Den første påsken

Moses hadde fått i oppdrag frå Gud
å føre Israels folk ut av Egypt.
Han kom frå ørkenen og gjekk til slottet til farao.
I alle dei vakre hallane var han godt kjend.
Gull og blått glitra mot han mens han talte.
Sjølv stod han i gjetardrakt og sandalar.

«La folket mitt dra! Det er Herren Gud som taler»,
sa Moses der han stod framfor farao.
«Kven er Herren?» spurde farao surt.
«Kvifor skulle eg gi slepp på slavane mine?
Har dei for lite å gjere? Driv dei hardare!»

Alle slavedrivarane følgde ordren frå farao,
og Israels folk fekk det endå vanskelegare.
Moses sa til Gud: «Kvifor sende du meg?
No har vondt blitt verre, og det er mi skuld!»
«Nei», svarte Gud. «Farao skal lyde.»

Gud sende plager over Egypt, ti tunge landeplager.
Vatnet i Nilen blei til blod, og froskane myldra,
støvet blei til lus, og insekta sverma,
dyra døydde, og folk fekk store verkebyllar,
kornet blei slått ned av hagl, og grashoppene åt det,
og så breidde eit tett mørke seg over heile landet.

Farao bad Moses om at Gud skulle ta bort plagene.
Men kvar gong ei plage tok slutt, gjorde farao seg hard.
Han sa så det runga i hallene: «De får ikkje dra!»
Då den niande plaga tok slutt,
fekk folket framleis ikkje dra ut av landet.

Til slutt gjekk Moses til farao og sa:
«Gud seier at om vi ikkje får dra no,
skal alle førstefødde i Egypt døy.
Gjer ikkje hjartet ditt hardt, farao!»
Men farao ville ikkje høyre på det han sa.

Så gjekk Moses til Israelsfolket
og bad dei om å gjere seg klare.
«Gud seier: Slakt eit lam
og stryk blodet over dørkarmen.
Døden skal gå gjennom Egypt i natt.
Men når han ser blodet på dørkarmen dykkar,
vil han gå forbi.
Bak usyra brød og et det på reisa.
Denne natta skal vi dra ut av Egypt.»

Midt på natta høyrdest eit skrik over landet.

Alle dei førstefødde barna døydde,
frå den førstefødde hos farao på slottet
til den førstefødde hos fangen i fengselet,
også dei førstefødde dyreungane døydde.
Men Israels folk sat trygt i husa sine.
Blodet frå lammet draup frå dørkarmane.
Døden hadde gått forbi dei.

Den natta sende farao bod til Moses.
«Bryt opp og dra frå oss!»
Heile folket, alle små og store,
forlét Egypt og drog ut i ørkenen.

Gud sa til dei: «Gløym aldri denne natta.
I slekt etter slekt skal de feire påske
og glede dykk
og minnast den natta eg førte dykk ut i fridom.»

Les historia i Bibelen

1Sidan gjekk Moses og Aron til farao og sa: «Så seier Herren, Israels Gud: Lat folket mitt fara, så dei kan feira høgtid for meg i ørkenen!» 2«Kven er Herren?» spurde farao. «Skulle eg lyda han slik at eg lét folket fara? Eg kjenner ikkje Herren, og eg vil ikkje la Israel fara.» 3Dei sa: «Han som er Gud for hebrearane, har møtt oss. Lat oss få dra tre dagsreiser ut i ørkenen og ofra til Herren vår Gud, så han ikkje skal råka oss med pest eller sverd.» 4Då sa egyptarkongen til dei: «Moses og Aron, kvifor vil de halda folket borte frå pliktene? Gå tilbake til arbeidet dykkar!» 5Så sa farao: «Sjå kor talrikt folket har vorte i landet no. Og så vil de få dei til å leggja ned arbeidet!» 6Same dagen gav farao dette påbodet til slavedrivarane og oppsynsmennene for folket: 7«Heretter skal de ikkje gje folket halm til å laga murstein med, slik som før. Dei skal sjølve gå og sanka halm. 8Men de skal påleggja dei å laga same mengd med murstein som før og ikkje skjera ned. For dei er late, difor skrik dei: Lat oss dra og ofra til vår Gud! 9Legg tungt arbeid på mennene, så dei har nok å gjera og ikkje får tid til løgnaktig snakk!» 10Då gjekk slavedrivarane og oppsynsmennene ut og sa til folket: «Så seier farao: Eg gjev dykk ikkje halm. 11Gå sjølve og hent halm kvar helst de finn! Men det blir ikkje skore ned på arbeidsmengda.» 