Josva og Kaleb

Ørkenvandringa hadde vart lenge.
No nærma ho seg slutten.
No kunne dei sjå landet som Gud hadde lova dei.
Moses sa til folket: «Eg treng spionar,
éin frå kvar stamme i Israels folk.
Dei skal utforske Kanaan-landet,
det landet som Gud vil gi oss.»

Tolv unge menn steig fram.
Moses bad dei sjå korleis landet var,
han bad dei utforske byane, folket og jorda.
Dei drog av garde gjennom ørkenen
mot høge fjell og fruktbart land.
Etter førti dagar kom dei tilbake.
I Esjkol-dalen hadde dei skore av ein drueklase.
Den var så stor at to menn måtte bere han på ei stong,
og dei hadde med seg granateple og fiken.

Ti av spionane sa:
«Landet flyt av mjølk og honning.
Fruktene er dei største vi har sett.
Det bur mange ulike folkeslag der,
men dei er store og sterke, sterkare enn oss.
Vi er som grashopper mot dei.
Og det er umogleg å erobre byane.»

Men to av spionane, Josva og Kaleb, sa:
«Det er ikkje umogleg.
Vi kjem heilt sikkert til å sigre over dei!»
«Nei», sa dei andre, «det går ikkje,
for menneska der er som kjempar!»

Den natta klaga heile folket og gret.
«Berre vi hadde fått døy i Egypt!»
ropte dei gjennom nattemørket.
Josva og Kaleb flerra kleda sine og ropte høgt:
«Det er eit godt land, og Gud vil gi oss det!
Tvil ikkje på Guds løfte!
De skal ikkje vere redde for folket der,
Herren Gud vil vere med oss.
Ver ikkje redde!»

Folket blei rasande på Josva og Kaleb.
Dei løfta opp steinar for å drepe dei.
Men Gud sjølv stansa folket.
Gud sa: «I førti år skal de vandre.
Ørkenen skal vere heimen dykkar.
Berre Josva og Kaleb skal følgje barna dykkar
inn i det landet eg har lova dykk.»

Og slik Gud hadde sagt, slik blei det.

