Gud kom til søppelbyen

Gud høyrde ropa frå eit samfunn av forakta og avviste menneske, dei som står nedst på rangstigen i det egyptiske samfunnet. Zabbaleenarane, eller «søppelfolket» bur i bydelen Mokkatam, 20 minutt med bil frå sentrum av den egyptiske hovudstaden Kairo.

Fader Saman sitjande - ein eldre mann med langt kvitt skjegg
Fader Samaan For nesten 40 år sidan var det ein mann som brydde seg om zabbaleenarane, eller søppelfolket. Han heitte Samaan. – Gud bad meg kysse hendene deira og sette sko på føtene deira, seier han.

Kvar morgon ved soloppgang forlèt over 7000 søppelsamlarar Mokkatam med hestevogner eller i små lastebilar. Dei dreg inn til Kairo, der dei samlar saman over 13 000 tonn avfall frå nesten 17 millionar innbyggarar. Avfallet tek dei med seg heim, - der kvinner og barn sorterer søppelet i haugar med organisk og uorganisk avfall. Organisk søppel blir brukt til å mate husdyra som streifar rundt i gatene.

Det var ei tid då det verka som om livet stod stille for søppelfolket. Ingen brydde seg om dei, dei var utstøytte og rekna som ureine, fordi dei handterte avfall og levde mellom grisar.

Fader Samaan

Men så, for nesten førti år sidan, var det ein mann som brydde seg – fader Samaan.

– Då eg først kom til søppelbyen, og stod ved inngangen til den første gata, såg eg at alle heimane var laga av teltduk. Folka hadde ikkje stolar å sitte på. Dei sat på papp på bakken. Det var ikkje opparbeidde vegar, ikkje straum eller vatn. Stanken frå dei daude dyra var frykteleg. Området var ikkje eigna for menneske. Likevel blei eg eigentleg ikkje så påverka av alt dette. Det som verkeleg gjorde inntrykk på meg, var vissa om at alle desse menneska trong Kristi nåde. Det andre spelte mindre rolle, seier han.

Denne erkjenninga brende seg inn i fader Samaans hjarte. Der og då bestemde han seg for å bli Guds reiskap for endring. Han skulle vasse gjennom grisebingar og bokstaveleg talt trekke folk opp av gjørma, og presentere dei for Guds kjærleik.

– Når eg gjekk ut for å invitere folket til å kome og høyre om Gud, gøymde dei seg i grisebingane. Eg pleidde å gå med sandalar, og til tider klarte eg ikkje få føtene opp av gjørma. Då sa Gud at eg skulle bruke støvlar. Den andre tingen han fortalde meg, var å ta med ei lommelykt - for det var så veldig mørkt over alt.

– Så stakk eg buksene ned i støvlane og tok med lommelykta for å spore opp menneska som budde her. Dei var engstelege, og det var ikkje lett for dei å gi seg til kjenne. Men Gud bad meg kysse hendene deira og deretter hovudet. Dersom dei framleis ikkje ville kome, bad Gud meg om å ta med sko og sette på føtene deira: «Då vil dei verkeleg bli skaka, og så skal dei følgje deg.»

– Alt dette lærte eg av Den heilage ande. Han fortalte meg korleis eg skulle gå fram for å vinne tillit mellom menneska her, fortel Samaan.

Motiv frå den største kyrkja i Midtausten - grottekyrkja i Mokkatam med 20 000 sitteplassar.

Ei kyrkje for 20 000

Etter kvart som talet på truande i Mokkatam vaks, blei det tydeleg at zabbaleenarane trong eit gudshus. I 1986 kom ein arbeidar til å sleppe ein stein på bakken. Steinen fall ned i ei naturleg hole, og då visste dei at Gud hadde svara på bønene deira.

I hola låg det tusen år gamal stein- og fyllmasse. Faraoane hadde i gamal tid henta stein herifrå for å bygge pyramidane.

Ein del håna fader Samaan for dei store visjonane hans, og spurte han om steinane betydde meir for han enn sjeler. Men det han gjorde, var å førebu ein stad som ein dag skulle gi plass til over 20 000 menneske. Han hadde fått ei oppgåve av Gud, og kvar avgjerd skjedde i lydnad mot oppdraget han var gitt.

I dag er grottekyrkja med 20 000 sitteplassar berre ei av fleire store kyrkjer i søppelbyen.

– I denne bydelen har vi Midtaustens største kyrkje. Svært mange som kjem hitmanglar Guds ord. Det gjeld både dei fattige kristne, men òg muslimane som kjem til oss og er nysgjerrige på evangeliet.

– Med hjelp frå Bibelselskapet og internasjonale bibelvener får vi hjelp til å legge Bibelen i hendene på dei kristne i Kairo, seier han.

Mange mirakel

Dei siste tiåra har det skjedd mange mirakel på Mokkatam-fjellet. Små hytter er erstatta med murbygningar. Gatene er asfalterte. Barna leikar framleis blant søppelet, men no har dei fått framtid og von. Ei sann endring har funne stad:

Det er bygd skular, medisinske klinikkar og kyrkjer. I hjartet av søppelbyen finn vi fagskulen der det blir undervist i saum og strikking, tresløyd og anna handverk. Kvar gjenstand som blir laga her, har ein verdi og eit bruksområde. Eit populært produkt er gravdukane, som blir brukte på kistene ved gravferder, og som særleg dei unge gutane har blitt ekspertar på å lage.

