– Dei er familien min

– Ingen andre organisasjonar har tent oss så samanhengande og konsekvent, og med så stort hjarte som Bibelselskapet.

En mann som holder en eske.
– Jesus metta fem tusen menneske med fem brød og to fiskar. Med hjelpa frå Bibelselskapet har også vi kunne sørgje for at brørne og søstrene våre får næring både for kroppen og sjela, seier pastor Amjad Ajailat.

Artikkelen er hentet fra bladet Bibelgaven.

Det er Amjad Ajailat som seier dette. Han er pastor i den evangeliske Allianse-kyrkja i byen Madaba i Jordan, og har samarbeidd med Bibelselskapet i ulike samanhengar heilt sidan 2009.

Fem mil sør for hovudstaden Amman ligg byen som tradisjonelt har hatt mange livskraftige kyrkjer og fleire kristne enn elles i Jordan.

Madaba er jamstor med Hamar, og har om lag 30 000 innbyggjarar.

– Det vil seie før krigen i Syria. Dei siste åra har folketalet meir enn dobla seg, fortel Amjad.

Brør og søstrer

Over 30 000 flyktningar har kome. Det er dei som er arbeidsområdet og misjonsmarka til pastor Amjad Ajailat.

Du er jo ikkje den ekte bror min, men for meg er alle de som har kome til oss som brør og søstrer

Amjad Ajailat - Pastor

Han er ein eldre mann i 60-åra, med briller, grått hår og enkle reine arbeidsklede. Vi møter han på ein benk i lagerlokalet som kyrkja hans disponerer. Ved sida av sit bror hans, Malath Al Hussaini.

– Du er jo ikkje den ekte bror min, men for meg er alle de som har kome til oss som brør og søstrer, smiler Amjad, og klappar Malath venleg på aksla.

Samarbeidet med Bibelselskapet

Også i Syria er det kristne kyrkjer, men det er ikkje dei kristne syrarane som har kome til Madaba.

– Alle flyktningane er muslimar, men for meg er dei likevel som familien min å rekne, seier Amjad, som held dørene i kyrkja opne for alle som vil kome.

Og det er mange som kjem.

Allianse-kyrkja starta allereie i 2009 eit samarbeid med Bibelselskapet om hjelpearbeid mellom sigøynarane som budde i telt i utkanten av byen.

I 2011 kom den arabiske våren, og snart etter byrja krigen i Syria. Frå då til i dag har Jordan teke i mot millionvis av flyktningar.

– Etter at flyktningane byrja å strøyme til Madaba, tok vi ny kontakt med Bibelselskapet, for no såg vi at det også var andre grupper som trengte oss, fortel Amjad.

Alle flyktningane er muslimar, men for meg er dei likevel som familien min å rekne

Amjad Ajailat - Pastor

Lekam og sjel

Dei fleste flyktningane kom utan anna enn det dei stod og gjekk i då dei drog.

– Bibelselskapet hjelpte oss ikkje berre med biblar, men støtta oss også med matrasjonar, madrassar og varmekjelder til flyktningane.

På same måten som Jesus såg at folket som følgde han også trong mat, har Allianse-kyrkja fokus på heile mennesket.

– Jesus metta fem tusen menneske med fem brød og to fiskar. Med hjelpa frå Bibelselskapet har også vi kunne sørgje for at brørne og søstrene våre får næring både for kroppen og sjela, seier Amjad.

Covid-nedstenging

Brått kjem ei lita jente springande mellom dei to eldre mennene som sit saman på benken utanfor varehuset. Ho kliv opp på fanget til Malath, som sit ved sida av pastoren.

Min største draum er å kome heim att til huset mitt i Syria, og kunne sjå at heile familien kan leve trygge liv, og at borna kan få ei god utdanning

Malath Al Hussaini -

– I søndagsskulen vår hadde vi 180 flyktningborn frå krigssonene før kyrkja måtte stenge på grunn av pandemien, og takka vere Bibelselskapet hadde vi ressursar til å hjelpe både dei og mødrene deira, seier Amjad

– Min største draum er å kome heim att til huset mitt i Syria, og kunne sjå at heile familien kan leve trygge liv, og at borna kan få ei god utdanning, seier Malath.

Covid-pandemien er på hell også i Jordan, og dei to på benken ser begge fram til at kyrkja opnar igjen.

– Uansett kva som skjer vil eg alltid hugse kva pastoren og kyrkja hans har gjort for oss, og eg vil for alltid vere takksam for dei kristne i andre land som gjer arbeidet hans mogleg, seier Malath Al Hussaini.

700 familiar i månaden

I Jordan er det no registrert over 1,5 millionar flyktningfamiliar. Berre i byen Madaba er det over 30 000 flyktningar. Det jordanske bibelselskapet har ansvar for 700 familiar i månaden.

Ingen stad i verda er det enkelt for eit lokalsamfunn å handtere ei brå dobling av folketalet, men når syrarane flyktar til nabolanda, har dei ei fordel, dei kjem til sine eigne: På begge sider av grensa er kulturen den same, og dei snakkar også det same språket.

Dette gjer det litt enklare for flyktningane å finne seg arbeid og gjere seg kjende i lokalmiljøet.

Trass i både kreftsjukdom og hjartesjukdom har pastor Amjad Ajailat i ti år drive eit omfattande og utmattande arbeid mellom dei titusenvis av muslimske flyktningane som kjem til byen hans.

– Samarbeidet med Bibelselskapet gjer at eg får ei oppleving av å vere del av ei verdsvid kyrkje som saman tener Guds kongerike. Det er ei påminning om at kvar ny dag i arbeid er nåde frå Gud, seier han.