12Då spreidde folket seg ut over heile Egypt og sanka strå til halm. 13Slavedrivarane pressa på og sa: «Gjer arbeidet dykkar ferdig, fullt dagsverk kvar dag, som då de fekk halm!» 14Og dei vart slegne, dei oppsynsmennene som slavedrivarane til farao hadde sett over israelittane. Slavedrivarane sa: «Kvifor har de verken i går eller i dag fått ferdig den fastsette mengda med murstein, slik som før?» 15Då gjekk dei israelittiske oppsynsmennene og ropa til farao: «Kvifor gjer du dette mot tenarane dine? 16Tenarane dine får ikkje halm, likevel seier dei til oss: Lag murstein! Sjå, tenarane dine blir slegne, og det er ditt folk som har skulda.» 17Men farao sa: «Late er de, late! Difor seier de: Lat oss dra og ofra til Herren. 18Gå no og arbeid! Halm får de ikkje, og de skal koma med den fastsette mengda med murstein.» 19Dei israelittiske oppsynsmennene skjøna at dei var ille ute då det vart sagt: «De får ikkje skjera ned på den daglege mengda med murstein!» 20Då dei kom ut frå farao, møtte dei Moses og Aron, som stod og venta på dei. 21Dei sa til dei: «Måtte Herren sjå dykk og dømma dykk, for de har gjort oss fråstøytande i auga til farao og tenarane hans. De har lagt sverd i handa på dei så dei kan drepa oss.» 22Då vende Moses seg på nytt til Herren og sa: «Herre, kvifor har du handla vondt mot dette folket? Kvifor har du sendt meg? 23Frå den stund eg gjekk til farao for å tala i ditt namn, har han mishandla folket. Og du har ikkje gjort noko for å fria folket ditt ut!» 1Herren sa til Moses: «No skal du få sjå kva eg vil gjera med farao. Ei sterk hand skal tvinga han til å la dei gå, og ei sterk hand skal tvinga han til å driva dei ut av landet sitt.» 2Gud tala til Moses og sa: «Eg er Herren. 3Eg synte meg for Abraham, for Isak og for Jakob som Gud, Den veldige, men under namnet mitt Herren var eg ikkje kjend for dei. 4Og eg oppretta mi pakt med dei for å gje dei landet Kanaan, det landet dei budde i som innflyttarar. 5Eg har òg høyrt korleis israelittane stønnar fordi egyptarane har gjort dei til slavar, og eg kjem i hug pakta mi. 6Sei difor til israelittane: Eg er Herren. Eg vil føra dykk bort frå tvangsarbeidet i Egypt og fria dykk frå slaveriet. Eg vil fria dykk ut med utstrekt arm og med store straffedommar. 7Eg vil ta dykk til mitt folk og vera dykkar Gud. Då skal de kjenna at eg er Herren dykkar Gud, som fører dykk bort frå tvangsarbeidet i Egypt. 8Og eg vil føra dykk til det landet som eg med lyft hand lova Abraham, Isak og Jakob. Eg vil gje dykk det til eige. Eg er Herren.» 9Slik tala Moses til israelittane. Men dei høyrde ikkje på Moses, for dei var motlause på grunn av det harde arbeidet. 10Då sa Herren til Moses: 11«Gå og sei til farao, kongen i Egypt, at han skal la israelittane få dra ut frå landet.» 12Men Moses svara for Herrens andlet: «Sjå, israelittane høyrer ikkje på meg. Kvifor skulle då farao høyra på meg, eg som har uomskorne lepper?» 13Så tala Herren til Moses og Aron og sende dei til israelittane og til farao, kongen i Egypt, med bod om at Israels folk skulle førast ut frå Egypt. 14Dette er leiarane for familiane deira: Sønene til Ruben, Israels førstefødde, var Henok og Pallu, Hesron og Karmi. Det er slektene til Ruben. 15Sønene til Simon var Jemuel, Jamin, Ohad, Jakin og Sohar, og Saul, som var son til ei kanaaneisk kvinne. Det er slektene til Simon. 16Dette er namna på sønene til Levi og slektene deira ifølgje slektshistoria: Gersjon, Kehat og Merari. Levi vart 137 år gammal. 17Sønene til Gersjon, slekt for slekt, var Libni og Sjimi. 18Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel. Kehat vart 133 år gammal. 19Sønene til Merari var Mahli og Musji. Dette er slektene til Levi ifølgje slektshistoria. 20Amram tok Jokebed, tanta si, til kone. Ho fødde han Aron og Moses. Amram vart 137 år gammal. 21Sønene til Jishar var Korah, Nefeg og Sikri. 22Sønene til Ussiel var Misjael, Elsafan og Sitri. 23Aron tok Elisjeba til kone. Ho var dotter til Amminadab og syster til Nahsjon. Ho fødde han Nadab, Abihu, Elasar og Itamar. 24Sønene til Korah var Assir, Elkana og Abiasaf. Det er slektene til Korah. 25Elasar, son til Aron, tok ei av døtrene åt Putiel til kone. Ho fødde han Pinhas. Dette er leiarane for familiane til levittane, slekt for slekt. 26Det var til Aron og Moses Herren sa: «Før israelittane ut frå Egypt, flokk for flokk!» 