna er dei som forbannar deg, velsigna er dei som velsignar deg!» 30Med det same Isak hadde velsigna Jakob – han hadde berre så vidt gått ut frå far sin – kom Esau, bror hans, heim att frå jakta. 31Han òg laga nokre velsmakande retter og bar dei inn til far sin. «Far», sa han, «vil du ikkje stå opp og eta av viltet som son din kjem med, så du kan velsigna meg!» 32Isak, far hans, spurde: «Kven er du?» Han svara: «Eg er Esau, den førstefødde son din.» 33Då byrja Isak å skjelva, han skalv veldig og sa: «Kven var det då som kom til meg med noko vilt han hadde skote? Eg åt av det før du kom, og så velsigna eg han, så no er han velsigna.» 34Då Esau høyrde kva far hans sa, sette han i eit høgt skrik. Så sa han: «Velsigna meg òg, far!» 35Men han svara: «Bror din kom med svik og tok velsigninga di.» 36Då sa Esau: «Er det difor han heiter Jakob? No har han lurt meg to gonger. Han tok førstefødselsretten min, og no har han teke velsigninga mi òg.» Så sa han: «Har du ikkje ei velsigning til meg òg?» 37Isak svara Esau: «No har eg sett han til herre over deg, og alle brørne hans har eg gjort til tenarar for han. Eg har sytt for korn og ny vin til han. Kva kan eg då gjera for deg, son min?» 38«Far, har du berre éi velsigning?» sa Esau. «Velsigna meg òg, far!» Og Esau gret høgt. 39Då sa Isak til han: «Sjå, langt borte frå fruktbar jord skal du bu, der inga dogg fell frå himmelen. 40Av sverd skal du leva, og bror din skal du tena. Men når du riv deg laus, skal du kasta åket hans av nakken.» 41Esau la Jakob for hat på grunn av velsigninga som far hans hadde gjeve han. Og Esau sa i hjartet sitt: «Snart kjem dagane då vi skal sørgja over far min. Då skal eg drepa Jakob, bror min.» 42Rebekka fekk vita kva Esau, eldste son hennar, hadde sagt. Då sende ho bod etter Jakob, yngste son sin, og sa til han: «Høyr! Esau, bror din, vil hemna seg på deg og drepa deg. 43Høyr no på meg, son min! Røm straks til Laban, bror min, i Harran! 44Ver hos han nokre dagar til harmen har gått av bror din, 45til vreiden hans har vendt seg frå deg og han har gløymt det du gjorde mot han! Då skal eg senda bod og henta deg derifrå. Kvifor skulle eg mista dykk begge på ein og same dagen?» 46Rebekka sa til Isak: «Desse hetittkvinnene tek livet av meg. Dersom Jakob tek seg ei slik hetittkvinne til kone, ei kvinne frå dette landet, kva skal eg då leva for?»