Les historia i Bibelen

1Herren sa til Moses: 2«Send av stad nokre menn for å utforska Kanaan-landet, som eg vil gje israelittane. Éin mann for kvar fedreætt skal de senda, og alle skal vera leiarar.» 3På Herrens ord sende Moses dei ut frå Paran-ørkenen. Kvar mann var mellom overhovuda for israelittane. 4Dette er namna deira: for Ruben-stammen Sjammua, son til Sakkur; 5for Simon-stammen Sjafat, son til Hori; 6for Juda-stammen Kaleb, son til Jefunne; 7for Jissakar-stammen Jigal, son til Josef; 8for Efraim-stammen Hosea, son til Nun; 9for Benjamin-stammen Palti, son til Rafu; 10for Sebulon-stammen Gaddiel, son til Sodi; 11for Josef-stammen, det vil seia Manasse-stammen, Gaddi, son til Susi; 12for Dan-stammen Ammiel, son til Gemalli; 13for Asjer-stammen Setur, son til Mikael; 14for Naftali-stammen Nahbi, son til Vofsi; 15for Gad-stammen Ge'uel, son til Maki. 16Det var namna på dei mennene som Moses sende for å utforska landet. Men han gav Hosea, son til Nun, namnet Josva. 17Då Moses sende dei av stad for å utforska Kanaan-landet, sa han til dei: «Dra opp til Negev og vidare opp i fjellet! 18Sjå korleis landet er, og om folket som bur der, er sterkt eller veikt, lite eller stort. 19Korleis er landet dei bur i, er det godt eller dårleg? Kva slag byar held dei til i, er det teltleirar eller festningsbyar? 20Og korleis er jorda, grøderik eller mager? Veks det tre der eller ikkje? Ver modige og ta med noko av førstegrøda i landet!» Det var tida for dei første druene. 21Så tok dei av stad og utforska landet frå Sin-ørkenen til Rehob ved Lebo-Hamat. 22Dei drog opp gjennom Negev og kom til Hebron. Der budde anakittane Ahiman, Sjesjai og Talmai. – Hebron var bygd sju år før Soan i Egypt. 23Då dei kom til Esjkol-dalen, skar dei av ei vinranke med ein drueklase. To mann bar han på ei stong. Dei tok òg granateple og fikenar. 24Den staden vart kalla Esjkol-dalen, etter den drueklasen som israelittane skar av der. 25Då det var gått førti dagar, vende dei attende etter å ha utforska landet. 26Dei kom til Moses og Aron og heile Israels forsamling i Kadesj i Paran-ørkenen. Dei gav rapport til dei og til heile forsamlinga og viste dei frukta dei hadde med frå landet. 27Til Moses fortalde dei: «Vi kom inn i det landet du sende oss til. Det fløymer verkeleg med mjølk og honning, og dette er frukta som veks der. 28Men folket som bur i landet, er sterkt, og byane er festningsbyar og svært store. Der såg vi anakittar òg. 29I Negev bur det amalekittar, i fjellandet bur det hetittar, jebusittar og amorittar, og utmed havet og langs Jordan bur kanaanearane.» 30Kaleb roa ned folket framfor Moses. «Kom, så går vi opp og tek landet i eige!» sa han. «Vi kjem heilt sikkert til å sigra over dei!» 31Men dei mennene som drog opp saman med han, sa: «Vi kan ikkje gå til åtak på dette folket, for dei er sterkare enn vi.» 32Dei sette ut rykte blant israelittane om landet dei hadde utforska. Dei sa: «Det landet vi drog gjennom og undersøkte, er eit land som et opp dei som bur der. Og alle folka vi såg, var storvaksne menn. 33Der såg vi kjemper òg – anakittane høyrer til kjempene. I eigne auge var vi som grashopper, og det var vi i deira auge òg.» 1Då braut forsamlinga ut i høge rop, og folket gret den natta. 2Alle israelittane klaga til Moses og Aron. Heile forsamlinga ropa til dei: «Berre vi hadde fått døy i Egypt eller her i ørkenen. Berre vi hadde fått døy! 3Kvifor fører Herren oss til dette landet så vi må falla for sverd og kvinnene og småborna våre bli krigsbytte? Var det ikkje betre for oss å venda attende til Egypt?» 4Og dei sa til kvarandre: «Vi vel ein leiar og vender attende til Egypt!» 5Då kasta Moses og Aron seg ned med andletet mot jorda framfor heile Israels forsamling. 6Josva, son til Nun, og Kaleb, son til Jefunne, som hadde vore med og utforska landet, reiv sund kleda sine 7og sa til heile forsamlinga av israelittar: «Det landet vi drog igjennom og utforska, er eit svært godt og innbydande land. 8Om han har si glede i oss, fører Herren oss inn i dette landet og gjev det til oss, eit land som fløymer med mjølk og honning. 9Gjer berre ikkje opprør mot Herren! De skal ikkje vera redde folket i landet, dei er berre ein brødbit for oss. Skuggen deira har vendt seg frå dei, men Herren er med oss. Ver ikkje redde dei!» 10Men heile forsamlinga ropa at dei skulle steinast. Då synte Herrens herlegdom seg for alle israelittane ved teltheilagdomen. 11Og Herren sa til Moses: Kor lenge skal dette folket forakta meg? Kor lenge skal dei la vera å tru på meg, endå eg har gjort så mange teikn mellom dei? 12Lat meg slå dei med pest og driva dei bort! Og så vil eg gjera deg til eit folk som er større og mektigare enn dei. 13Moses sa til Herren: Egyptarane har høyrt at du med di kraft førte dette folket opp frå landet deira, 14og dei har fortalt det til dei som bur i dette landet. Dei har høyrt at du, Herre, er midt iblant dette folket, at du viser deg for dei auge mot auge, Herre, når skya di står over dei, og at du går føre dei i ei skysøyle om dagen og i ei eldsøyle om natta. 15Lèt du dette folket døy, alle som ein, då kjem folka som har høyrt ryktet om deg, til å seia: 16« Herren makta ikkje å føra dette folket inn i det landet som han med eid hadde lova dei, så han slakta dei ned i ørkenen.» 17Men no, Herre, vis di store makt, slik du har sagt det: 18« Herren er sein til vreide og rik på miskunn. Han tilgjev skuld og lovbrot, men lèt ikkje den skuldige vera utan straff. Han straffar borna i tredje og fjerde ledd for synda til fedrane.» 19Tilgjev i di store miskunn den synda dette folket har gjort, slik du har tilgjeve dette folket heilt frå Egypt og til no. 20Då sa Herren: Eg tilgjev dei, slik du bed om. 21Men så sant eg lever, så sant Herrens herlegdom fyller heile jorda: 22Ingen av desse mennene som har sett min herlegdom og sett dei teikna eg gjorde i Egypt og i ørkenen, og som likevel har sett meg på prøve for tiande gong og ikkje høyrt på det eg har sagt, 23sanneleg, ingen av dei skal sjå landet eg med eid har lova fedrane deira. Ingen som foraktar meg, skal sjå det! 24Men Kaleb, tenaren min, har ei anna ånd i seg, og han har følgt meg trufast. Difor vil eg føra han inn i det landet han har vore i, og etterkomarane hans skal få ta det i eige. 25Men i dalane bur amalekittane og kanaanearane. I morgon må de snu og dra ut i ørkenen, langs vegen mot Sivsjøen. 26Herren sa til Moses og Aron: 27Kor lenge skal denne vonde forsamlinga klaga til meg? Eg har høyrt korleis israelittane klagar over meg. 28Sei til dei: Så sant eg lever, seier Herren: Som de har ropa meg i øyret, slik skal eg gjera med dykk. 29I denne ørkenen skal lika dykkar bli liggjande, alle de som vart mønstra i manntalet, alle frå tjue år og oppover som har klaga over meg. 30Ingen av dykk skal koma inn i landet som eg med lyft hand svor at de skulle få bu i – ingen utan Kaleb, son til Jefunne, og Josva, son til Nun. 31Men småborna dykkar, som de meinte ville falla i fiendehand, dei skal eg føra inn. Dei skal læra å kjenna det landet som de vraka. 32Men lika av dykk skal bli liggjande her i ørkenen. 33Og borna dykkar skal vera gjetarar i ørkenen i førti år. Dei skal lida for at de var trulause, til den siste av dykk endar som lik i ørkenen. 34Liksom de utforska landet i førti dagar, skal de bera skulda dykkar i førti år, eitt år for kvar dag. De skal få kjenna min uvilje. 35Eg, Herren, har sagt at slik vil eg gjera med heile denne vonde forsamlinga som har svore seg saman mot meg. I denne ørkenen skal dei enda sine dagar, her skal dei døy. 36Dei mennene som Moses hadde sendt for å utforska landet, kom att og sette heile forsamlinga opp mot han ved å spreia vonde rykte om landet, 37og desse mennene som sette ut vonde rykte om landet, døydde av pest for Herrens andlet. 38Av dei mennene som drog for å utforska landet, fekk berre Josva, son til Nun, og Kaleb, son til Jefunne, leva.

Les i nettbibelen