Paulus taler i Aten

Paulus var blitt ein kristen.
Han reiste rundt i verda
og fortalde om den nye trua si.
No var han kommen til Aten.

Han gjekk opp på tempelhøgda
og inn i skuggen av dei store søylene.
Det var lange rader med steinstatuar og alter.
Han såg at statuane framstilte gudar.

Han gjekk raskare og raskare og bad inni seg:
«Gud i himmelen, hjelp meg!
Desse menneska vassar i falske gudar.
Korleis skal eg få dei til å lytte?»
Då såg han eit alter utan statue,
med innskrifta: «For ein ukjend Gud».
Han kviskra eit lydlaust «takk»
og gjekk ned frå høgda.

Nede i byen snakka han med folk
han møtte på gatene og på torget.
Dei ville gjerne diskutere med han,
høyre kva han hadde å seie om Gud.

Dei tok han med til rådet,
der dei klokaste i byen var samla.
Han bad ei lydlaus bøn, så begynte han:
«Eg ser at de ber til ’Ein ukjend Gud’.
Veit de kven det er?
Det er Herren, han som skapte himmelen og jorda,
og han er ingen statue, han er levande!

Trur de at han er langt borte,
at han er vanskeleg å finne?
Nei, han er nær kvar einaste ein av oss.
For det er i han vi lever,
rører oss og er til.

Den ukjende Gud er ikkje ukjend lenger.
Han har sendt Son sin
og reist han opp frå dei døde.»

Somme syntest at han snakka tull.
Andre lytta, nikka til kvarandre og sa:
«Dette er interessant. Ein levande Gud?
Vi vil gjerne høyre deg tale meir om dette
ein annan gong.»

Andre igjen trudde på det han sa.
Nokre av dei blei med då han forlét rådet.

Les historia i Bibelen

16Medan Paulus venta på dei i Aten, vart han opprørt då han såg at byen var overfylt med gudebilete. 17I synagogen hadde han samtalar med jødane og med dei som dyrka Gud, og på torget tala han kvar dag med dei han møtte. 18Nokre epikureiske og stoiske filosofar gav seg i ordskifte med han, og somme sa: «Kva kan han vel meina, denne pratmakaren?» Andre sa: «Han er visst ein som forkynner framande gudar.» Det var fordi han forkynte evangeliet om Jesus og oppstoda. 19Så tok dei han med seg og førte han til Areopagos og sa: «Kan vi få vita kva slags ny lære du kjem med? 20For det er underlege ting du lèt oss få høyra. Difor vil vi gjerne vita kva dette er for noko.» 21For verken atenarane sjølve eller utlendingane som bur der, bruker tida si til anna enn å fortelja og spørja nytt. 22Då steig Paulus fram for Areopagosrådet og sa:«Atenske menn! Eg ser at de på alle måtar er svært religiøse. 23For då eg gjekk omkring og såg på heilagdomane dykkar, fann eg eit altar der det stod skrive: ‘For ein ukjend Gud’. Det som de tilbed utan å kjenna, er det eg forkynner dykk. 24Gud som har skapt verda og alt som i henne er, han som er herre over himmel og jord, han bur ikkje i tempel som er bygde med hender, 25og lèt seg ikkje tena av menneskehender, som om han skulle trenga noko, han som gjev liv og ande, ja, alt til alle. 26Av eitt menneske har han skapt alle folkeslag, han lét dei busetja seg over heile jorda, og han sette faste tider for dei og grenser mellom bustadene deira. 27Det gjorde han for at dei skulle søkja Gud, om det kunne lukkast for dei å leita seg fram til han og finna han. Han er då ikkje langt borte frå ein einaste ein av oss. 28For i han er det vi lever og rører oss og er til, som òg nokre av dykkar eigne diktarar har sagt: ‘For vi er hans slekt.’ 29Er vi då Guds slekt, må vi ikkje tru at guddomen liknar eit bilete av gull eller sølv eller stein som menneskekunst eller mennesketanke har forma. 30Gud har bore over med dei tidene då folk var uvitande. Men no byd han at alle menneske, kvar dei så er, skal venda om. 31For han har fastsett ein dag då han vil dømma verda med rettferd, og til det har han innsett ein mann. Det har han stadfest for alle med å reisa han opp frå dei døde.» 32Men då dei høyrde om oppstoda frå dei døde, var det somme som spotta, men andre sa: «Vi høyrer deg gjerne tala meir om dette ein annan gong.» 33Så gjekk Paulus frå dei. 34Men det var nokre som heldt seg til han og kom til tru. Mellom dei var Dionysios frå Areopagosrådet og ei kvinne som heitte Damaris, og nokre andre.

Les i nettbibelen