Peter nektar


Det var natt.
Jesus og læresveinane hadde ete påskemåltidet.
No gjekk dei ut av byen og inn i ein hage.

Jesus bad til Gud,
for han var redd for det som skulle skje.
Læresveinane var trøytte og sovna.

Med eitt lyste det opp av faklar,
og hagen var full av vakter med våpen.
Disippelen Judas gjekk framfor dei.

Judas gjekk rett til Jesus og røpte han for vaktene.
Han sveik Jesus med eit kyss.
Vaktene tok Jesus til fange og batt han.

Dei førte Jesus til huset til øvstepresten.
Der blei han forhøyrd heile natta
av dei som ønskte å sjå han død.

Alle læresveinane hadde flykta.
Berre Peter våga seg etter på avstand.
Same kvelden hadde han lova å aldri svikte Jesus.

Då Jesus svarte at i natt, før hanen gjel,
skulle Peter fornekte han tre gonger,
tenkte han at Jesus nok tok feil.

No følgde Peter etter til huset til øvstepresten.
Der slapp han inn gjennom porten
og kom inn på gardsplassen.

Tenarane og vaktene hadde tent opp eit bål,
for det var ei kald natt.
Peter stod saman med dei og varma seg.

Då kom ei av tenestejentene bort til han.
Ho sa: «Er ikkje du ein av læresveinane til denne mannen?»
«Nei, det er eg ikkje», sa Peter høgt, så vaktene høyrde det.

«Jau, han der er med Jesus frå Nasaret»,
sa ei anna tenestejente og peikte på han.
Peter nekta og sa: «Eg kjenner ikkje den mannen!»

Han ville til å gå, men ei av vaktene rundt bålet sa:
«Eg såg jo deg i hagen saman med han!»
Då banna Peter på at han ikkje kjende Jesus.

I det same gol hanen.
Og Peter hugsa kva Jesus hadde sagt.
Han sprang ut i natta og gret bittert.

Les historia i Bibelen

66Medan Peter var nede på gardsplassen, kom ei av tenestejentene hos øvstepresten. 67Då ho såg Peter som sat og vermde seg, stirte ho på han og sa: «Du òg var med denne Jesus frå Nasaret.» 68Men han nekta. «Eg skjønar ikkje og forstår ikkje kva du snakkar om», sa han og gjekk ut i portrommet. *Då gol hanen.• 69Men jenta fekk auge på han att, og sa igjen til dei som stod omkring: «Han der er ein av dei.» 70Men han nekta på nytt. Litt etter sa dei som stod der, til Peter: «Jo visst er du ein av dei! Du er då galilear.» 71Men han sette i og banna og svor: «Eg kjenner ikkje denne mannen de snakkar om.» 72Straks gol hanen andre gongen. Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel to gonger, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han brast i gråt.

Les i nettbibelen

Gratis undervisningsmateriell for påske


Er du lærer i skolen? Vi sender deg undervisningsmateriell for skole, med lærerveiledning for påske på e-post helt gratis. Opplegget har kompetansemål knyttet i hovedsak til fagene KRLE og norsk.
Send e-post og motta PDF