«Effektiviteten til zabbaleenarane sitt resirkuleringssystem har fått internasjonal anerkjenning. Det er langt meir effektivt enn samtlege moderne «grøne» anlegg. Folket i søppelbyen resirkulerer 80 prosent av alt avfallet dei samlar inn, mens dei fleste vestlege renovasjonsselskap berre oppnår å resirkulere rundt 20–25 prosent av avfallet.»

-

Zabbaleenarane har etablert eit kreativt system for søppelsortering: Plast, metall og papir blir samla kvar for seg. Plastmateriale blir senka ned frå hustak og førte inn i gjenvinningsrom. Her blir han smelta og resirkulert. Trass i den sterke stanken av brennande plast, er folk ivrige etter å jobbe, og dei gjer søppel om til brukbare gjenstandar.

Internasjonal anerkjenning

Effektiviteten til zabbaleenarane sitt resirkuleringssystem har også fått internasjonal anerkjenning. Det er langt meir effektivt enn samtlege moderne «grøne» anlegg. Folket i søppelbyen resirkulerer 80 prosent av alt avfallet dei samlar inn, mens dei fleste vestlege renovasjonsselskap berre oppnår å resirkulere rundt 20–25 prosent av avfallet.

I søppelbyen strøymer folk til fader Samaan og kollegaene hans når dei vandrar mellom husa og forkynner evangeliet om kjærleik og medkjensle. Fader Samaan blir ofte overaust med spørsmål om forbøn. Arbeidet krev stor tru, men Gud openberrar seg ved mirakel, teikn og under.

Fader Samaan har har alltid vore visjonær. Han trekker seg med jamne mellomrom tilbake til ørkenen utanfor Kairo. Der har han ein visjon om å bygge ei kyrkje med plass til 5000, og eit retreatsenter for zabbaleenarane, slik at dei kan forlate søppelbyen og få ein pause frå det harde kvardagslivet.

Trass i dei mange oppgåvene Samaan har for den store kyrkjelyden i søppelbyen, set han alltid av tid åleine med Gud. Han veit at Gud reiser opp arbeidarane sine. «Ein søppelsamlars oppgåve er å samle avfall frå storbyen. Når ein av dei kjenner Kristus, blir han eit lys for verda der ute. Utan eingong å evangelisere, er heile livet hans eit vitnesbyrd.»

«Her lærte eg at eg ikkje berre er ein søppelsamlar. Gjennom Jesus har eg forstått at arbeidet mitt har stor verdi. No er eg evangelist. Når folk kjem til meg, kan eg fortelje dei om korleis Jesus forandra livet mitt.»

Adel Gad El Karim, tener i kyrkja i Mokkatam. -
Ei av dei mange kyrkjene i Mokkatam, søppelbyen i Kairo.

Søppelsamlarane er evangelistar

Trass i at desse menneska framleis opplever forakt i storsamfunnet, trur fader Samaan at dei vil bli brukte av Gud til å omvende heile folket i Kairo.

– Vi [Den koptiske kyrkja] kan ikkje nå alle menneske, for vi opererer så avgrensa. Vi har messer og møter i kyrkjene våre. Men søppelsamlarane kan nå alle menneske i Kairo. Gud har valt dei til å vere ei velsigning for folket i Egypt.

Når sola går ned over Mokkatam-fjellet torsdag kveld, lèt søppelsamlarane avfallet ligge i gatene. Då strøymer dei inn på området til Grottekyrkja. Her samlast dei til ei stund med bøn, bibelstudium og undervisning.

– Her lærte eg at eg ikkje berre er ein søppelsamlar. Gjennom Jesus har eg forstått at arbeidet mitt har stor verdi. No er eg evangelist. Når folk kjem til meg, kan eg fortelje dei om korleis Jesus forandra livet mitt, seier Adel Gad El Karim, som tener i kyrkja.

Å forandre liv og peike ut vegen til Gud er målet for fader Samaans liv. I søppelbyen er han ein åndeleg leiar, og han blir sett på som far for heile folket. Her er han sjelesørgjar, dommar og ven.

Heile livet har han levd i si daglege bøn: «Meir av deg og mindre av meg.»

– Dette er vår tid til å forandre verda, seier fader Samaan.

– Vi treng å gråte, skrike, streve og å be dag og natt. Og Herren vil halde oss oppe gjennom Den heilage ande. Vi snakkar ikkje berre om Jesus i ord, men vi erfarer han også gjennom mirakel. På den måten får verda sjå Guds storverk, og verda vil kome tilbake til Kristus, seier han.

«Vi treng å gråte, skrike, streve og å be dag og natt. Og Herren vil halde oss oppe gjennom Den heilage ande. Vi snakkar ikkje berre om Jesus i ord, men vi erfarer han også gjennom mirakel. På den måten får verda sjå Guds storverk, og verda vil kome tilbake til Kristus.»

- Fader Samaan