Familiar les Bibelen saman
Barnebiblar med aktivitetar, oppgåvehefte, bibel-apps og mykje meir. Det egyptiske bibelselskapet inspirerer skuleelevar til å opne Bibelen – og foreldra les med.
– Eg har framleis den Bibelen som eg fekk av dykk i 4. klasse, og eg les i han enno.
Myrna går i 7. klasse i ein fattig landsby i Egypt, og orda kjem då medarbeidarar frå Det egyptiske bibelselskapet vitjar skulen. For tre år sidan delte dei ut barnebiblar til alle barna i klassen.
Myrna fortel vidare:
– Eg les ofte i Bibelen min. Eg får verkeleg mykje ut av han. Men då eg hadde mange lekser, rakk eg ikkje å lese så mykje.
Den første bibelen i familien
Fabrina, ei anna jente i klassen, fortel at det var den første Bibelen som familien hennar hadde i heimen. Ho fortel at mor hennar kvar kveld, før ho skal legge seg, har byrja å lese ei historie for henne frå barnebibelen. Ein kveld blei Fabrina så oppteken av forteljinga om møtet mellom engelen Gabriel og Maria, at ho og veslebroren hennar laga eit lite skodespel om Maria som fekk vite at ho skulle bli mor til Guds son. Når medarbeidarane frå Det egyptiske bibelselskapet tek kontakt med nokre av elevane frå dei yngre klassane, fortel Karen, 9 år, om den illustrerte Bibelen ho fekk frå Bibelselskapet:
– Då eg las i Bibelen, blei eg mykje klokare. Eg lærte ein masse som eg ikkje visste frå før. Yndlingshistoria mi er om Gud som skapte den vakre verda.
«For oss er det heilt avgjerande at både barna og familiane får glede av Bibelen. Like viktig er det at kontakten mellom kyrkja og familiane blir styrkt. Derfor driv vi bibelutdeling både i skulane og i kyrkjene.»
Barna forstår Bibelen
Mary er søndagsskolelærar i den lokale kyrkja for elevar frå 3. og 4. klasse. Ho fortel at dei er veldig takksame for bibelmateriala til barn, dei omfattar både illustrerte barnebiblar, oppgåve- og aktivitethefte og bibel-apps.
– Barna forstår Bibelen fordi bodskapen er klart og enkelt formidla, og skriven på det språket dei brukar til dagleg.
Ein del av materiala og oppgåvehefta er nemleg på forenkla, ikkje klassisk, arabisk. Det gjer det lettare både for barn og lesesvake å forstå tekstane.
– Vi håpar det vil stimulere lysta til å lære dei bibelske forteljingane – og også byggje opp trua på Gud, både for barna og for familiane deira, fortel Mary.
Og noko tyder på at biblar og hefte ofte blir til glede og nytte for heile familien. Ei mor, Sara, fortel:
– Eg elskar å lese i Bibelen om natta. Oppgåveheftet er det som oppmuntrar meg til å opne Bibelen min. Før las eg – og forstod ingenting. Men når eg svarar på spørsmåla i heftet, hjelper dei meg med å forstå kva forteljingane handlar om.
Dei stille stundene med bibel og oppgåvehefte har inspirert Sara til å engasjere heile familien i Bibelen:
– Vi sit saman og les i Bibelen og løyser oppgåvene i heftet. Eg elskar verkeleg denne familietida. Mannen min har òg kome med, for han likar å bruke tid med familien. Nokre gonger arbeider vi på kvar vår oppgåve, og når alle er ferdige, går vi gjennom svara saman.
Treng hjelp til å styrke kyrkjer og familiar
For Det egyptiske bibelselskapet er det heilt avgjerande at både barna og familiane deira får glede av biblar og bibelsk materiale. Og like viktig er det at kontakten mellom lokale kyrkjer og familiane blir styrkt. Derfor går utdelingane ikkje berre føre seg i skulane, men òg i kyrkjene, som samstundes tilbyr gudstenester og andre aktivitetar for familiane.
Men liksom resten av landet, opplever også Bibelselskapet og kyrkjene vanskelege økonomiske tider. Inflasjonen er enorm nett no, over 30 prosent det siste året, og kyrkjer og enkeltpersonar må først og fremst sørgje for dei mest basale behova. Derfor treng Det egyptiske bibelselskapet støtte og bøner slik at dei kan oppretthalde det viktige arbeidet med bibelutdeling på kristne skular og i kyrkjer.
Be for Egypt
• Be om at Bibelselskapet i Egypt skal få den naudsynte støtta dei treng for å dele ut barnebiblar og anna bibelsk materiale til skular og kyrkjer.
• Be om at dei økonomiske utfordringane Bibelselskapet og kyrkjene møter, kan bli lettare, og at arbeidet kan halde fram.
• Be om at bibelmateriala som blir delte ut til skuleelevar og familiar, vil inspirere og styrke dei kristne i trua.
• Be spesielt om at barna skal forstå og glede seg over Bibelen, og at dei saman med familiane kan oppleve åndeleg vekst gjennom lesinga og aktivitetane.
• Be om at fleire familiar blir engasjerte i Bibelen og kyrkjelydslivet, og at dette fører til større tru og sterkare fellesskap i lokalsamfunna.