Trøysteord til dei bortførte

Landet Israel blei delt i to rike.
Nordriket blei invadert og fall.
Sørriket med Jerusalem klarte seg lenger,
men var omgitt av fiendar.

Så skjedde det at prinsen av Babel erobra Jerusalem.
Men han la ikkje byen i ruinar – ikkje denne gongen ‒
og han førte ikkje folket i lenkjer til Babel.
Han gjorde berre dette:
Han røva med seg vakre og flinke gutar,
slike som ville passe ved hoffet i Babel.

Mødrene skreik då gutane blei bortførte,
men resten av folket stod tause igjen,
letta over at det ikkje var dei – denne gongen.

Blant gutane var Daniel og vennene hans.
«Vi må aldri gløyme kven vi er.
Vi må aldri gløyme Jerusalem», kviskra dei.

I det framande landet blei dei behandla godt.
Dei fekk opplæring i språk og visdom,
og dei fekk ete ved bordet til kongen.

Likevel gløymde dei ikkje boda heimanfrå,
dei heldt bønetider og heldt seg unna urein mat.
Slik heldt dei motet oppe hos kvarandre.

Ein dag kom det eit brev.
Det var frå profeten Jeremia i Jerusalem.
Han skreiv til dei som var bortførte:
«Eg veit kva tankar eg har med dykk,
seier Herren, fredstankar og ikkje ulykkestankar.
Eg vil gi dykk framtid og håp.
Når sytti år er gått, fører eg dykk tilbake.»

Dei såg på kvarandre og nikka bestemt:
«Vi vil aldri gløyme Jerusalem!»

Les historia i Bibelen

10Så seier Herren: Når sytti år er gått for Babel, skal eg sjå til dykk. Då skal eg oppfylla min gode lovnad for dykk og føra dykk tilbake til denne staden. 11For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.

Les i nettbibelen

1I det tredje året Jojakim var konge i Juda, kom Nebukadnesar, kongen i Babel, til Jerusalem og kringsette byen. 2Herren gav Juda-kongen Jojakim over i hans hender, og like eins noko av utstyret i Guds hus. Nebukadnesar tok det med til Sinear-landet, til huset til sin gud. Han sette tempelutstyret i skattkammeret til sin gud. 3Kongen sa til Aspenas, hoffsjefen, at han skulle henta nokre israelittar frå kongsætta og frå dei fremste familiane, 4unge gutar utan feil på kroppen og vakre å sjå til, kunnige i alle slag visdom, kunnskapsrike og lærenæme, skikka til å gjera teneste i kongens slott. Dei skulle han læra opp i skriftene og språket til kaldearane. 5Kongen fastsette at dei kvar dag skulle få eta maten og drikka vinen frå kongens bord. I tre år skulle dei få opplæring, og etter den tid skulle dei gå i teneste for kongen. 6Mellom dei var jødane Daniel, Hananja, Misjael og Asarja. 7Hoffsjefen gav dei nye namn. Daniel kalla han for Beltsasar, Hananja for Sjadrak, Misjael for Mesjak og Asarja for Abed-Nego. 8Daniel sette seg føre at han ikkje ville gjera seg urein med maten og vinen frå kongens bord. Han bad hoffsjefen om å få sleppa å gjera seg urein. 9Og Gud laga det så at hoffsjefen fekk godhug og velvilje for Daniel. 10Men hoffsjefen sa til Daniel: «Eg er redd for at herren min, kongen, som har fastsett kva de skal eta og drikka, skal synast at de ikkje ser så friske ut som dei andre gutane på dykkar alder, og då har de sett livet mitt i fare hos kongen.» 11Då sa Daniel til oppsynsmannen som hoffsjefen hadde sett over Daniel, Hananja, Misjael og Asarja: 12«Prøv tenarane dine i ti dagar! Gjev oss grønsaker å eta og vatn å drikka! 13Så kan du sjølv sjå korleis vi ser ut, og korleis dei gutane ser ut som et av maten frå kongens bord, og gjera med tenarane dine ut frå det du då får sjå.» 14Han høyrde på dei i denne saka og prøvde dei i ti dagar. 15Då dei ti dagane var gått, viste det seg at dei såg betre og sunnare ut enn dei gutane som hadde ete av maten frå kongens bord. 16Då lét oppsynsmannen dei sleppa denne maten og vinen og gav dei grønsaker. 17Gud gav dei fire gutane kunnskap og vit på alle skrifter og all slags visdom. Og Daniel skjøna seg på alle slags syn og draumar. 18Då den tida kongen hadde fastsett, var ute og dei skulle førast fram for han, førte hoffsjefen dei fram for Nebukadnesar. 19Kongen snakka med dei, og det fanst ingen som kunne måla seg med Daniel, Hananja, Misjael og Asarja. Og dei gjekk inn i teneste hos kongen. 20Kvar gong kongen spurde dei til råds i saker som kravde visdom og vit, fann han at dei var ti gonger så vise som alle draumetydarar og åndemanarar i riket. 21Daniel vart verande der til første regjeringsåret til kong Kyros.

Les i nettbibelen