27Det var dei som tala til farao, kongen i Egypt, om at israelittane skulle førast ut frå Egypt; det var Moses og Aron. 28På den dagen tala Herren til Moses i Egypt. 29Han sa: «Eg er Herren. Sei til farao, kongen i Egypt, alt det eg seier deg!» 30Men Moses svara for Herrens andlet: «Sjå, eg har uomskorne lepper. Kvifor skulle farao høyra på meg?» 1Herren sa til Moses: «Sjå, eg lèt deg vera som Gud for farao, og Aron, bror din, skal vera profeten din. 2Du skal seia alt det eg byd deg, og Aron, bror din, skal seia det til farao, så han lèt israelittane dra frå landet. 3Eg vil gjera farao hard i hjartet. Eg vil gjera mange teikn og under i Egypt, 4men farao kjem likevel ikkje til å høyra på dykk. Då vil eg leggja mi hand på Egypt og føra flokkane mine, mitt folk israelittane, ut frå Egypt med store straffedommar. 5Egyptarane skal kjenna at eg er Herren når eg retter handa ut over Egypt og fører israelittane bort frå dei.» 6Så gjorde Moses og Aron dette, dei gjorde som Herren hadde bode dei. 7Moses var 80 år gammal og Aron 83 år gammal då dei snakka med farao. 8Herren sa til Moses og Aron: 9«Når farao seier til dykk at de skal gjera eit under, skal du seia til Aron: Ta staven din og kast han framfor farao. Han skal bli til ein stor slange!» 10Så gjekk Moses og Aron fram for farao og gjorde som Herren hadde sagt. Aron kasta staven sin framfor farao og mennene hans, og staven vart til ein stor slange. 11Då sende farao bod på vismennene og trollmennene, og dei egyptiske magikarane gjorde det same med sine løyndomsfulle kunster. 12Alle kasta stavane sine, og stavane vart til store slangar. Men staven til Aron slukte stavane deira. 13Men hjartet til farao var ikkje til å bøya, han ville ikkje høyra på dei, akkurat slik som Herren hadde sagt. 14Då sa Herren til Moses: «Hjartet til farao er hardt, og han nektar å la folket dra. 15Gå til farao om morgonen når han kjem ned til vatnet. Still deg der, så du møter han ved elvebredda. Staven som vart omskapt til ein slange, skal du ha i handa. 16Du skal seia til han: Herren, som er Gud for hebrearane, har sendt meg til deg for å seia: Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg i ørkenen! Men sjå, til no har du ikkje vilja høyra. 17Så seier Herren: Ved dette skal du vita at eg er Herren: Sjå, eg slår på vatnet i Nilen med staven eg har i handa, og det skal bli til blod. 18Fisken i Nilen skal døy, og elva skal stinka så egyptarane ikkje kan drikka elvevatnet.» 19Og Herren sa til Moses: «Sei til Aron: Ta staven din og rett handa ut over vatnet i Egypt, over elvane og kanalane og innsjøane, over alle vassmagasina, så skal vatnet bli til blod. Og det skal vera blod i heile Egypt, jamvel i trekar og steinkar.» 20Moses og Aron gjorde som Herren hadde bode dei. Han lyfte staven og slo på vatnet i Nilen for auga på farao og mennene hans, og alt vatnet i elva vart til blod. 21Fisken i Nilen døydde, og elva stinka slik at egyptarane ikkje kunne drikka elvevatnet. Det var blod i heile Egypt. 22Men dei egyptiske magikarane gjorde det same med sine løyndomsfulle kunster, og farao var ubøyeleg i sitt hjarte. Han ville ikkje høyra på dei, slik som Herren hadde sagt. 23Farao snudde seg og gjekk heim. Heller ikkje dette la han seg på hjartet. 24Og alle egyptarane grov rundt omkring Nilen etter drikkevatn, for dei kunne ikkje drikka elvevatnet. 25Det gjekk sju fulle dagar etter at Herren hadde slege Nilen slik. 1Herren sa til Moses: «Gå til farao og sei til han: Så seier Herren: Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg! 2Men nektar du å la dei dra, vil eg plaga heile landområdet ditt med frosk. 3Det skal kry med frosk i Nilen. Dei skal kravla opp på land og koma inn i huset ditt, inn i soverommet ditt og opp i senga di, inn i huset til tenarane dine og til folket ditt, i bakaromnar og bakstetrau. 4Froskane skal kravla opp på deg, på folket ditt og på alle tenarane dine.» 5Herren sa til Moses: «Sei til Aron: Lyft handa og rett ut staven din over elvane og kanalane og innsjøane. Lat froskane koma over Egypt!» 