– Jesus gjekk her. I vår sand.
Det er nokre år sidan no. Eg vitja Egypt saman med ei lita gruppe og la merke til dei mange bileta av den heilage familien. Josef, Maria og Jesus-barnet dukka opp i kyrkjer, på portalar og som motiv på papyrusbilete i suvenirbutikkane.
Ofte var eit esel med på bilda. Det såg gjerne litt morskt ut. Som om det var klart til å forsvare familien dersom noko skulle skje. På somme bilete var det også måla inn ein engel eller fleire.
Andre bilete var meir eksotiske. Som eit lite ikon eg kjøpte av familien som kviler under eit tre framfor pyramidane.
Eg fann også kart som viste heile reiseruta til Jesusbarnet rundt i Egypt.
Dei hadde ikkje valt kortaste vegen, for å seie det slik. Eitt av karta viste ei omfattande reiserute rundt i Nildeltaet i nord, via ein vid sving inn i ørkenen i vest, før dei vandra sørover gjennom ørkenstrok og Nildalen med eselet sitt – til dei gjorde vendereis, segla på Nilen tilbake og traska seg gjennom den nordlege delen av Sinai på veg til Jerusalem.
«Legendene om kvar Jesusbarnet, Maria og Josef hadde fare forbi, gjer egyptarane stolte. Det var ei ære å ha gitt Jesus ly. Legendene var også ei kjelde til håp og trøyst. Jesus vart forfølgd, slik dei kristne egyptarane sjølve er blitt hardt forfølge gjennom århundra. Difor kjenner dei seg trygge på at Jesus veit kva dei går gjennom. At han ser lidinga deira. Og at han lir med dei. Eg stilte ikkje fleire spørsmål om kjeldekritikk og dokumentasjon.»
Det var då skeptikaren i meg vakna.
– Korleis kunne ein vite dette? spurde eg omvisaren vår. Hadde dei historisk belegg for karta sine? Dette måtte då vere komplett umogleg å dokumentere?
Han tok meg venleg, men bestemt i skule.
Lett overberande forklarte han at det viktigaste ikkje var nøyaktig kor den heilage familien hadde gått.
Det viktige var at Jesus hadde kome til Egypt. At frelsaren som liten gut og flyktning hadde funne tilflukt og vern i landet deira. At han hadde gått i deira sand. Site under deira palmar. Ete av deira dadlar og sløkt tørsten med vatn frå deira kjelder.
Legendane om kvar Jeusbarnet, Maria og Josef hadde fare forbi, gjorde dei stolte. Det var ei ære å ha gitt Jesus ly. Legendane var også ei kjelde til håp og trøyst. Jesus vart forfølgd, slik dei kristne egyptarane sjølve er blitt hardt forfølge gjennom århundra. Difor kjenner dei seg trygge på at Jesus veit kva dei går gjennom. At han ser lidinga deira. Og at han lir med dei. Eg stilte ikkje fleire spørsmål om kjeldekritikk og dokumentasjon.