Egypt og Bibelen

Sjølv om Egypt har eit stort muslimsk fleirtal (ca. 85 prosent), er landet framleis heimen til den største gruppa av kristne i Midtausten – den koptiske kyrkja.

Ein stabel av den nyleg lanserte van Dyke-studiebibelen stilt ut på standen til Det egyptiske bibelselskapet under den internasjonale bokmessa i Kairo, sommaren 2022.
Ein stabel av den nyleg lanserte van Dyke-studiebibelen stilt ut på standen til Det egyptiske bibelselskapet under den internasjonale bokmessa i Kairo, sommaren 2022.

Ifølgje tradisjonen kom kristendommen til Egypt med apostelen Markus i år 42 etter Kristus. Trass i den arabisk-muslimske erobringa i år 640 var kristendommen majoritetsreligion i landet i over 1000 år. Det er ein nesten umetteleg hunger hos dei kristne: Dei må ha Bibelen! Vi har over 10 millionar kristne i Egypt, og den koptiske kyrkja er veldig engasjert i Bibelen, seier generalsekretær for Det egyptiske bibelselskapet, Amir Elhamy.

16 bokhandlar

Distribusjon og sal av biblar skjer gjennom Bibelselskapets 16 bokhandlar som er spreidde over heile Egypt.

– Gjennom bokhandlane, bokmesser og andre arrangement driv vi også eit aktivt oppsøkande arbeid overfor både enkeltpersonar og kyrkjelydar, fortel Elhamy.

Mest populære er dei små lommeversjonane, som er enkle for folk å ha i bilen eller i veska. Dei er også eigna for å gi bort til andre, til dømes ved minnegudstenester eller som gåve til unge menneske i fattige kyrkjer som ikkje har biblar. Slik utdeling er tillate - så lenge ho skjer innan kyrkjerommet og biblane er kjøpt.

– Då Bibelselskapet nyleg opna ein ny bokhandel i ein by på Nildeltaet, kom ein mann og kjøpte ei stor mengd nytestamente for utdeling ved ei minnegudsteneste.

Mange egyptarar har ikkje pengar til å betale full pris for ein bibel. Derfor tilbyr Bibelselskapet biblar og nytestamente til subsidierte prisar.

– Også i Egypt har vi slite med økonomiske og sosiale problem i kjølvatnet av Covid-19- pandemien. Derfor er etterspurnaden etter billege bibelutgåver større enn tidlegare.

Bibelselskapet er avhengig av støtte frå bibelvener i andre land for å møte behova til dei fattigaste kyrkjelydane, seier generalsekretæren.

Frå Bibelselskapets stand ved den internasjonale bokmessa i Kairo.

Bokmesser

Bokmessene gir Bibelselskapet høve til å selje Bibelen til folk som aldri ville gått inn i ei kyrkje eller ein kristen bokhandel. Den internasjonale bokmessa i Kairo er på den måten ei viktig opning til eit nytt publikum: Det kjem, kvart einaste år, både kristne og muslimar til Bibelselskapets stand. Nokre kjem fordi dei er på jakt etter ressursmateriell for å samanlikne religionar, andre ønsker å kjøpe ein studiebibel.

– Nokre er audmjuke, mens andre kan vere aggressive og konfronterande. Dei aller fleste har likevel alvorlege og oppriktige spørsmål om Bibelen og bibeltekstane, fortel generalsekretæren.

«Eg takkar Bibelselskapet i Egypt for arbeidet dei har gjort med Studiebibelen. Boka inneheld historiske, geografiske og språklege forklaringar og mykja anna bakgrunnsinformasjon som hjelper lesaren til å forstå bibeltekstane. Dette er ei bok som fokuserer på opphavet og bakgrunnen for orda, og gir ei forklaring på dei.»

Pave Tawadros II -
Generalsekretær Amir Elhamy i Det egyptiske bibelselskapet saman med pave Pave Tawadros II.

Ny studiebibel

Sidan 2002 har Bibelselskapet jobba med å lage ei arabisk studieutgåve til van Dyke-omsetjinga av Bibelen, verdas mest brukte arabiske bibel. Eit stort team av bidragsytarar og redaktørar har delteke, og representantar for alle kyrkjesamfunna i Egypt har gitt respons undervegs i arbeidet.

– I mai 2022 kunne vi ta imot dei første trykte eksemplara av Studiebibelen. Heile 4000 eksemplar blei selde dei to første vekene, og resten av opplaget blei rive bort på den internasjonale bokmessa i Kairo i juni, fortel generalsekretæren.

Overhovudet for Den koptisk-ortodokse kyrkja, pave Tawadros II, har støtta arbeidet med studieutgåva. I juni 2022 fekk han overrekt den nyleg lanserte van Dyke-studiebibelen. «Det er eit velsigna arbeid som er blitt gjort. Eg oppmodar alle, spesielt teologar, prestar og pastorar i kyrkjene, men også andre menneske i kyrkjeleg teneste og kristne huslydar, til å skaffe seg denne boka,» uttalte paven ved overrekkinga.

Bibelselskapet har no starta på eit nytt prosjekt, Den egyptisk-arabiske bibel, som er skrive på eit språk som ligg nært egyptisk daglegtale.

Denne Bibelen vil gjere det mogleg for millionar av egyptarar å lese Guds ord på morsmålet sitt – for første gong.


Egypt i Bibelen

  • Abraham og Sara drog til Egypt da ein hungersnaud råka landet dei budde i (1 Mos 12,10–13,1).
  • Sonen, Isak skulle ikkje dra dit da det vart hungersnaud (1 Mos 26,2).
  • Hagar, som var mor til Abraham sin første son, Ismael, var frå Egypt (1 Mos 21,9).
  • Josef vart seld av brørne sine til kjøpmenn som tok han med til Egypt, der han etter kvart vart ein viktig medarbeidar for farao. Gjennom det arbeidet berga han livet til familien sin, og dei slo seg ned i Egypt (1 Mos 37–50).
  • Etter lang tid flykta israelsfolket frå slavearbeidet (2 Mos 1–13).
  • Mange av profetane, mellom anna Jesaja (Jes 19), Jeremia (Jer 46) og Esekiel (29,1) nemner Egypt fleire gonger og har bodskap til landet og folket. Jeremia levde ei tid i Egypt (Jer 43).
  • Jesus budde ei tid i Egypt (Matt 2,14 og 2,19).
  • Det kom jødar frå Egypt til pinsefeiringa i Jerusalem (Apg 2,10).

Dei øvrige Egypt-referansane i NT inngår i talar om israelsfolket si tid i Egypt.