6Og Aron rette handa ut over vatnet i Egypt, og froskane kravla opp og dekte landet. 7Men magikarane gjorde det same med løyndomskunstene sine; dei fekk froskane til å koma over Egypt. 8Farao kalla Moses og Aron til seg og sa: «Gå i forbøn hos Herren, så han tek froskane bort frå meg og folket mitt! Då vil eg la folket dra så dei kan ofra til Herren.» 9Moses sa til farao: «Du skal få æra av å fastsetja kor lenge eg skal gå i forbøn for deg og tenarane dine og folket ditt for å få fjerna froskane frå deg og husa dine. Berre i Nilen skal det vera froskar att.» 10Han svara: «Til i morgon.» Då sa Moses: «Det skal bli som du har sagt. For du skal kjenna at ingen er som Herren vår Gud. 11Froskane skal bli borte frå deg og husa dine og tenarane dine og folket ditt. Berre i Nilen skal det vera froskar att.» 12Så gjekk Moses og Aron ut frå farao. Og Moses ropa til Herren om froskane som han hadde sendt mot farao. 13Herren gjorde som Moses hadde sagt, og froskane døydde i husa, på gardsplassane og ute på markene. 14Dei vart kasta saman i dunge på dunge, og heile landet stinka. 15Men då farao merka at stanken letna, gjorde han seg hard i hjartet og høyrde ikkje på dei, akkurat slik Herren hadde sagt. 16Då sa Herren til Moses: «Sei til Aron: Rett ut staven din og slå i støvet på jorda, så skal det bli til lus i heile Egypt!» 17Det gjorde dei. Aron rette ut handa og slo med staven i støvet på jorda, og det kom lus på menneske og dyr. Alt støvet på jorda vart til lus i heile Egypt. 18Med sine løyndomsfulle kunster prøvde magikarane òg å få fram lus, men det greidde dei ikkje. Lusa vart sitjande på både menneske og dyr. 19Då sa magikarane til farao: «Dette er Guds finger.» Men hjartet til farao var ubøyeleg, og han høyrde ikkje på dei, akkurat slik Herren hadde sagt. 20Då sa Herren til Moses: «Stå tidleg opp i morgon og stig fram for farao når han går ned til vatnet, og sei til han: Så seier Herren: Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg! 21For lèt du ikkje folket mitt fara, sender eg svermar med insekt over deg og over tenarane dine, over folket ditt og over husa dine. Husa i Egypt og jorda dei står på, skal bli fulle av insekt. 22Men den dagen vil eg skilja ut Gosen, der folket mitt held til. Der skal det ikkje vera insekt, for at du skal kjenna at eg, Herren, er midt i landet. 23Eg vil setja skilje mellom mitt folk og ditt folk. I morgon skal dette teiknet skje.» 24Og Herren gjorde så. Det kom veldige insektsvermar inn i husa til farao og tenarane hans. I heile Egypt vart landet øydelagt av insekt. 25Då kalla farao Moses og Aron til seg og sa: «Gå og ber fram offer for dykkar Gud her i landet!» 26Moses svara: «Det er ikkje rett å gjera det på den måten. For det vi ofrar til Herren vår Gud, er avskyeleg for egyptarane. Om vi rett for auga på dei ofra noko som dei tykkjer er avskyeleg, ville dei ikkje då steina oss? 27Vi vil gå tre dagsreiser ut i ørkenen og ofra til Herren vår Gud, slik han seier til oss.» 28Då sa farao: «Eg lèt dykk gå så de kan ofra til Herren dykkar Gud i ørkenen. Men de må ikkje dra for langt bort. Gå i forbøn for meg!» 29Moses svara: «No går eg bort frå deg og går i forbøn hos Herren. I morgon skal insektsvermane vera borte frå farao og tenarane hans og folket hans. Men farao må ikkje narra oss ein gong til, men la folket dra, så dei kan ofra til Herren.» 30Så gjekk Moses bort frå farao, og han gjekk i forbøn hos Herren. 31Og Herren gjorde slik Moses hadde sagt. Insektsvermane vart borte frå farao og tenarane hans og folket hans, ikkje éin vart att. 32Men også denne gongen gjorde farao seg hard i hjartet, og han lét ikkje folket dra. 1Herren sa til Moses: «Gå til farao og sei til han: Så seier Herren, som er Gud for hebrearane: Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg! 2Men om du nektar dei å dra og framleis held dei att, 3skal Herrens hand koma over buskapen din på marka med ein forferdeleg pest, både over hestane, esla, kamelane, storfeet og småfeet. 