Salomo

David var konge over Israel i meir enn tretti år.
Då han døydde, blei sonen hans konge.
Han heitte Salomo.
Ei natt drøymde Salomo at Gud sa:
«Be om kva du vil, og du skal få det!»

I draumen svarte Salomo:
«Eg er ung og manglar erfaring.
Eg vet ikkje korleis ein styrer dette kongeriket.
Gi meg visdom, så eg kan skilje mellom godt og vondt!»

Då sa Gud: «Sidan du ber så klokt,
og ikkje ber om eit langt liv, rikdom eller ære,
så gir eg deg både det du bad om,
og det du ikkje bad om.»

Salomo vakna.
Det hadde vore ein draum,
men draumen viste seg å bli sann.
Folk kom fram for kongen
for at han skulle dømme mellom dei.
Dei kunne stole på at han dømde klokt.

Ein dag kom to kvinner.
Dei bar kvart sitt spedbarn:
det eine dødt, det andre levande.

«Vi deler hus», sa dei.
«Vi fekk kvart vårt barn.
Ei natt døydde det eine barnet.
No kranglar vi om kven av oss
som er mor til det levande barnet.
Kva dømmer kongen?»

Salomo befalte: «Hent eit sverd!»
Vaktene gav kongen eit sverd.
Salomo sa: «Hogg det levande barnet i to
og gi kvar av kvinnene ein halvpart!»

Då ropte den eine kvinna: «Nei!
Ikkje drep barnet! Ho kan få han!»
Men den andre sa: «Jau, det er rettferdig.
Del barnet i to, så har ingen av oss barn.»
Då sa kongen: «Gi det levande barnet
til henne som ville redde det.
Ho er mora.»

Heile landet fekk stor respekt
for den unge kongen som dømde så klokt.

Men etter kvart som han blei eldre,
blei Salomo meir oppteken av rikdom og ære
enn av å skilje mellom godt og vondt.
Folk kom no langvegsfrå
for å beundre rikdommen hans.
Han gjorde fredsavtalar med landa omkring
ved å gifte seg med prinsessene der.
Etter kvart hadde han tusen koner
og tusen fredsavtalar.
Han bad til gudane til dei utanlandske konene
og gløymde å be til Israels Gud.
Han bygde det store tempelet i Jerusalem.
Men folket måtte betale store skattar
til kongen.

Då kong Salomo døydde,
blei det opprør i landet,
og kongeriket blei delt.

Les historia i Bibelen

12Då sa Salomo: Herren har sagt at han vil bu i ei mørk sky. 13Men no har eg bygd deg ein staseleg bustad, ein stad der du kan bu i all tid. 14Så snudde kongen seg og velsigna heile Israels forsamling medan dei stod. 15Han sa: Velsigna er Herren, Israels Gud, som med si hand har fullført det han med sin munn lova David, far min, då han sa: 16«Frå den dagen eg førte Israel, folket mitt, ut frå Egypt, har eg ikkje valt ut nokon by i alle Israel-stammane for at det skulle byggjast eit hus der til bustad for namnet mitt. Men eg valde David til å råda over Israel, folket mitt.» 17David, far min, hadde i tankar å byggja eit hus for namnet til Herren, Israels Gud. 18Men Herren sa til David, far min: «Då du hadde i tankar å byggja eit hus for namnet mitt, var tanken god. 19Likevel, det er ikkje du som skal byggja huset, men son din, som er av ditt eige kjøt og blod. Han skal byggja huset for namnet mitt.» 20No har Herren halde det ordet han tala. Eg har følgt etter David, far min, og teke sete på Israels kongsstol, slik Herren har sagt, og eg har bygd huset for namnet til Herren, Israels Gud. 21Der har eg sytt for ein stad for paktkista som inneheld den pakta Herren gjorde med fedrane våre då han førte dei ut frå Egypt. 22Så stod Salomo fram for Herrens altar midt framfor heile Israels forsamling. Han breidde hendene ut mot himmelen 23og sa: Herre, Israels Gud! Det finst ingen Gud som du, korkje oppe i himmelen eller her nede på jorda. Du held pakta og gjer godt mot tenarane dine når dei ferdast heilhjarta for ditt andlet. 24Du har halde den lovnaden du gav din tenar David, far min. Med di hand har du oppfylt det du lova med din munn, som det viser seg i dag. 25Så hald då, Herre, Israels Gud, den lovnaden du gav din tenar David, far min, då du sa: «Det skal aldri mangla ein mann av di ætt til å sitja på Israels kongsstol for mitt andlet, så sant sønene dine aktar på si ferd og vandrar for mitt andlet slik som du har gjort.» 26Lat det no stå fast, Herre, Israels Gud, det ordet du tala til din tenar David, far min! 27Men bur Gud verkeleg på jorda? Sjå, himmelen og himlars himmel kan ikkje rømma deg, langt mindre dette huset som eg har bygd! 28Vend deg mot bøna til tenaren din og ropet hans om nåde, Herre, min Gud! Høyr ropet frå tenaren din og den bøna han i dag bed for ditt andlet! 29Hald auga dine opne over dette huset natt og dag. Vak over den staden der du har lova at namnet ditt skal bu. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden! 30Ja, høyr den bøna om nåde som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, vende mot denne staden! Høyr dei i himmelen der du bur, høyr og tilgjev!

Les i nettbibelen