Utsendinga

Etter at Jesus var stått opp frå grava,
fekk læresveinane og han førti dagar saman.
Førti dagar der alt var som før,
og der ingenting lenger var som før.
Han kunne gå gjennom låste dører.
Han kunne komme utan at dei kjende han igjen,
og plutseleg forsvinne for auga på dei.
Han var den same, og likevel annleis.

Ein gong bad han dei bli med opp
på eit høgt fjell med vidstrekt utsikt.
Der sa han til dei: «Eg har fått
all makt i himmelen og på jorda.»
Han peikte utover og sa:
«Gå derfor og gjer alle folkeslag til læresveinar.
Døyp dei, lær dei å halde boda, og sjå, eg er med dykk
alle dagar så lenge verda står.»

Mens han velsigna dei,
blei han teken opp til himmelen.
Dei stod igjen og såg på kvarandre.
«Det er no det heile begynner.
Verda ligg framfor oss og ventar.»

Fargeleggingsark til gratis nedlastning

Les historia i Bibelen

18Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande 20og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

Les i nettbibelen