4Herren skal skilja mellom buskapen til israelittane og buskapen til egyptarane; ikkje noko av det som høyrer israelittane til, skal døy.» 5Og Herren fastsette ei tid og sa: «I morgon skal Herren setja dette i verk i landet.» 6Dagen etter sette Herren dette i verk, og heile buskapen til egyptarane døydde. Men av buskapen til israelittane døydde det ikkje eit einaste dyr. 7Farao sende bod, og sjå, ikkje eit einaste dyr var daudt av buskapen til israelittane. Men farao gjorde seg hard i hjartet og lét ikkje folket dra. 8Herren sa til Moses og Aron: «Fyll nevane med sot frå omnen. Moses skal kasta det mot himmelen for auga på farao, 9og det skal bli til fint støv over heile Egypt. Det skal koma over folk og fe og bli til verkebyllar som slår ut i blemmer, overalt i Egypt.» 10Dei tok sot frå omnen og gjekk fram for farao, og Moses kasta det mot himmelen, og det vart til verkebyllar og blemmer som sette seg på folk og fe. 11Magikarane kunne ikkje møta Moses på grunn av byllane, for det hadde kome verkebyllar på magikarane som på alle dei andre egyptarane. 12Men Herren gjorde farao ubøyeleg i hjartet, og han høyrde ikkje på dei, slik som Herren hadde sagt til Moses. 13Herren sa til Moses: «Stå tidleg opp i morgon og gå fram for farao og sei til han: Så seier Herren, som er Gud for hebrearane: Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg! 14For denne gongen vil eg senda alle plagene mine mot deg sjølv og over tenarane dine og folket ditt, så du kan kjenna at ingen er som eg på heile jorda. 15Eg kunne alt ha rett ut handa og slege deg og folket ditt med pest, så du hadde vorte utrydda frå jorda. 16Men eg har likevel halde deg oppe for å visa deg mi makt, og for at namnet mitt skal bli forkynt over heile jorda. 17Framleis hindrar du folket mitt og lèt det ikkje dra. 18Sjå, i morgon på denne tida sender eg eit kraftig haglvêr som det aldri har vore maken til i Egypt frå den dagen landet vart til. 19Men no, send bod og syt for å berga buskapen din og alt det du har på marka! Alle menneske og dyr som er ute på marka, og som ikkje har rokke å koma i hus, skal døy når haglet fell på dei.» 20Dei av tenarane til farao som frykta Herrens ord, lét tenarane og buskapen søkja ly innandørs. 21Men dei som ikkje opna hjartet for Herrens ord, lét tenarane og buskapen vera ute på marka. 22Herren sa til Moses: «Rett handa opp mot himmelen, og det skal hagla i heile Egypt, over menneske og dyr og over alt som veks på marka i Egypt!» 23Moses rette staven sin opp mot himmelen, og Herren sende torevêr og hagl, og eld fór ned mot jorda. Herren lét det hagla over Egypt. 24Det kom hagl og logande eld midt i haglet, eit haglvêr så kraftig som det ikkje hadde vore i landet sidan egyptarane vart eit folk. 25I heile Egypt slo haglet ned alt som var ute på marka, både menneske og dyr. Haglet slo ned alt som voks på marka, og knuste kvart tre. 26Berre i Gosen, der israelittane budde, fall det ikkje hagl. 27Då sende farao bod etter Moses og Aron og sa til dei: «Denne gongen har eg synda. Herren har retten på si side; det er eg og folket mitt som er skuldige. 28Gå i forbøn hos Herren; det har vore meir enn nok av Guds torevêr og hagl! Så vil eg la dykk dra, de treng ikkje vera her lenger.» 29Moses sa til han: «Så snart eg kjem ut av byen, vil eg strekkja hendene mine ut mot Herren. Torevêret skal stilna, og det skal halda opp å hagla. For du skal kjenna at jorda høyrer Herren til. 30Men eg veit at du og tenarane dine enno ikkje fryktar Herren Gud.» 31Linet og bygget vart slegne ned, for bygget stod med aks og linet i blom. 32Men kveiten og spelten vart ikkje slegne ned, for dei blir mogne seinare. 33Moses gjekk bort frå farao og ut av byen, og han strekte hendene ut mot Herren. Torevêret og haglet heldt opp, og regnet strøymde ikkje ned på jorda meir. 34Då farao såg at regnet og haglet og torevêret hadde halde opp, heldt han fram med å synda. Han og tenarane hans gjorde seg harde i hjartet. 