Nattverden

Ute var det mørkt, inne var det lyst.
Lysa stod tende på bordet.
«No skal vi feire!» sa Jesus.
Dei åt påskemåltid saman,
dei song og løfta begera.

Då tok Jesus opp eit brød.
Han bad bordbøna og delte brødet, éin bit til kvar.
Dei trudde han skulle seie:
Dette skal minne dykk om brødet som blei bakt i all hast.
Brødet som folket vårt skulle ete på reisa
den natta dei stod klare til å dra bort frå slaveriet i Egypt.
Men han sa ikkje det. I staden sa han:
«Dette er min kropp. Eg gir han for dykk.»

Så løfta han opp begeret med vin.
Han bad bordbøna og gav kvar av dei litt å drikke.
Dei trudde han skulle seie:
Dette skal minne dykk om blodet frå lammet som blei slakta,
blodet som blei stroke på dørkarmane som eit teikn,
så døden gjekk forbi huset den natta folket reiste ut av Egypt.
Men han sa ikkje det. I staden sa han:
«Dette er mitt blod. Eg gir det for dykk.»

Alle læresveinane åt og drakk.
Jesus bad for dei og sa: «Bli i meg.»
Så var dei ferdige med måltidet.
Dei sløkte lysa og gjekk ut i natta saman.

Last ned gratis fargeleggingsark

Les historia i Bibelen

26Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til læresveinane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.» 27Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det! 28Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne. 29Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.»

Les i nettbibelen

1Herren sa til Moses og Aron i Egypt: 2Denne månaden skal vera nyttårsmånaden dykkar. Han skal vera den første månaden i året. 3Sei til heile Israels forsamling: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta eit lam, eitt til kvar huslyd. 4Men dersom huslyden er for liten til å eta opp eit lam, skal husfaren og den næraste naboen ta eitt i lag, alt etter kor mange dei er. De skal ikkje rekna fleire på kvart lam enn at alle blir mette. 5Lammet må vera eit årsgammalt vêrlam utan feil. De kan ta anten eit lam eller eit kje. 6De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels forsamling slakta det i skumringa. 7Så skal dei ta noko av blodet og stryka det på dei to dørstolpane og på bjelken over døra i dei husa der dei et det. 8Og kjøtet skal dei eta same natta. Det skal vera steikt over elden, og dei skal eta det med usyra brød og bitre urter. 9De må ikkje eta det rått eller kokt i vatn. Nei, det skal vera steikt over elden med hovud, føter og innvolar. 10De må ikkje la noko bli att til morgonen etter. Er det noko att om morgonen, skal de brenna det opp. 11Slik skal de eta det: Med kjortelen bunden om livet, skor på føtene og stav i handa. Et det i all hast! Det er påske for Herren. 12Denne natta skal eg gå gjennom Egypt og slå i hel alle førstefødde i landet, både menneske og dyr, og eg skal halda dom over alle gudane i Egypt. Eg er Herren. 13Men blodet skal vera det merket som syner kva for hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg gå forbi. Inga øydeleggjande plage skal råka dykk når eg slår Egypt. 14Sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk. De skal feira han som ei høgtid for Herren, de skal feira i slekt etter slekt. Det skal vera ei evig ordning.

Les i nettbibelen

Gratis undervisningsmateriell for påske


Er du lærer i skolen? Vi sender deg undervisningsmateriell for skole, med lærerveiledning for påske på e-post helt gratis. Opplegget har kompetansemål knyttet i hovedsak til fagene KRLE og norsk.
Send e-post og motta PDF