Skapinga

I byrjinga skapte Gud himmelen og jorda.
Men buskane var ikkje blitt til enno,
ingen plantar hadde spirt fram,
for Gud hadde enno ikkje late det regne på jorda,
og det fanst ingen menneske til å dyrke henne.
Då braut ei vasskjelde fram.

Gud forma mennesket av støv frå jorda
og bles livspust inn i nasebora.
Gud planta ein hage til mennesket,
full av blomstrar, tre og frukt,
med ei elv som rann forbi, rein og klar.
Han bad mennesket om å dyrke hagen
og passe på at alt fekk gro som det skulle.

Gud sa til mennesket:
«Leik og kos deg så mykje du vil!
Et av alle trea i hagen,
bortsett frå eitt tre
‒ det er treet til kunnskap om godt og vondt.
Dersom du et av det, må du døy.»

Mennesket leikte i hagen heile dagen,
det åt og kvilte i skuggen av trea.
Men det var heilt åleine i verda.
«Du skal ikkje vere åleine», sa Gud,
«du skal få ein hjelpar av same slag.»

Så forma Gud alle dyra i skog og fjell,
og alle fuglane som flaksar og flyg,
og alle krypa som kravlar på jorda.
Med brøl og brek og grynt og pip
gjekk alle fram for mennesket,
og mennesket gav dei namn.

Men framleis var mennesket åleine i sitt slag.
«Sov godt», sa Gud, og mannen sovna.
Gud tok eit ribbein ut av sida hans
og forma ein vakker skapning.
Han vekte mannen og sa:
«Sjå, her er kvinna, maken din,
no er du ikkje åleine lenger!»

Då tok mannen handa hennar.
Ho var mjuk og passa akkurat i hans.
Saman gjekk dei djupare inn i hagen.