Jesaja

Det var i det året då kong Ussia døydde.
Jesaja sat i tempelet i Jerusalem.
Han tenkte på kor usikkert alt var.
Det var krig på alle kantar,
og flyktningar som trong hjelp.
Kva ville skje no når kongen var død?
Ville framande erobre landet?
Ville dei bli flyktningar sjølve?
Jesaja var redd for landet sitt og for framtida.

Han var ein vanleg mann,
men kanskje ikkje så vanleg likevel.
Mens han sat der, kom Gud til han.
Gud trøysta han og lét han sjå
eit glimt av korleis det er i himmelen.
Der såg han Gud sitje som konge på trona,
mens englane song så vakkert
at dørtersklane rista.

Jesaja tenkte der han sat i tempelet,
at himmelen og han var to forskjellige ting.
Han tenkte at i himmelen var det gode og reine,
mens i han og rundt han var det ufred og mykje vondt.
Og likevel blei han trøysta.
For sjølv om kongen over landet var død,
hadde Jesaja sett at Gud sat på trona,
at kongen over alle kongar ikkje hadde forlate dei.

Då kjende han at nokon rørte ved munnen hans.
«Vil du tale orda mine til folket?» sa Gud.
«Ja!» sa Jesaja. «Send meg til dei!»
«Dei kjem ikkje til å høyre på deg», sa Gud,
«men du skal gå likevel.
Dei vil ikkje skjøne kva du seier,
men du skal tale likevel.
Eg vil vere med deg.»

Jesaja lurte på korleis det kom til å bli,
om det kom til å gå bra med folket i framtida,
sjølv om dei ikkje høyrde på Gud.
Gud sa at det kom til å gå med dei
på same måten som med eit tre i skogen
når det blir hogge ned: Berre ein stubbe står igjen.
«Men frå den stubben skal det skyte ein kvist,
og treet skal vekse igjen», sa Gud.

Då forstod Jesaja at det var håp for framtida.
Han gjekk ut i Jerusalem og talte ord frå Gud.
Jesaja var blitt Guds profet.

Les historia i Bibelen

1I det året då kong Ussia døydde, såg eg Herren sitja på ei høg og opphøgd trone, og kanten på kappa hans fylte tempelet. 2Serafar stod andsynes han. Kvar av dei hadde seks venger. Med to dekte dei andletet, med to dekte dei føtene, og med to flaug dei. 3Dei ropa til kvarandre: «Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot. Heile jorda er full av hans herlegdom.» 4Røysta som ropa, fekk boltane i dørtersklane til å rista, og huset vart fylt av røyk. 5Då sa eg: «Ve meg! Det er ute med meg. For eg er ein mann med ureine lepper, og eg bur i eit folk med ureine lepper, og auga mine har sett kongen, Herren over hærskarane.» 6Då flaug ein av serafane bort til meg. I handa hadde han ei glo som han hadde teke med ei tong frå altaret. 7Med den rørte han ved munnen min og sa: «Sjå, denne har rørt ved leppene dine. Di skuld er borte, og di synd er sona.» 8Då høyrde eg Herrens røyst. Han sa: «Kven skal eg senda, og kven vil gå for oss?»Eg sa: «Eg! Send meg!» 9Han sa: «Gå og sei til dette folket: De skal høyra og høyra, men ikkje forstå, sjå og sjå, men ikkje skjøna! 10Gjer hjartet til dette folket feitt, gjer øyra tunge og klin auga att, så dei ikkje kan sjå med auga, ikkje høyra med øyra, ikkje forstå med hjartet og ikkje venda om og bli lækte!» 11Då sa eg: «Kor lenge, Herre?» Han sa: «Til byane ligg aude utan folk og husa er utan menneske og landet ligg audt, ei øydemark.» 12Og Herren skal senda menneska langt bort, audt og forlate skal landet bli. 13Er det enno att ein tiandedel, skal den òg brennast opp som når ei eik eller terebinte blir felt og berre ein stubbe står att. Den stubben er ei heilag ætt.

Les i nettbibelen