Jona

Jona var profet og talte ord frå Gud.
Det var ei oppgåve han ikkje alltid likte like godt.
Ein dag sa Gud til han: «Gå til Ninive!
Rop ut over byen at eg ser vondskapen deira.»

Det ville ikkje Jona gjere.
Folk i Ninive var fiendar med folket hans.
Dersom han kom dit med dårleg nytt,
kva ville folk i Ninive gjere mot han?
Kaste han i fengsel? Drepe han?

Han sa ikkje nei til Gud,
men han prøvde å snike seg unna.
Han kom seg ut av byen
og håpa at Gud ikkje såg at han reiste til kysten.
Der fann han eit skip og blei med ut på havet.

Han gøymde seg djupt under dekk og sovna.
Han merka ikkje at det bles opp til storm.
Han kjende ikkje at bølgjene blei sterkare og sterkare,
at dei kasta skipet fram og tilbake,
at dei var nær ved å knuse det.

Mannskapet ropte til gudane om hjelp.
Dei fann Jona under dekk og rista han vaken:
«Ser du ikkje at vi held på å gå under?
Du må òg be til guden din om nåde!»

Dei kasta ut all overflødig last.
Jona sa: «Stormen vil ikkje stilne
før de kastar meg i havet.
Denne stormen er mi skuld.»

Så kasta dei Jona over bord,
og sjøen blei stille.
Han sokk i djupet
og blei slukt av ein stor fisk.

I tre dagar og tre netter
låg han i mørket,
nesten død.

Då bad han til Gud.
Han ropte om hjelp.
Og Gud høyrde.

Den tredje dagen blei han spytta på land.
Han trekte inn frisk luft og lukta av grønt gras.

Gud sa igjen: «Gå til storbyen Ninive!»
Då reiste Jona seg og gjekk dit Gud ville.

Eit stykke inne i byen ropte han ut:
«Høyr! Om førti dagar skal Ninive bli øydelagd!»
Folk høyrde, og dei angra det dei hadde gjort.
Sjølv kongen angra og bad til Gud.
Han baud at alle, både menneske og dyr,
skulle faste og be til Gud om å spare byen.

Gud høyrde. Gud skåna byen.
Men Jona blei skuffa og ropte: «Kvifor?
Berre folk ber til deg, så er du god mot dei!
Kva vil dei tenkje om meg som profet
når profetien ikkje blir oppfylt?»

Han klaga mens han sat i skuggen av ein busk.
Gud sende ein makk som stakk busken.
Busken visna, sola stakk Jona i hovudet, og han ropte:
«Kvifor? Eg vil heller døy enn leve!»

Då sa Gud: «Ville du at eg skulle redde busken?
Kva då med heile storbyen Ninive,
der menneske og dyr roper

