Sakkeus


Porten inn til byen Jeriko stod vid open.
Jesus og læresveinane gjekk inn.
Ei stor folkemengd samla seg spent rundt dei.
Dei hadde høyrt rykte
om alt det utrulege som skjedde rundt Jesus.

Det var ein mann i byen som òg var spent.
Han heitte Sakkeus, han var overtollar og svært rik.
Ved byporten kravde romarane inn toll på varer,
og Sakkeus arbeidde for dei.
Landsmennene hans rekna han for ein svikar.

Sakkeus prøvde å bane seg veg gjennom folkemengda.
Han ville gjerne sjå kven Jesus var.
Men han var liten av vekst og kunne ikkje komme til.

Då sprang han i førevegen og fann seg eit tre
på ein stad der han tenkte at Jesus ville gå forbi.
Sakkeus klatra opp i treet, raskt og ivrig,
så silkekappa fekk ei stor flengje.
Han venta spent mellom greiner og blad,
og endeleg: Nede i gata kom Jesus og folkemengda.

Men då Jesus kom til treet, stansa han,
såg opp, såg rett på Sakkeus, og sa:
«Sakkeus, skynd deg og kom ned!
For i dag vil eg besøkje deg der du bur.»

Då klatra Sakkeus ned i full fart.
Plutseleg var han den gladaste innbyggjaren i Jeriko.
Han viste Jesus vegen til huset sitt
og brydde seg ikkje om at folk var sure på han.
Han høyrde nesten ikkje at dei murra og sa:
«Veit ikkje Jesus at han besøkjer ein svikar?»

I staden sa han glad og opprømt:
«Herre, halvparten av alt eg eig,
vil eg gi til dei fattige,
og har eg pressa pengar av nokon,
skal dei få firedobbelt igjen!»

Då sa Jesus så høgt at alle høyrde det:
«I dag er frelsa kommen til dette huset.
Eg er kommen til verda
for å leite etter dei bortkomne
og berge dei.»

Last ned gratis fargeleggingsark

Les historia i Bibelen

1Så kom Jesus til Jeriko og drog gjennom byen. 2Der var det ein mann som heitte Sakkeus; han var overtollar og svært rik. 3Han ville gjerne sjå kven Jesus var, men kunne ikkje koma til for folkemengda, for han var liten av vekst. 4Difor sprang han i førevegen og klatra opp i eit morbærtre så han kunne få sjå han, for der kom han til å gå forbi. 5Då Jesus kom dit, såg han opp og sa til han: «Sakkeus, skund deg og kom ned! For i dag må eg ta inn i ditt hus.» 6Då skunda han seg ned og tok imot Jesus med glede. 7Men alle som såg det, murra og sa: «Han har teke inn hos ein syndig mann.» 8Men Sakkeus steig fram og sa til Herren: «Herre, halvparten av alt eg eig, gjev eg til dei fattige, og har eg truga pengar frå nokon, gjev eg fire gonger så mykje tilbake.» 9Då sa Jesus til han: «I dag er frelse komen til dette huset. For han er òg ein Abrahams son. 10For Menneskesonen er komen for å leita etter dei bortkomne og berga dei.»

Les i nettbibelen