35Farao var ubøyeleg i sitt hjarte, og han lét ikkje israelittane dra, slik som Herren hadde sagt gjennom Moses. 1Herren sa til Moses: «Gå til farao! Det er eg som har gjort hjarta harde, både i han og i tenarane hans, for at eg skal gjera desse teikna mellom dei, 2og for at du skal fortelja born og barneborn korleis eg viste makta mi i Egypt, og kva for teikn eg gjorde mellom dei. Då skal de kjenna at eg er Herren.» 3Moses og Aron gjekk til farao og sa til han: «Så seier Herren, som er Gud for hebrearane: Kor lenge vil du nekta å bøya deg for meg? Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg! 4For nektar du å la folket mitt dra, skal eg i morgon senda grashopper inn over landet ditt. 5Dei skal dekkja alt synleg land, så ein ikkje lenger kan sjå jorda. Dei skal eta opp den resten som er att, det de har att etter haglet, og dei skal eta snautt kvart eit tre som veks på marka. 6Dei skal fylla både husa dine og husa til tenarane dine og alle hus i Egypt. Noko slikt har korkje fedrane eller forfedrane dine sett frå den dagen dei kom til verda og til denne dag.» Så snudde han seg og gjekk bort frå farao. 7Då sa tenarane til farao: «Kor lenge skal denne mannen vera ei snare for oss? Lat mennene dra, slik at dei kan tena Herren sin Gud! Forstår du enno ikkje at Egypt går til grunne?» 8Då vart Moses og Aron henta tilbake til farao, og han sa til dei: «Gå og ten Herren dykkar Gud! Men kven skal eigentleg gå?» 9«Vi skal gå både unge og gamle», svara Moses. «Vi går med sønene og døtrene våre, og med småfeet og storfeet vårt, for vi skal halda høgtid for Herren.» 10Men han sa til dei: « Herren skulle nok vera med dykk dersom eg lét dykk og småborna dykkar dra! Der ser de, de har vonde planar. 11Nei, slik blir det ikkje! Mennene kan dra av stad og tena Herren, for det bad de om.» Dermed vart dei jaga bort frå farao. 12Då sa Herren til Moses: «Rekk handa di ut over Egypt, så skal grashoppene koma over landet og eta opp alt som veks der, alt det som haglet lét stå att.» 13Moses rekte staven sin ut over Egypt, og Herren dreiv ein austavind inn over landet heile den dagen og heile natta. Då det vart morgon, hadde austavinden ført med seg grashoppene. 14Grashoppene kom inn over heile Egypt, og dei slo seg ned overalt i landet. Så mange grashopper har det aldri før vore og kjem det aldri meir til å bli. 15Dei dekte alt synleg land, så jorda vart heilt svart. Og dei åt opp alt som voks i landet, og all frukt som var att på trea etter haglvêret. Det vart ikkje noko grønt att, korkje på tre eller planter, i heile Egypt. 16Då sende farao i all hast bod etter Moses og Aron. Han sa: «Eg har synda mot Herren dykkar Gud og mot dykk. 17Men tilgjev meg no denne eine gongen. Gå i forbøn for meg hos Herren dykkar Gud så han kan ta denne døden bort frå meg!» 18Og Moses gjekk bort frå farao og gjekk i forbøn hos Herren. 19Då snudde Herren vinden, og han vart til ein sterk vestavind. Han førte grashoppene bort og kasta dei i Sivsjøen. Det vart ikkje ei einaste grashoppe att i heile Egypt. 20Men Herren gjorde hjartet til farao ubøyeleg, og han lét ikkje israelittane dra. 21Herren sa til Moses: «Rekk handa di opp mot himmelen, så skal det koma mørker over Egypt, eit mørker så tett at ein kan ta på det!» 22Moses rekte handa opp mot himmelen. Då vart det stummande mørkt i heile Egypt i tre dagar. 23I tre dagar kunne ingen sjå kvarandre og ingen reisa seg frå plassen sin. Men der israelittane budde, var det lyst. 24Då sende farao bod etter Moses og sa: «Gå og ten Herren! Småfeet og storfeet må bli att, men borna kan gå med dykk.» 25Moses svara: «Du skal sjølv gje oss slaktoffer og brennoffer så vi kan ofra til Herren vår Gud, 26men buskapen vår skal òg vera med. Ikkje ei klauv skal vera att. For det er buskapen vi må ta av når vi skal tena Herren vår Gud. Og vi veit ikkje kva vi skal tena Herren med før vi kjem fram.» 27Men Herren gjorde hjartet til farao ubøyeleg, og han ville ikkje la dei dra. 28Farao sa til Moses: «Gå frå meg! Ta deg i akt, så du aldri kjem framfor andletet mitt meir! For den dagen du gjer det, skal du døy!» 29Moses svara: «Det er rett som du seier; eg skal aldri sjå andletet ditt meir.» 1Herren sa til Moses: «Endå ei plage skal eg føra over farao og Egypt. Deretter skal han la dykk dra – ikkje berre la dykk dra, han skal jaga dykk ut herifrå. 