Kvinnene ved grava

Tre dagar hadde gått sidan Jesus blei krossfesta.
Det var tidleg om morgonen.
Lufta var framleis litt kjølig.
Fuglane song og ønskte dagen velkommen.

Nokre kvinner kom med krukker i hendene.
Dei var på veg mot grava til Jesus.
Det var salver i krukkene; dei ville smørje den døde kroppen.
Det rann tårer nedover kinna deira, for dei sakna han djupt.
Jesu kropp låg i ei hòle i ein hage,
med ein stor stein framfor opninga.
Korleis skulle dei få rulla bort steinen?

Plutseleg lyste heile hagen opp.
Det likna eit lyn, men det var ein engel.
Jorda skalv.
Engelen rulla vekk steinen og sette seg på han.
Så sa han til kvinnene:
«Ver ikkje redde! De leiter etter Jesus?
Han er ikkje her, han er stått opp!»

Då kikka dei forskrekka inn i grava.
Kleda låg der, men den døde var borte.
Dei hadde sett han bli teken ned frå krossen,
stiv, bleik og død, og dei hadde gråte høgt.
Kva hadde skjedd der inne i mørket?
Kvar var han?
Engelen sa: «Skund dykk av stad til læresveinane!
Fortel at Jesus ventar på dei heime i Galilea.»

Kvinnene kunne ikkje tru sine eigne auge.
Dei kunne ikkje tru sine eigne øyre.
Men då dei gjekk av stad,
stod Jesus framfor dei. Lys levande.

«Ikkje ver redde lenger!» sa han.
«Eg har vunne over døden.»

Last ned gratis fargeleggingsark

Les historia i Bibelen

1Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava. 2Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han. 3Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. 4Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde. 5Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste. 6Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! 7Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.» 8Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane. 9Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han. 10Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.»

Les i nettbibelen

Gratis undervisningsmateriell for påske


Er du lærer i skolen? Vi sender deg undervisningsmateriell for skole, med lærerveiledning for påske på e-post helt gratis. Opplegget har kompetansemål knyttet i hovedsak til fagene KRLE og norsk.
Send e-post og motta PDF