Gud kallar Moses

Moses voks opp som prins i Egypt,
men han visste at han var frå slavefolket,
Israels folk.
Han såg korleis folket
blei tvinga til å arbeide.
Ein gong såg han ein slavedrivar
som piska og mishandla ein av Israels folk.
Då slo Moses slavedrivaren i hel.

Etterpå flykta han ut i ørkenen
og fann ein brønn.
Her hjelpte han nokre unge jenter
å gi dyra vatn
og jaga bort nokre gjetarar som plaga dei.
Jentene tok Moses med heim til telta sine.

Hos familien fekk han mat,
og han fekk bu hos dei.
Han blei gift med ei av jentene
og fekk ein son.
Åra som prins på slottet til farao var borte,
no gjette han geiter
og blei kjend med ørkenlivet.

Ein dag kom han til Guds fjell, Sinai.
Der flamma det ein eld opp
av ein tornebusk.
Han såg, og sjå! – busken brann ikkje opp!

Han gjekk nærmare, men blei stansa.
Ut frå tornebusken høyrde han ei stemme:
«Moses! Ikkje kom nærmare!»
Då stansa Moses og sa: «Her er eg.»

«Ta av deg på føtene», sa stemma,
«for jorda du står på, er heilag grunn.»
«Kven er du?» sa Moses, barbeint på fjellet.

Tornebusken brann, og stemma sa:
«Eg er Abrahams, Isaks og Jakobs Gud.»
Då skjulte Moses ansiktet;
han var redd for å sjå Gud.

Gud sa: «Eg har sett korleis folket mitt lir,
eg har høyrt skrika når dei blir piska.
Eg vil ta dei ut av hendene til egyptarane
og føre dei til eit godt og vidstrekt land.»

Han høyrde flammar som knitra,
og ei klar stemme.
«Gå no, Moses! Eg sender deg til farao.
Du skal føre folket ut av Egypt.»

Les historia i Bibelen

1Moses gjette småfeet til Jetro, svigerfar sin, presten i Midjan. Ein gong han dreiv feet over til den andre sida av ørkenen, kom han til Guds fjell, Horeb. 2Då synte Herrens engel seg for han i ein flammande eld som slo opp frå ein tornebusk. Han såg, og sjå! – busken sto i lys loge, men han vart ikkje tært opp av elden. 3Og Moses sa: «Eg vil gå bort og sjå dette mektige synet. Kvifor brenn ikkje tornebusken opp?» 4Men då Herren såg at han kom bort for å sjå, ropa Gud til han frå tornebusken: «Moses, Moses!» Han svara: «Her er eg.» 5Og Gud sa: «Kom ikkje nærare! Ta skorne av føtene! For staden du står på, er heilag grunn.» 6Så sa han: «Eg er din fars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud.» Då gøymde Moses andletet, for han var redd for å sjå Gud. 7Herren sa: «Eg har sett nauda til mitt folk i Egypt og har høyrt skrika deira under slavedrivarane. Eg kjenner deira smerte. 8Eg har stige ned for å fria dei ut av hendene på egyptarane og føra dei opp frå dette landet og inn i eit godt og vidt land, inn i eit land som fløymer med mjølk og honning, staden der kanaanearane og hetittane, amorittane og perisittane, hevittane og jebusittane bur. 9For no har skriket frå israelittane nådd meg, og eg har òg sett kor hardt egyptarane undertrykkjer dei. 10Gå no! Eg sender deg til farao. Du skal føra folket mitt, israelittane, ut frå Egypt.»

Les i nettbibelen