Jesus i krybba

Keisaren i Roma hadde erobra nesten heile verda.
Også landet Israel var ein del av Romarriket.
No befalte keisaren at alle skulle skrivast inn i manntal
på den staden slekta deira var frå.
Han ville telje kor mange han herska over.
Mange måtte leggje ut på vandring.

Josef og Maria var på veg mot Betlehem.
Denne reisa var tvungen på dei.
Magen til Maria var stor og tung,
ho skulle snart føde.
Josef hjelpte henne det han kunne.
Då dei endeleg kom til Betlehem,
fann dei ingen stad der dei kunne overnatte.

«Vi må få komme inn ein stad», sa Josef,
«ho kan ikkje føde ute i natt!»
Dei fekk plass i ein stall,
i ei hòle for esel og oksar.

Den natta blei barnet født.
Han skreik det første skriket
og sovna mett ved brystet til Maria.
Ho la han i ei krybbe.

Borte på beitemarka skein eit lys.
Det var ein engel som strålte så sterkt
at gjetarane som passa sauene sine der, blei redde.
Men engelen sa til dei:
«Ikkje ver redde!
I dag er frelsaren fødd!
Han ligg i ei krybbe.»

Plutseleg var det ein hærskare av englar
som lyste opp himmelen og song:
«Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blant menneske Gud har glede i!»

Då englane forsvann, skunda gjetarane seg av stad.
Dei fann Maria og Josef og det vesle barnet i krybba.
Dei fortalde om det som hadde skjedd på beitemarka.

Alt englane hadde sagt til dei, stemte.
Så gjekk gjetarane glade frå stallen mens dei song, dei òg.

Maria gøymde alt som blei sagt, i hjartet sitt,
og tenkte på det.
Og Josef la kappa si om henne og barnet.

Fargeleggingsark til gratis nedlastning

Les historia i Bibelen

1I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. 2Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. 3Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet. 4Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt 5og skulle skriva seg der saman med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn. 6Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, 7og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei. 8Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta. 9Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. 10Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: 11I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. 12Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» 13Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song: 14«Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!» 15Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.» 16Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. 17Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. 18Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde. 19Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det. 20Og gjetarane vende attende. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.

Les i nettbibelen

Lærerveiledning for grunnskolen


Er du lærer? Vi sender deg lærerveiledning for Juleevangeliet på e-post helt gratis. Tidslinjen i skolen er en digital læringsressurs med undervisningsopplegg tilpasset læreplanverket for grunnskolen. Opplegget har kompetansemål knyttet i hovedsak til fagene KRLE, norsk og kunst og håndverk.
Send e-post og mottta PDF