Jesus tilgjev


Det var haust.
Jesus var i tempelet i Jerusalem
for å feire haustfesten.

Overprestane og farisearane ville ta Jesus til fange.
Dei meinte han talte gale om Gud.
Men vaktene dei sende ut, kom tilbake.
Dei sa at dei aldri hadde høyrt noko menneske tale slik som Jesus.
Vaktene hadde ikkje fått seg til å arrestere han.
Då bestemte farisearane seg for
at dei ville fange han på andre måtar.

Dagen etter haustfesten gjekk Jesus til tempelet igjen.
Folk samla seg for å høyre.
Han sette seg, og folk stod i ein halvsirkel rundt han.
Han begynte å fortelje, slik han brukte å gjere.

Då kom det nokre farisearar.
Dei drog med seg ei kvinne.
«Ho er teken på fersk gjerning.
Ho har lege med ein som ikkje er mannen hennar.
Lova som Moses gav oss, seier at ho skal steinast til døde.
Kva seier du til det?»

Folk såg forskrekka på kvarandre.
Dødsstraff hadde berre romarane lov til å gi.
Men dersom Jesus ikkje følgde Moselova,
ville farisearane få ein grunn til å ta han.
Så same kva han svarte,
ville dei få noko å klandre han for!

Men Jesus svarte ingenting.
I staden såg han ned.
Han skreiv på jorda med fingeren.

Farisearane gjentok: «Kva seier du?»
Då retta han seg opp og sa:
«Den av dykk som er utan synd,
kan kaste den første steinen på henne.»
Så bøygde han seg ned og skreiv på jorda igjen.

Då farisearane høyrde dette, gjekk dei bort,
éin etter éin, dei eldste først.
Til slutt var Jesus åleine igjen med kvinna.
Han retta ryggen, såg på henne og sa:
«Kvar er dei? Har ingen dømt deg?»
«Nei, Herre, ingen», svarte ho.
«Heller ikkje eg dømmer deg», sa Jesus.
«Gå bort, og synd ikkje meir frå no av.»

Ho gjekk derfrå med lette steg.
Det såg ut som om ho dansa.
Folk nikka og smilte til kvarandre.
Dei hadde aldri høyrt noko menneske tale som Jesus.

Les historia i Bibelen

53*Så gjekk dei heim, kvar til seg, 1og Jesus gjekk ut til Oljeberget. 2Tidleg om morgonen dagen etter kom han til tempelet att. Alt folket samla seg omkring han, og han sette seg og underviste dei. 3Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot. Dei førte henne fram 4og sa: «Meister, denne kvinna har dei gripe på fersk gjerning i ekteskapsbrot. 5I lova har Moses påbode oss å steina slike kvinner. Kva seier no du?» 6Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren. 7Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den første steinen på henne.» 8Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda. 9Då dei høyrde dette, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste først. Til sist var Jesus att åleine, og kvinna stod framfor han. 10Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?» 11«Nei, Herre, ingen», svara ho. Då sa Jesus: «Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!»•

Les i nettbibelen