Ny bibelomsetjing: Lett å lesa

Teksta talar klårare til alle når ho er kortare, enklare og tydelegare. Vi trur at Lett å lesa-teksta er er god hjelp for alle som er glade i Bibelen.

Cover av bokutgivelse Lukas lett å lesa, på nynorsk.

Lett å lesa

30 prosent av oss synest det er vanskeleg å lesa ei lang tekst. For eksempel ein roman – eller Bibelen. Så mange av oss har lese- og skrivevanskar, konsentrasjonsvanskar, norsk som andrespråk, eller ei anna hindring.

Talet 30 prosent har vi frå foreininga Leser søker bok. Dei gjev råd til forlag som arbeider med lettlesne bøker. Foreininga har vore med og gjeve råd i arbeidet vårt. 30 prosent av oss synest det er vanskeleg å lesa.

Det vil seia: Tre av ti i bibelgruppa synest det er vanskeleg. 15 av dei 50 konfirmantane synest det er vanskeleg. 30 av dei 100 i gudstenesta … alle desse er vanlege menneske som har krav på ein bibel som er lett å lesa.

Dette er altså ei tekst for alle. Det er ikkje «dei andre» som skal ha ein bibel som er lettare å lesa. Det er ikkje ei marginal gruppe. Det er oss. Vi finst over alt i samfunnet, på skular og høgskular, på arbeidsplassen, i kyrkja.

Den nyaste bibelomsetjinga, Bibel 2011, er faktisk ei tekst som er lett å lesa. Ho kjem godt innanfor definisjonen for lettlesen tekst. Og likevel: I Bibel 2011 er det 13 ord i kvar setning. I Lukas lett å lese er det sju.

Lett å lesa er ikkje ei forenkla utgåve av Bibel 2011. Lett å lesa er ei sjølvstendig bibelomsetjing, til bokmål og nynorsk. Ho er gjort heilt frå grunnen av, frå den greske teksta. Ho har sin eigen måte å uttrykkje seg på.

Vi har følgt nokre viktige reglar for lettlesen tekst:

  1. Vi brukar korte setningar. Innhaldet blir klårare når vi seier éin ting om gongen: Eit vers med to lange setningar har no fått seks: «Så reiste sonen seg og gjekk heim til far sin. Han var enno langt borte. Då fekk faren sjå han. Og faren følte med han. Han sprang mot sonen sin og kasta seg om halsen på han. Og han kyste sonen på kinna.»
  2. Vi brukar ei naturleg rekkjefølgje på ledda. Det som skjer først, blir sagt først. For eksempel har vi forma innleiinga til Lukasevangeliet slik: «Det var mange som såg det som hende. Nokre av dei var med heilt frå først av. Dei tok vare på desse historiene. No har dei gjeve historiene vidare til oss.»
  3. Vi brukar vanlege norske ord: I staden for «Miskunna deg», skriv vi: «Vis nåde» I staden for «farisearane» skriv vi: «ekspertane på lova».
  4. Vi brukar aktive uttrykksmåtar: «Dei var slegne av undring over læra hans» blir til: «Det Jesus lærte dei, gjorde sterkt inntrykk på dei.»
  5. Vi gjer implisitt informasjon eksplisitt: Dei første lesarane visste mykje som ikkje vi veit. Difor skriv vi fullt ut informasjon som er underforstått. Blant anna informasjon om religiøse ordningar som er ukjende for oss i dag. Lukas skriv at «det var i Abias vaktskift ein prest som heitte Sakarja». Då skriv vi ut den informasjonen som er underforstått i teksta til Lukas: «Prestane i tempelet i Jerusalem var delte inn i grupper. Ei av dei var gruppa til Abia. Sakarja var ein av prestane i denne gruppa.»

Teksta talar klårare til alle når ho er kortare, enklare og tydelegare. Vi har alt fått mange tilbakemeldingar frå dei som har lese teksta. Også frå folk som har lese Bibelen i mange år. Dei seier: «Denne teksta var god å lesa høgt!» Vi trur at Lett å lesa-teksta er er god hjelp for alle som er glade i Bibelen. Lykke til med lesinga!