2Sei så folket høyrer det at kvar mann og kvar kvinne skal be naboen sin om ting av sølv og gull.» 3Og Herren lét egyptarane sjå med velvilje på folket. Moses vart òg halden for ein svært stor mann i Egypt, både av tenarane til farao og av folket. 4Moses sa: «Så seier Herren: Ved midnattstid vil eg gå gjennom Egypt. 5Då skal alle førstefødde i Egypt døy, frå den førstefødde hos farao som sit på si trone, til den førstefødde hos slavekvinna som står bak kverna, og alle førstefødde dyr i buskapen. 6I heile Egypt skal det lyda eit skrik så høgt at det aldri har vore maken til det før og heller ikkje skal bli det sidan. 7Men ikkje ein hund skal knurra mot nokon av israelittane, korkje mot menneske eller dyr. Slik skal de forstå at Herren set eit skilje mellom egyptarane og israelittane. 8Då skal alle desse mennene dine koma ned til meg og bøya seg for meg og seia: Dra ut, du og heile folket som følgjer deg! Og så skal eg dra ut.» Dermed gjekk han bort frå farao i brennande harme. 9Herren sa til Moses: «Farao kjem ikkje til å høyra på dykk. Så kan eg få gjort mange under i Egypt.» 10Moses og Aron gjorde alle desse undera for farao. Men Herren gjorde hjartet til farao ubøyeleg, og han lét ikkje israelittane dra ut frå landet. 1Herren sa til Moses og Aron i Egypt: 2Denne månaden skal vera nyttårsmånaden dykkar. Han skal vera den første månaden i året. 3Sei til heile Israels forsamling: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta eit lam, eitt til kvar huslyd. 4Men dersom huslyden er for liten til å eta opp eit lam, skal husfaren og den næraste naboen ta eitt i lag, alt etter kor mange dei er. De skal ikkje rekna fleire på kvart lam enn at alle blir mette. 5Lammet må vera eit årsgammalt vêrlam utan feil. De kan ta anten eit lam eller eit kje. 6De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels forsamling slakta det i skumringa. 7Så skal dei ta noko av blodet og stryka det på dei to dørstolpane og på bjelken over døra i dei husa der dei et det. 8Og kjøtet skal dei eta same natta. Det skal vera steikt over elden, og dei skal eta det med usyra brød og bitre urter. 9De må ikkje eta det rått eller kokt i vatn. Nei, det skal vera steikt over elden med hovud, føter og innvolar. 10De må ikkje la noko bli att til morgonen etter. Er det noko att om morgonen, skal de brenna det opp. 11Slik skal de eta det: Med kjortelen bunden om livet, skor på føtene og stav i handa. Et det i all hast! Det er påske for Herren. 12Denne natta skal eg gå gjennom Egypt og slå i hel alle førstefødde i landet, både menneske og dyr, og eg skal halda dom over alle gudane i Egypt. Eg er Herren. 13Men blodet skal vera det merket som syner kva for hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg gå forbi. Inga øydeleggjande plage skal råka dykk når eg slår Egypt. 14Sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk. De skal feira han som ei høgtid for Herren, de skal feira i slekt etter slekt. Det skal vera ei evig ordning. 15I sju dagar skal de eta usyra brød. Alt den første dagen skal de ta surdeigen ut frå husa dykkar. Kvar den som et noko som er syra, frå den første til den sjuande dagen, skal støytast ut frå Israel. 16Den første dagen skal de halda ei heilag samling, på den sjuande dagen skal de òg halda ei heilag samling. Desse dagane skal de ikkje gjera noko arbeid. Berre den maten som kvar av dykk treng, skal de laga til. 17Høgtida med usyra brød skal de halda, for på denne dagen førte eg hærane dykkar ut frå Egypt. Difor skal de feira denne dagen i slekt etter slekt. Det skal vera ei evig ordning. 18Frå kvelden den fjortande dagen i den første månaden til kvelden den tjueførste dagen i same månaden skal de eta usyra brød. 19I sju dagar må det ikkje finnast surdeig i husa dykkar. Kvar den som et noko som er syra, skal støytast ut frå Israels forsamling, anten han er innflyttar eller fødd i landet. 