Les i nettbibelen

1Då kalla Isak Jakob til seg. Han velsigna han og gav han denne formaninga: «Du skal ikkje ta deg ei kone blant kvinnene i Kanaan! 2Dra straks til Paddan-Aram, til huset åt Betuel, morfar din! Der skal du ta deg ei kone blant døtrene til Laban, morbror din. 3Måtte Gud, Den veldige, velsigna deg og gjera deg fruktbar og talrik så du blir til ei forsamling av mange folk. 4Måtte han gje deg og ætta di Abrahams velsigning så du kan ta i eige det landet du bur i som innflyttar, landet som Gud gav Abraham.» 5Så sende Isak Jakob i veg, og han drog til Paddan-Aram, til aramearen Laban, son til Betuel. Han var bror til Rebekka, mor til Jakob og Esau. 6Esau skjøna at Isak hadde velsigna Jakob og sendt han til Paddan-Aram for å ta seg ei kone der. Han hadde velsigna han og gjeve han denne formaninga: «Du skal ikkje ta deg ei kone blant kvinnene i Kanaan.» 7Jakob hadde høyrt på far sin og mor si og reist til Paddan-Aram. 8Då skjøna Esau at Isak, far hans, såg med motvilje på dei kanaaneiske kvinnene. 9Han gjekk til Ismael og tok Mahalat til kone ved sida av dei andre konene sine. Ho var dotter til Ismael, son til Abraham, og syster til Nebajot. 10Jakob drog frå Beer-Sjeba og tok vegen mot Harran. 11Han kom fram til ein stad der han vart verande natta over, for sola hadde gått ned. Han tok ein av steinane på staden og la han under hovudet. Så la han seg til å sova. 12Då hadde han ein draum: Sjå, ein stige var reist på jorda, og toppen nådde opp til himmelen. Og sjå, Guds englar gjekk opp og gjekk ned på han. 13Då stod Herren framfor han. Han sa: «Eg er Herren, Gud til far din, Abraham, og Isak. Den jorda du ligg på, vil eg gje til deg og di ætt. 14Ætta di skal bli som støvet på jorda. Du skal breia deg ut mot vest og aust, mot nord og sør, og i deg og di ætt skal alle slekter på jorda velsignast. 15Sjå, eg vil vera med deg og verna deg kvar du enn går, og føra deg tilbake til dette landet. For eg skal ikkje gå frå deg, men gjera det eg har lova deg.» 16Då vakna Jakob av søvnen og sa: «Sanneleg, Herren er på denne staden, og eg visste det ikkje!» 17Han vart redd og sa: «Kor skremmeleg denne staden er! Dette må vera Guds hus, her er porten til himmelen.» 18Om morgonen stod Jakob tidleg opp. Han tok steinen han hadde hatt under hovudet, og reiste han som ei støtte. Så helte han olje over han. 19Han kalla staden for Betel. Men tidlegare heitte byen Lus. 20Så gav Jakob denne lovnaden: «Om Gud er med meg og vernar meg på vegen der eg går, om han gjev meg brød å eta og klede å ha på meg 21og lèt meg venda attende til farshuset mitt i fred, då skal Herren vera min Gud. 22Denne steinen, som eg har reist som ei støtte, skal vera Guds hus. Av alt du gjev meg, skal eg gje deg tiend.»

Les i nettbibelen

1Så dro Jakob videre og kom til landet der folkene i øst bor. 2Da fikk han øye på en brønn på marken og tre saueflokker som lå omkring den; for fra den brønnen ga de buskapen vann. Over åpningen lå det en stor stein. 3Når alle flokkene var samlet der, veltet de steinen bort fra brønnåpningen og lot småfeet drikke. Så la de steinen på plass igjen. 4Jakob spurte gjeterne: «Hvor er dere fra, brødre?» «Vi er fra Harran», sa de. 5Så spurte han: «Kjenner dere Laban, sønn av Nahor?» De svarte: «Ja, vi kjenner ham.» 6«Står det bra til med ham?» spurte Jakob. «Ja, det gjør det», svarte de. «Se, der kommer Rakel, datteren hans, med småfeet!» 7Da sa han: «Det er jo ennå høylys dag, det er for tidlig å samle buskapen. La småfeet få drikke, og gå med dem på beite!» 8De svarte: «Det klarer vi ikke før alle flokkene er samlet, så vi får rullet steinen bort fra brønnen. Da kan vi gi småfeet vann.» 9Mens han ennå snakket med dem, kom Rakel med småfeet til faren, for det var hun som gjette. 10Da Jakob fikk se Rakel, datter til morbroren Laban, komme med småfeet hans, gikk han fram, veltet steinen fra brønnåpningen og lot småfeet til morbroren få drikke. 11Så kysset han Rakel og brast i gråt. 12Jakob fortalte henne at han var i slekt med faren hennes, og at han var sønn av Rebekka. Da sprang Rakel hjem og fortalte dette til faren. 13Med det samme Laban fikk høre om Jakob, søstersønnen sin, sprang han imot ham, omfavnet ham og kysset ham og tok ham med seg hjem. Og Jakob fortalte ham alt det som hadde hendt. 14Da sa Laban til ham: «Du er jo av samme bein og kjøtt som jeg!» Så ble Jakob hos ham en måneds tid.

Les i nettbibelen