Paulus skriv

Paulus sat i lenkjer i Roma.
Han tenkte på dei kristne rundt omkring i verda,
på alle kyrkjelydane han hadde bygd opp,
og på alle dei gode menneska han hadde møtt.
Han ville skrive brev til dei,
han ville hjelpe dei å halde fast på det viktigaste.
«Kjære alle i kyrkjelyden i Filippi», begynte han eit brev.
Men så måtte han tenkje seg om.

Det var i Filippi at han ein gong
var blitt kasta i fengsel
saman med vennen Silas.
Dei måtte sitje i det inste fangehòlet
med føtene låste fast til ei steinblokk.
«Vi må ikkje miste motet», sa dei til kvarandre,
så dei song lovsongar til Gud heile natta.

Plutseleg kom eit jordskjelv, så fengselet rista
og alle lenkjene losna.
Dørene sprang opp, men ingen av fangane sprang ut.
Dei samla seg rundt Paulus og Silas.

Fangevaktaren vakna og såg at fengselet var ope.
Han blei fortvila og redd for kva som no ville skje,
for han hadde ansvar for at ingen fangar rømte,
men Paulus ropte til han: «Vi er her alle saman!»

Då henta fangevaktaren eit lys og sprang inn i fengselet.
Han fekk sjå dei to i det inste fangehòlet
med alle dei andre fangane rundt seg.
Så tok han med seg Paulus og Silas utanfor og sa:
«Kva skal eg gjere for å få den same trua som dykk?»
«Tru på Herren Jesus», svarte Paulus.

Den natta blei fangevaktaren og familien hans døypte.
Neste dag blei Silas og Paulus sette fri.
Men då nekta Paulus å dra
før dommarane i byen kom og bad om unnskyldning.
Dommarane kom og følgde dei ut av byen
og beklaga den urettferdige måten Paulus og Silas var blitt behandla på,
sidan dei var blitt fengsla utan at det var halde rettssak.

Paulus såg på lenkjene sine i Roma.
No var han igjen fanga.
Han tenkte på minna om fengselet i Filippi
og heldt fram med å skrive brevet:
«Fred vere med dykk alle i Filippi!
Gled dykk alltid i Herren!
Ver ikkje urolege for noko!»
Så song han ein lovsong i fengselet i Roma.

Les historia i Bibelen

16Ein dag vi var på veg til bønestaden, møtte vi ei slavekvinne som hadde ei spådomsånd i seg, og med spådomsord tente ho mange pengar til dei som eigde henne. 17Ho følgde etter Paulus og oss andre og ropa: «Desse mennene er tenarar for Gud, Den høgste, og dei lærer dykk vegen til frelse.» 18Dette heldt ho på med i mange dagar. Til slutt vart Paulus harm. Han snudde seg og sa til ånda: «Eg byd deg i Jesu Kristi namn: Far ut or henne!» Og ho fór ut i same stunda. 19Men då eigarane skjøna at det ikkje var von om å tena meir pengar på henne, greip dei Paulus og Silas og drog dei med seg til styresmaktene på torget. 20Dei førte dei fram for dei romerske dommarane i byen og sa: «Desse mennene skaper uro i byen vår. Dei er jødar 21og lærer oss skikkar som vi ikkje har lov til å ta opp eller følgja, vi som er romerske borgarar.» 22Folkehopen òg gjekk til åtak på dei. Dommarane reiv kleda av dei og baud at dei skulle piskast. 23Dei fekk mange slag og vart sette i fengsel, og fangevaktaren fekk påbod om å vakta dei vel. 24Då han hadde fått dette påbodet, sette han dei inn i det inste fangeholet og låste føtene deira fast i blokka. 25Ved midnattstider heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangane høyrde på. 26Brått kom det eit sterkt jordskjelv, så grunnvollen til fengselet riste. Med ein gong sprang alle dørene opp, og lenkjene losna av alle fangane. 27Fangevaktaren fór opp av søvnen, og då han såg at fengselsdørene stod opne, drog han sverdet og ville drepa seg, for han trudde fangane hadde rømt. 28Men Paulus ropa med høg røyst: «Gjer deg ikkje noko vondt! Vi er her alle.» 29Då bad han om lys og sprang inn og kasta seg skjelvande ned for Paulus og Silas. 30Og han leidde dei ut og sa: «Gode herrar! Kva skal eg gjera så eg kan bli frelst?» 31Dei svara: «Tru på Herren Jesus, så skal du bli frelst, både du og huslyden din.» 32Så tala dei Herrens ord til han og alle i huset hans. 33Og i denne seine nattetimen tok han dei med seg og vaska såra deira. Straks etter vart han døypt med alle sine. 34Sidan tok han dei med seg heim og gav dei mat, og han var hjarteglad fordi han og heile husstanden hans var komne til tru på Gud. 35Då det vart dag, sende dommarane bod med rettstenarane: «Slepp desse mennene fri!» 36Fangevaktaren melde det til Paulus og sa: «Dommarane har sendt bod om at de skal sleppast fri. Kom no ut og far bort i fred!» 37Men Paulus sa til dei: «Endå vi er romerske borgarar, har dei utan lov og dom piska oss for auga på alle og kasta oss i fengsel. Og no vil dei jaga oss bort i løynd. Nei, dei får koma sjølve og føra oss ut!» 38Rettstenarane bar dette svaret tilbake til dommarane, og då dei høyrde at dei var romerske borgarar, vart dei redde. 39Dei kom og bad om orsaking og følgde dei ut og bad dei fara bort frå byen. 40Då dei var komne ut av fengselet, gjekk dei heim til Lydia. Der møtte dei syskena og sette mot i dei. Så drog dei av stad.

Les i nettbibelen

4Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk! 5Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær. 6Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.

Les i nettbibelen