20De må ikkje eta noko som er syra. Kvar de enn bur, skal de eta usyra brød. 21Då kalla Moses saman alle dei eldste i Israel og sa til dei: «Gå og hent småfe til familiane dykkar og slakt påskelammet! 22Så skal de ta ein isopkvast, dyppa han i blodet i skåla og stryka noko av blodet på bjelken over døra og på dei to dørstolpane. Ingen av dykk må gå ut gjennom døra til huset sitt før om morgonen. 23For Herren skal dra gjennom landet for å slå egyptarane. Og når han ser blodet på bjelken og på dei to dørstolpane, skal han gå forbi døra og ikkje la øydeleggjaren sleppa inn i huset for å slå dykk. 24Dette skal de halda, og det skal vera ei evig ordning for deg og etterkomarane dine. 25Når de så kjem inn i det landet Herren har lova å gje dykk, skal de halda denne skikken ved lag. 26Og når borna dykkar spør kva dette er for ein skikk, 27skal de svara: Det er eit påskeoffer for Herren fordi han gjekk forbi husa til israelittane i Egypt då han slo egyptarane, men sparte husa våre.» Då bøygde folket seg til jorda og tilbad. 28Så gjekk israelittane bort og gjorde dette. Det som Herren hadde gjeve Moses og Aron påbod om, det gjorde dei. 29Midt på natta slo Herren i hel alle førstefødde i Egypt, frå den førstefødde hos farao, som sat på si trone, til den førstefødde hos fangen i fengselet, og alle dei førstefødde dyra i buskapen. 30Den natta stod farao opp, han og alle tenarane hans og alle egyptarane. Det høyrdest eit veldig skrik i Egypt, for det fanst ikkje eit einaste hus utan døde. 31Medan det endå var natt, sende farao bod etter Moses og Aron og sa: «Bryt opp og dra bort frå folket mitt, både de og israelittane! Gå av stad og ten Herren slik de har bede om! 32Ta òg med dykk småfeet og storfeet dykkar, som de har sagt, og dra bort! Bed så om velsigning for meg òg!» 33Egyptarane pressa på folket for å få dei ut av landet så fort som råd. «Elles døyr vi alle saman», sa dei. 34Då tok folket deigen sin, som endå ikkje var heva, batt kappene sine om bakstetraua og bar dei på akslene. 35Israelittane gjorde som Moses hadde sagt. Dei bad egyptarane om ting av sølv og gull og om klede. 36Og Herren lét egyptarane få godvilje for folket så dei gav folket det dei bad om. Slik utnytta dei egyptarane. 37Så braut israelittane opp frå Ramses og drog til Sukkot. Dei var om lag 600 000 mann til fots, forutan kvinner og born. 38Mange slags menneske følgde med dei, i tillegg til ein stor flokk med småfe og storfe. 39Av deigen dei hadde med seg frå Egypt, baka dei usyra kaker, som ikkje var heva. For dei vart jaga ut av Egypt og kunne ikkje venta lenger. Difor hadde dei heller ikkje hatt tid til å få med seg mat til reisa. 40Israelittane hadde då budd i Egypt i 430 år. 41Akkurat denne dagen, då dei 430 åra var til endes, drog alle Herrens hærar ut frå Egypt. 42Det var ei vakenatt for Herren då han førte dei ut frå Egypt. Denne natta er Herrens natt. Denne natta skal alle israelittar vaka i slekt etter slekt. 43Herren sa til Moses og Aron: «Dette er forskrifta om påskelammet: Ingen framande skal eta av det. 44Men kvar slave som er kjøpt for pengar, og som du har late omskjera, kan eta av det. 45Ingen framand som bur eller arbeider hos deg, kan eta av det. 46Lammet skal etast i eitt og same hus. Kjøtet må ikkje takast ut av huset, og beina må ikkje brytast på lammet. 47Slik skal heile Israels forsamling gjera. 48Dersom innflyttaren som bur hos deg, vil halda påske for Herren, skal alle mennene hos han omskjerast. Då kan han vera med og halda høgtid. Han skal vera som ein som er fødd i landet. Men ingen uomskoren kan eta av det. 49Ei og same lov skal gjelda for den som er fødd i landet, og for innflyttaren som bur hos dykk.» 50Dette gjorde alle israelittane. Dei gjorde alt som Herren hadde pålagt Moses og Aron. 51Den same dagen førte Herren israelittane ut frå Egypt, hærskare etter hærskare.

Les i nettbibelen