Sivsjøunderet

Etter at Israels folk hadde reist
frå slaveriet i Egypt,
angra farao på at han hadde late dei reise.
Då han fekk vite at dei låg i leir ved Sivsjøen
med ørkenen bak seg og havet framfor seg,
sette han etter dei med hestar og vogner.

Soldatane skulle tvinge slavane tilbake.
Ei sky av støv steig opp frå vognhjula,
og hæren kom nærmare og nærmare.

Då folket såg støvskya
og skjønte kva som var i ferd med å skje,
blei dei redde og ropte: «Moses!
Fanst det ikkje graver nok til oss i Egypt?
Kvifor tok du oss med for å døy i ørkenen?»
Men Moses roa dei: «Ver ikkje redde!
I dag skal Herren kjempe for dykk.»

Han stilte seg opp framfor havet og lytta.
Gud talte til han: «Løft staven din opp,
rekk han ut over havet og del det,
så folket kan gå tørrskodd til den andre sida.»

Gud heldt egyptarane tilbake i eit mørke,
mens Moses strekte staven ut over vatnet.
Ein sterk vind bles så havet blei til tørt land.
Vatnet stod som ein mur på begge sider,
og heile folket gjekk tørrskodd gjennom havet.

Etter kvart oppdaga egyptarane flukta.
Dei følgde etter med vogner og hestar,
men Gud låste vognhjula så dei ikkje kom seg fram.
«Flykt!» ropte egyptarane. «Gud kjempar for dei!»

På den andre sida stod Moses og folket.
Gud sa: «Rekk staven din ut over havet på nytt.»
Då Moses gjorde det, kom vatnet tilbake.
Sjøen skylde over hestar og vogner
og ikkje éin i hæren til farao overlevde.

«Vi er blitt redda endå ein gong», song folket.
«Herren vår Gud er vår kraft og vår styrke.»

Les historia i Bibelen

1Herren sa til Moses: 2«Sei til israelittane at dei skal snu om og slå leir framfor Pi-Hahirot, mellom Migdol og havet! Framfor Baal-Safon, midt imot byen, skal de slå leir ved havet. 3Så kjem farao til å seia at israelittane har gått seg vill i landet, og at ørkenen har stengt dei inne. 4Eg vil gjera hjartet til farao ubøyeleg, så han set etter dei. Då skal eg visa min herlegdom på farao og heile hans hær. Og egyptarane skal kjenna at eg er Herren.» Dette gjorde israelittane. 5Då kongen i Egypt fekk melding om at folket hadde rømt, kom han og tenarane hans på andre tankar om folket. «Kva er det vi har gjort?» sa dei. «Vi lét israelittane dra frå slavearbeidet hos oss!» 6Så lét han spenna for vogna si og tok hæren med seg. 7Han tok 600 av dei beste vognene og elles alt som fanst av vogner i Egypt, og offiserar til kvar av dei. 8For Herren gjorde farao, kongen i Egypt, ubøyeleg i hjartet, så han sette etter israelittane. Men israelittane drog ut med lyft hand. 9Egyptarane sette etter dei med alle vognene, hestane og ryttarane og heile hæren til farao. Dei nådde dei att ved Pi-Hahirot, der dei låg i leir ved havet, framfor Baal-Safon. 10Då farao nærma seg, såg israelittane opp og fekk auge på egyptarane som kom etter dei. Dei vart gripne av stor redsle og ropa til Herren. 11Dei sa til Moses: «Fanst det ikkje graver nok i Egypt sidan du har ført oss ut i ørkenen for å døy? Kvifor har du gjort dette mot oss? Kvifor førte du oss ut frå Egypt? 12Var det ikkje det vi sa til deg i Egypt: Lat oss få vera i fred, vi vil arbeida for egyptarane! Det er betre for oss å arbeida for dei enn å døy i ørkenen.» 13Då sa Moses til folket: «Ver ikkje redde! Stå fast, så skal de få sjå at Herren frelser dykk i dag! For slik de ser egyptarane i dag, skal de aldri meir sjå dei. 14Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille.» 15Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du til meg? Sei til israelittane at dei skal dra vidare! 16Du skal lyfta staven din og retta handa ut over havet og kløyva det, så israelittane kan gå tørrskodde tvers igjennom havet. 17Sjå, eg gjer hjartet til egyptarane ubøyeleg, så dei set etter dei. Eg skal visa min herlegdom på farao og heile hans hær, på vognene og ryttarane hans. 18Egyptarane skal kjenna at eg er Herren når eg viser min herlegdom på farao og vognene og ryttarane hans.» 19Guds engel, som hadde gått føre Israels leir, bytte no plass og gjekk etter folket. Skysøyla som var framfor dei, flytte seg og stilte seg bak dei, 20så ho kom mellom leiren til egyptarane og leiren til israelittane. Og skya kom med mørker, men lyste likevel opp natta, så dei ikkje kom innpå kvarandre heile natta. 21Då rette Moses handa ut over havet, og Herren dreiv havet bort med ein sterk austavind, som bles heile natta, så havet vart til tørt land. Vatnet vart kløyvd, 22og israelittane gjekk tørrskodde tvers igjennom havet. Vatnet stod som ein mur til høgre og venstre for dei. 23Egyptarane sette etter dei med alle hestane, vognene og ryttarane til farao, og følgde etter dei midt ut i havet. 24Men ved morgonvakta såg Herren ned på leiren til egyptarane frå eldsøyla og skysøyla, og han skapte forvirring blant dei. 25Han låste hjula på vognene deira så det vart tungt for dei å koma seg fram. Då sa egyptarane: «Lat oss rømma for israelittane! For Herren kjempar for dei mot egyptarane.» 26Då sa Herren til Moses: «Rett handa ut over havet, så skal vatnet venda attende over egyptarane, over vognene og ryttarane deira!» 27Så rette Moses handa ut over havet, og ved morgongry vende vatnet attende. Egyptarane rømde rett imot det, og Herren støytte dei midt ut i havet. 28Vatnet vende attende og skylde over alle vognene og ryttarane i hæren til farao, som hadde følgt etter israelittane ut i havet. Ikkje ein mann overlevde. 29Men israelittane gjekk tørrskodde gjennom havet medan vatnet stod som ein mur til høgre og venstre for dei. 30Den dagen frelste Herren Israel frå handa til egyptarane. Israelittane såg at egyptarane låg døde på stranda. 31Då dei såg det storverket Herren hadde gjort mot egyptarane, frykta folket Herren, og dei trudde på Herren og på Moses, tenaren hans. 1Då song Moses og israelittane denne songen for Herren: Eg vil syngja for Herren, for han er høgt opphøgd; hest og ryttar kasta han i havet. 2Herren er mi kraft og min styrke, han har vorte mi frelse. Han er min Gud, han vil eg prisa, min fars Gud, han vil eg opphøgja.

Les i nettbibelen