Hei!
Sveip til sidene for å velje historie, og bla deretter ned for å lese og høyre historia.
Det var blitt mange nye kristne.
Men dei kristne møtte motstand,
som Jesus.
Mange blei kasta i fengsel.
Nokre blei drepne.
Mange blei jaga på flukt.
Saulus var ein av dei ivrigaste forfølgjarane.
Han var rasande på dei kristne
og kasta dei i fengsel.
Det budde mange kristne i byen Damaskus i nabolandet.
Saulus rei til Damaskus for å ta dei.
Då han nærma seg byen,
strålte eit sterkt lys frå himmelen.
Han blei blenda av lyset og fall i bakken.
Han høyrde tydeleg ei stemme som sa:
«Saulus, kvifor forfølgjer du meg?»
Han heldt auga lukka og ropte:
«Kven er du, Herre?»
Stemma svarte:
«Eg er Jesus, han du forfølgjer.
Reis deg, gå inn til byen og vent der.»
Mennene som følgde han,
stod mållause og såg på det som skjedde.
Dei høyrde stemma, men såg ingen.
Då det var over, reiste Saulus seg og opna auga.
Men då kunne han ikkje sjå lenger.
Så tok mennene han i handa
og leidde han inn til byen.
Der låg han tre dagar utan å kunne sjå.
Han verken åt eller drakk.
Etter tre dagar kjende han ei hand på panna,
og han høyrde ei stemme som sa:
«Saulus, bror min!
Jesus har sendt meg til deg for å seie
at du skal få synet igjen
og bli fylt av Den heilage anden.»
Då var det som skjel fall frå auga hans,
og han såg rett inn i ansiktet til Ananias,
ein av dei kristne i Damaskus.
Saulus fekk mat, og så blei han døypt.
Etterpå gjekk han til synagogen,
der jødane var samla,
og han fortalde dei kva Jesus hadde gjort.
Men dei sa: «Er ikkje dette Saulus,
han som ville drepe kristne?
No er han sjølv blitt ein av dei!»
Så la dei planar om å drepe Saulus.
Dei nye vennene hans fekk vite det,
og dei hjelpte han med å flykte.
Ei natt firte dei han ned frå bymuren
i ei stor, fletta korg.
Han kom seg på beina og gjekk.
Overalt kvar han kom,
fortalde han kva Jesus hadde gjort.
Paulus heitte opphavleg Saulus. Dette namnet blir brukt til å begynne med i Apostelgjerningane. Seinare blir han kalla Paulus. Sjå Apg 13,9.
1Saulus rasa endå mot Herrens læresveinar og truga dei på livet. Han gjekk til øvstepresten 2og bad om brev til synagogane i Damaskus, så han kunne finna dei som høyrde Vegen til, både menn og kvinner, og føra dei i lenkjer til Jerusalem. 3Men då han var på veg og nærma seg Damaskus, stråla det brått eit lys frå himmelen omkring han. 4Han stupte til jorda og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg?» 5«Kven er du, Herre?» spurde Saulus. Han svara: «Eg er Jesus, han som du forfølgjer. 6Stå opp og gå inn i byen! Der skal dei seia deg kva du skal gjera.» 7Mennene som følgde han, stod mållause; dei høyrde røysta, men såg ikkje nokon. 8Saulus reiste seg opp, men då han opna auga, kunne han ikkje sjå. Så tok dei han i handa og leidde han inn til Damaskus. 9I tre dagar sat han der utan å sjå noko, og han verken åt eller drakk. 10I Damaskus var det ein læresvein som heitte Ananias. I eit syn sa Herren til han: «Ananias!» Han svara: «Her er eg, Herre.» 11Og Herren sa: «Gå bort i den gata som dei kallar Den beine, og i huset til Judas skal du spørja etter ein som heiter Saulus og er frå Tarsos. For sjå, han bed. 12Og han har hatt eit syn og sett ein mann som heiter Ananias koma og leggja hendene på han, så han kan få att synet.» 13Men Ananias svara: «Herre, eg har høyrt mange fortelja om denne mannen og om alt det vonde han har gjort mot dine heilage i Jerusalem. 14Og han er komen hit med fullmakt frå overprestane for å leggja i lenkjer alle som kallar på ditt namn.» 15Men Herren sa til han: «Berre gå du! Han er ein reiskap som eg har valt meg ut til å bera namnet mitt fram for heidningfolk og kongar og for Israels folk. 16Eg skal visa han kor mykje han må lida for mitt namn skuld.» 17Så gjekk Ananias. Då han kom inn i huset, la han hendene på Saulus og sa: «Saul, bror! Herren sjølv, Jesus som synte seg for deg på vegen, har sendt meg for at du skal få att synet og bli fylt av Den heilage ande.» 18Og straks fall det liksom skjel frå auga hans, og han fekk att synet. Han stod opp og vart døypt. 19Så fekk han mat og kom til krefter.Han vart verande nokre dagar saman med læresveinane i Damaskus, 20der han straks forkynte Jesus i synagogane og sa: «Han er Guds Son.» 21Alle som høyrde på, vart fulle av undring og sa: «Er ikkje dette han som i Jerusalem ville rydda ut alle som kallar på dette namnet? Og kom han ikkje hit for å føra dei i lenkjer til overprestane?» 22Men Saulus fekk meir og meir kraft, og jødane i Damaskus vart svar skuldige då han viste dei klårt at Jesus er Messias. 23Då det hadde gått ei tid, vart jødane samde om å drepa han. 24Men Saulus fekk høyra om planen deira. Dag og natt heldt dei vakt, også ved byportane, for å drepa han. 25Men læresveinane hans fekk han ut om natta; dei firte han nedetter muren i ei korg.
9Då vart Saulus, som òg heitte Paulus, fylt av Den heilage ande. Han såg trollmannen i auga