Les historia i Bibelen

1Herrens ord kom til Jona, son til Amittai: 2«Stå opp, gå til storbyen Ninive og rop ut over byen at vondskapen deira har stige opp for mitt andlet.» 3Då stod Jona opp for å rømma til Tarsis, bort frå Herren. Han drog ned til Jaffa og fann eit skip som skulle til Tarsis. Så betalte han for ferda og gjekk ned i båten. Han ville vera med til Tarsis, bort frå Herren. 4Men Herren kasta ein mektig vind ned over havet, og stormen vart så hard at skipet heldt på å bli knust. 5Sjøfolka vart redde, og kvar mann ropa til sin gud. Lasta som var om bord, kasta dei på sjøen så skipet skulle letna. Men Jona hadde gått ned under dekk og lagt seg og låg i djup søvn. 6Kapteinen kom bort til han og sa: «Kva er det med deg? Søv du? Stå opp og rop til guden din! Kanskje guden vil hugsa på oss så vi ikkje går under.» 7Mennene sa til kvarandre: «Lat oss kasta lodd, så vi kan få vita kven som er skuld i at denne ulukka har ramma oss!» Dei kasta lodd, og loddet fall på Jona. 8Då sa dei til han: «Sei oss no kven som er skuld i at denne ulukka har ramma oss! Kva slags arbeid har du? Kvar kjem du frå? Kva for eit land er du frå? Og kva for eit folk høyrer du til?» 9Han svara: «Eg er hebrear og fryktar Herren, Gud i himmelen, som har skapt havet og det tørre landet.» 10Då vart sjømennene gripne av stor redsle. Dei sa til han: «Kva er det du har gjort!» For dei visste at han hadde rømt bort frå Herren. Det hadde han fortalt dei. 11«Kva skal vi gjera med deg», sa dei, «så havet kan falla til ro omkring oss?» For stormen på havet vart sterkare og sterkare. 12Han svara: «Lyft meg opp og kast meg i havet, så skal det halda opp med å rasa! For eg veit at det er mi skuld at den sterke stormen har råka dykk.» 13Mennene rodde på for å koma til lands att, men dei greidde det ikkje. For det storma sterkare og sterkare imot dei på havet. 14Då ropa dei til Herren: « Herre! Lat ikkje oss gå under fordi denne mannen mistar livet. Lat ikkje skuldlaust blod koma over oss. For du, Herre, har gjort som du ville.» 15Så lyfte dei Jona opp og kasta han på sjøen. Då heldt havet opp å rasa og vart stilt. 16Mennene vart gripne av stor frykt for Herren. Dei ofra slaktoffer til Herren og gav lovnader. 1Herren sende ein stor fisk for å sluka Jona, og Jona var i buken på fisken i tre dagar og tre netter. 2Jona bad til Herren sin Gud frå buken på fisken. 3Han sa: Eg kalla på Herren i mi naud, og han svara meg. Eg ropa om hjelp frå djupaste dødsriket, og du høyrde meg. 4Du kasta meg i djupet midt ute på havet, straumen omgav meg. Alle dine brot og bølgjer slo over meg. 5Eg tenkte: Eg er driven bort frå dine auge. Skal eg aldri meir få lyfta blikket mot ditt heilage tempel? 6Vatnet lukka seg om strupen, djupet kringsette meg, sivet vikla seg om hovudet. 7Til foten av fjella sokk eg ned. Bommane til portane på jord slo att bak meg for alltid. Men du, Herre, min Gud, førte meg levande opp or grava. 8Då livet mitt svann bort, hugsa eg på Herren, og bøna mi nådde til deg, til ditt heilage tempel. 9Dei som held seg til vind og fåfengd, har svikta sin kjærleik. 10Men eg vil ofra til deg med takkesong. Det eg har lova, vil eg halda. Frelsa kjem frå Herren. 11Då tala Herren til fisken, og han spydde Jona opp på tørt land. 1Herrens ord kom til Jona andre gongen: 2«Stå opp og gå til storbyen Ninive! Den bodskapen eg gjev deg, skal du ropa ut over byen.» 3Jona stod opp og gjekk til Ninive, som Herren hadde sagt. Men Ninive var ein stor by for Gud, tre dagsreiser lang. 4Jona byrja å gå innover i byen, og då han hadde gått ei dagsreise, ropa han: «Enno førti dagar, og så skal Ninive bli øydelagd!» 5Då trudde folket i Ninive på Gud. Dei ropa ut ei faste og kledde seg i sekkestrie, både store og små. 6Då kongen av Ninive fekk høyra om dette, reiste han seg frå tronstolen og tok av seg kongekappa. Han kledde seg i sekkestrie og sette seg i oske. 7Han lét ropa ut i Ninive: «Etter påbod frå kongen og stormennene hans: Ingen, korkje menneske eller dyr, storfe eller småfe, må smaka noko som helst. Dei skal ikkje beita og ikkje drikka vatn. 8Dei skal kle seg i sekkestrie, både menneske og dyr, og ropa til Gud av all makt. Kvar og ein skal venda om frå sin vonde veg og sine overgrep. 9Kven veit, kan henda vil Gud snu om og angra og venda seg bort frå den brennande vreiden sin, så vi ikkje går under.» 10Gud såg det dei gjorde, at dei vende om frå sin vonde veg. Då angra Gud på det vonde han hadde sagt han ville gjera mot dei, og han gjorde det ikkje. 1Men det lika Jona ille, og han vart sint. 2Han bad til Herren: « Herre! Var det ikkje det eg sa då eg var i mitt eige land? Difor ville eg skunda meg og flykta til Tarsis. For eg veit at du er ein nådig og mild Gud. Du er sein til vreide og rik på miskunn, så du angrar ulukka. 3Men no, Herre, kan du ta livet mitt! For eg vil heller døy enn leva.» 4Då sa Herren: «Er du verkeleg så sint?» 5Jona hadde gått ut or byen og slege seg ned austafor han. Der hadde han laga seg ei lauvhytte og sett seg i skuggen av hytta for å sjå korleis det gjekk med byen. 6Då lét Herren Gud ein ricinus-busk veksa opp over Jona og kasta skugge over hovudet hans så han kunne bli kvitt mismotet. Jona gledde seg storleg over busken. 7Men ved daggry morgonen etter sende Gud ein makk som stakk busken så han visna. 8Då sola rann, sende Gud ein brennande austavind. Sola stakk Jona i hovudet så han mest svima av. Han ønskte at han måtte få døy, og sa: «Eg vil heller døy enn leva.» 9Då sa Gud til Jona: «Er du verkeleg så sint på grunn av ricinus-busken?» Han svara: «Eg er så sint at eg kunne døy.» 10Herren sa: «Du hadde omsorg for ricinus-busken, som du ikkje har hatt noko strev med og ikkje fått til å veksa, som kom til på ei natt og vart øydelagd på ei natt. 11Skulle ikkje eg ha omsorg for storbyen Ninive, der det er meir enn tolv gonger ti tusen menneske som ikkje veit skilnad på høgre og venstre, og der det òg er ei mengd med dyr?»

Les i nettbibelen