Gud kjem heilt nær

Språket er reiskapen vi har for å forstå verda og oss sjølve. Språk lærer vi først av foreldra våre. Det språket som blir snakka til oss når vi er små, blir til hjartespråket og morsmålet vårt. For å forstå verda må vi òg vite kva Gud, skaparen vår, seier.

To eldre kvinner frå Lisu-folket i tradisjonelle folkedrakter.
Lisu-folket lever i grensetraktene mot Thailand og Burma. Misjonærar kom med Guds ord til denne folkegruppa for over hundre år sidan, men først i 2016 fekk dei Bibelen på sitt eige språk.

I Kina er det mange etniske minoritetsgrupper som framleis ikkje har høyrt Guds ord, for Bibelen er enno ikkje omsett til hjartespråket deira. Det dei veit om Gud, kan kanskje samanliknast med ein telefonsamtale med dårleg tilkopling, der ein høyrer stemmen langt unna, hakkete og svakt.

Hjartespråket

Sjølv om etniske minoritetar i Kina i aukande grad er i stand til å lese og skrive kinesisk, er ikkje dette hjartespråket deira. Standard mandarin er nasjonalspråket i landet, og det blir nytta på skular og arbeidsplassar i heile Kina men nasjonalspråket talar ikkje til hjartet til desse menneska.

«Når eg les Bibelen på kinesisk, føler eg det som om Gud er ein lærar som snakkar til meg. Men når eg les på mitt eige språk, lisu, kjennest det som det er far min eller mor mi som snakkar. Guds ord blir mykje nærare og meir intimt.»

Det var vitnesbyrdet ein kristen frå lisu-stammen i Kina delte med Kua Wee Seng under ei vitjing til denne folkegruppa. Wee Seng er tidlegare direktør for Kina-arbeidet til Dei sameinte bibelselskapa.

Kristne frå etniske minoritetar må få vite at Gud ikkje er ein framand eller ein skule-lærar, men ein som står dei nærare enn sjølv foreldra deira gjer. Dei treng å høyre Guds røyst tale til hjarta deira.

Bibelomsetting

Sidan tidleg på 2000-tallet har Dei sameinte bibelselskapa (UBS) støtta kyrkjene i Kina med bibelomsetting til etniske minoritetsspråk. Kvar omsetting blir gjort av eit team av lokale pastorar og predikantar. Dette arbeidet går på tvers av oppgåvene dei elles har i kyrkja, kvar dei bur eller stillinga deira. Saman med omsettarane frå UBS går teamet gjennom den vanskelege prosessen med å utarbeide, gjennomgå, sjekke og vurdere kommentarar og korrekturlese bibelteksten - før han til sist blir trykt og utgjeven. Denne prosessen kan ta opp mot 15–20 år, altså ein fjerdedel av eit menneskeliv. Og det er det verd. «Å vere med på å gjere Bibelen tilgjengeleg på morsmålet har vore ein av dei mest tilfredsstillande og viktigaste milepælane i livet mitt», fortalde ein bibelomsettar som arbeidde med omsetting til språket aust-lisu.

Dette arbeidet er grunnleggjande viktig for å spreie Guds sanne ord: Som alle kristne er også minoritetsfolk avhengige av Bibelen for åndeleg vokster og det å vere ein sann læresvein av Jesus. Også dei treng Guds ord på sitt eige språk når dei skal dele trua med familie og vener. Det har vist seg at evangeliseringa er mest effektiv når ho skjer mellom folk med same kulturbakgrunn og språk, og framleis har fleirtalet av dei 115 millionane etniske minoritetsfolka i Kina ikkje kome til tru.

Ung kvinne frå Lisu-folket i tradisjonell drakt

Sjølvrespekt

Eit bibelomsettingsarbeid blir raskt ei sak for heile stamma eller språkgruppa. Ikkje alle etniske minoritetar har eit skriftspråk, og for dei som har det, er det sjeldsynt at dei får ei bok eller ein publikasjon trykt på sitt eige språk. Når dei først har fått det, gir det ei kjensle av verdi, sjølvrespekt og identitet. Dei veit at språket deira blir teke vare på og vil bli gitt vidare til komande generasjonar. Når Bibelen er trykt på eit etnisk minoritetsspråk, vil han løfte heile stamma – både åndeleg og kulturelt.

Storparten av dei etniske minoritetane i Kina bur i avsidesliggjande fjellområde, og dei er vanlegvis fattige. Dei fleste av dei livnærer seg som sjølvbergingsbønder. Også bibelomsettarane må veksle mellom gardsarbeid, familieforpliktingar og tenesta dei gjer som omsettarar. Difor treng dei vår hjelp. Nokre treng ei datamaskin, andre berre enkle møbel. Dei fleste må ha innføring og opplæring i lingvistisk arbeid, og nokre må få økonomiske tilskot før draumen om å ha Guds ord på sitt eige morsmål blir oppfylt.

I tillegg til bibelomsetting treng etniske minoritetar også omsetting av læreverk og studiemateriell om Bibelen, slik at dei kan få ei djupare forståing av Guds ord. Slike ressursar skal òg produserast for språk som alt har fått ei bibelomsetting.

I år planlegg vi å halde fram med å støtte fire omsettingsteam og to team som omsett ressursmateriale. Arbeidet vil gi velsigning til rundt 800 000 kristne og potensielt nå åtte millionar menneske frå etniske minoritetar ved å gi dei tilgang til Guds ord på morsmålet deira.


Pastor Bao (portrett)

Pastor Bao

«Tidlegare var det berre Det nye testamentet som var omsett til wa. Det var det amerikanske misjonærar som gjorde. Vi hadde òg nokre lausrivne tekstar frå Det gamle testamentet. Lenge høyrde kristne som snakka wa difor berre om første og andre Mosebok, Adam, Eva og Moses, og nokre få andre historier frå den delen av Bibelen. Dei var ikkje i stand til å setje saman Guds ord til ei fullstendig, konsistent og samanhengande forteljing.

Takka vere hjelpa frå bibelvener i Noreg vil folket vårt snart kunne lese heile Bibelen på hjartespråket.»


Pastor Li (portrett)

Pastor Li

«Det som motiverte meg til å engasjere meg i bibelomsettinga, var at også eldre kristne no får ein sjanse til å lese Bibelen og høyre Guds ord lese og forkynt på sitt eige språk. Ei anna gruppe menneske som ligg meg på hjartet, er dei ikkje-truande i mi stamme.

Eg trur Guds ord har krafta i seg til å forme og påverke hele yi-stammen i generasjonar framover. Dette er det mest meiningsfulle arbeidet eg nokon gong har gjort. Det har vore ei stor ære.»

Pastor Li har omsett Bibelen til yi-språket.