Jesus tolv år

Kvart år reiste Josef og Maria til Jerusalem for å feire påske.
Dei gledde seg.
Reisa tok ti dagar, og dei var mange på vegen.
I år var guten deira med som vanleg.
Alle smilte og var glade mens dei gjekk mot byen.

I Jerusalem budde Josef og Maria hos slektningar.
Kvar dag åt dei god mat, song og prata,
dei gjekk i dei tronge, overfylte gatene,
og dei besøkte det store tempelet.
Lukta av røykjelse hang i kleda deira heile veka.

Då påsken var slutt, gav dei seg på heimveg.
Det var eit stort følgje.
Ungane sprang fremst,
og alle delte mat, prat og latter undervegs.

Det gjekk ein dag før Josef og Maria oppdaga det:
Han var ikkje med dei.
Jesus var borte.

Dei skunda seg tilbake til Jerusalem.
Dei leitte overalt, blant venner og slektningar,
blant handelsmenn og buer og utanfor muren.
«Har nokon sett ein gut på tolv år?»

Etter tre dagar gjekk dei fortvilte til tempelet.
Der fann dei han, midt mellom lærarane.
Han sat og lytta og stilte spørsmål.
«Ein uvanleg klok ung mann», sa dei gamle.

Men mora sa: «Kvifor har du gjort dette mot oss?
Far din og eg har vore så redde!»
Guten såg forundra på dei og svarte:
«Visste de ikkje at eg må vere i huset til Far min?»
Maria og Josef forstod ikkje kva han meinte.
Kalla han tempelet for huset til Far sin?

Maria sa at han måtte bli med dei heim med ein gong.
Men ho gøymde orda han hadde sagt, i hjartet sitt,
og sidan tenkte ho ofte på dei.

Jesus tok farvel med lærarane,
forlét tempelet og Jerusalem
og følgde lydig med heim til huset til mor si.

Fargeleggingsark til gratis nedlastning

Les historia i Bibelen

41Kvart år fór Jesu foreldre til Jerusalem i påskehøgtida. 42Og då han var tolv år, drog dei som vanleg dit opp til høgtida. 43Men då høgtidsdagane var til ende og dei skulle fara heim, vart guten Jesus verande att i Jerusalem, og foreldra hans la ikkje merke til det. 44Dei tenkte han var med i følgjet, og fór ei dagsreise fram før dei tok til å leita etter han mellom slektningar og kjenningar. 45Sidan dei ikkje fann han, fór dei attende til Jerusalem og leita etter han der. 46Men først etter tre dagar fann dei han i tempelet. Der sat han midt blant lærarane og lydde på dei og stilte spørsmål. 47Og alle som høyrde på han, undra seg over kor klok han var og kor godt han svara. 48Då foreldra fekk sjå han, vart dei slegne av undring, og mor hans sa: «Kvifor har du gjort dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.» 49Men han svara: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min?» 50Men dei skjøna ikkje kva han meinte med dette. 51Så vart han med dei heim til Nasaret og var lydig mot dei. Men mor hans gøymde alt dette i hjartet sitt.

Les i nettbibelen