Koparslangen

Israelsfolket var på veg gjennom ørkenen
mot landet som Gud hadde lova dei.
Dei var frie.

Men reisa var lang, og etter kvart blei dei leie.
Dei var svoltne.
Dei klaga til Moses og sa:
«Om vi berre hadde fått døy i Egypt
då vi sat omkring kjøtgrytene og åt oss mette!
No må vi døy av svolt her i ørkenen!»

Moses bad til Gud om hjelp,
og Gud lova å sørgje for dei.
Då det blei kveld,
kom vaktlar flygande inn i leiren,
det var små, tjukke hønsefuglar.
Folk fanga dei og steikte dei.
Og då det blei morgon,
låg det eit lag med dogg rundt leiren.
Då doggen forsvann, var ørkenen dekt av eit slags rim.

«Kva er det?» spurde folk.
«Det er brød frå himmelen», sa Moses.
«Ta så mykje de treng!»
Rimet var kvitt og kornete
og smakte som tynne, søte kaker.
Kva det var, visste dei ikkje.
Kvar morgon fekk dei
den maten dei trong.

Men etter ei stund klaga folket igjen.
«Vi er tørste», sa dei til Moses.
«Kvifor har du ført oss ut av Egypt
berre for at vi skal døy av tørst?»

Moses ropte til Gud om hjelp.
Gud bad han løfte staven sin
og slå på klippa han stod ved.Moses gjorde det, og vatnet fløymde.
Alle fekk drikke seg utørste.

Men etter ei tid blei folket leie igjen.
Dei klaga til Gud og Moses og sa:
«Kvifor førte de oss ut frå Egypt
for å døy i ørkenen?
Vi er skikkeleg leie av
denne elendige maten.»

Då lét Gud giftslangar komme til leiren.
Slangane snodde seg inn i telta,
dei beit folk, og mange døydde.

Då angra folk på kva dei hadde sagt,
og trygla om at slangane måtte forsvinne.
Og Moses bad for folket.

Gud sa til Moses: «Lag ein slange i kopar!
Alle som blir bitne av giftslangane,
skal sjå opp på koparslangen,
og då skal dei få leve.»

Moses gjorde som Gud hadde sagt;
han laga ein koparslange
og sette han på ei stong.
Når nokon blei bitne av ein slange,
såg dei opp på koparslangen,
og då fekk han eller ho leve.
Slik blei dei redda.

Les historia i Bibelen

1Kanaanearkongen som budde i Arad i Negev, fekk høyra at Israel gjekk fram på vegen til Atarim. Han gjekk til åtak på Israel og tok nokre av dei til fange. 2Då gav Israel denne lovnaden til Herren: «Gjev du dette folket i våre hender, skal vi slå byane deira med bann og utsletta dei.» 3Herren høyrde Israels bøn og gav kanaanearane i deira hender. Og dei slo både kanaanearane og byane deira med bann og utsletta dei. Difor fekk staden namnet Horma. 4Så braut dei opp frå Hor-fjellet og tok vegen mot Sivsjøen. For dei ville gå utanom Edom-landet. Men på vegen vart folket utolmodig 5og tok til orde mot Gud og mot Moses: «Kvifor førte de oss ut frå Egypt for å døy i ørkenen? Her finst det korkje brød eller vatn, og vi er inderleg leie av denne elendige maten.» 6Då sende Herren serafslangar inn mellom folket. Dei beit israelittane, og mange av dei døydde. 7Folket kom til Moses og sa: «Vi synda då vi tok til orde mot Herren og mot deg. Bed Herren at han må ta slangane bort frå oss!» Og Moses bad for folket. 8Då sa Herren til han: «Lag deg ein serafslange og set han på ei stong! Alle som blir bitne, skal sjå opp på han. Då skal dei leva.» 9Moses laga ein koparslange og sette han på stonga. Og når nokon vart biten av ein slange og såg på koparslangen, fekk han leva.

Les i nettbibelen