Ny strategi for ei ny tid

– Vi ser at den enorme veksten i den kristne kyrkja har bremsa opp. Det er framleis kyrkjevekst i Kina, men ikkje i same grad som før. Dette får også følgjer for bibelarbeidet. Vi må tenkje nytt!

Saman med to lokale medarbeidarar syner Daniel Loh (til høgre) fram nye biblar i ei kinesisk kyrkje.
– Eg var den første i familien min til å følgje Jesus. I dag er både mor mi og dei to brørne mine kristne, seier Daniel Loh. I slutten av 2021 tok han over som leiar for China Partnership-arbeidet som er drive frå Singapore.

Det er Daniel Loh som seier dette. På haustparten i fjor tok han over som leiar for China Partnership-arbeidet til Dei sameinte bibelselskapa.

– Kor gamal trur du eg er? spør Daniel.

Sjølv om eg ikkje møter han andlet til andlet, er han godt synleg på den store dataskjermen min. Intervjuet skjer via Zoom – som har vore reiskapen vi har hatt for kommunikasjon med den internasjonale fellesskapen medan korona-pandemien har herja i heile verda.

– Nei, eg tenkjer vel du er i midten av 40-åra, seier eg.

– Eg er 60 år, seier han og ler godt.

– Takk for godorda – eg bed deg med ut når du kjem til Singapore, smiler han.

Daniel ser yngre ut enn han er. Han verkar uformell der han sit i ei korterma skjorte bakom skrivebordet sitt på kontoret i Singapore. Men han har ei stor oppgåve framføre seg – og har store sko å fylle: Forgjengaren, Kua Wee Seng, har leia arbeidet i China Partnership i nesten tretti år, og sett tydelege merke etter seg – og oppnådd mykje.

Samstundes har også Kina endra seg i løpet av desse tretti åra. Noko av grunnen til at kyrkjeveksten har bremsa opp, er den pågåande urbaniseringa – folk flyttar til byane.

– På landsbygda spreier evangeliet seg raskt mellom naboar og vener. Men i byane er tilhøva annleis. Der er samfunnet mindre gjennomsiktig og det er vanskelegare for kristne å dele trua si, seier Daniel.

Klasseskilje

I Noreg og Vesten får vi gjerne inntrykket av at kinesarar flest er blitt svært så rike.

– Folk i andre delar av verda får lett illusjonen om at kinesarar flest køyrer i store bilar og reiser på ferie eller forretningsreise til London, Paris og Noreg, seier Daniel.

På landsbygda er biletet ikkje slik – der ser ein fattigdomen tydeleg, og dei store klasseskilja i Kina skrik i mot dei som kjem på besøk.

– Store internasjonale media tek sjeldan med seg kamera dit, seier Daniel.

Urbaniseringa gjer også at mange eldre blir att på landsbygda når barna deira dreg til storbyane for å finne arbeid.

Som oftast sender dei pengar heim til foreldra, men dei er ikkje alltid villige til å kjøpe ein bibel til dei.

– Eg har sjølv fått høyre om barn som ikkje deler trua til foreldra sine, og nektar å kjøpe ein bibel til dei gamle der heime, seier Daniel.

– Dette gir oss ei ny misjonsutfordring for dei neste tiåra. Vi må framleis sørge for dei eldre på landsbygda, men samstundes må arbeidet rettast inn mot dei veksande befolkningsgruppene i millionbyane.

Ny strategi

I byane treng Bibelselskapet ein annan strategi enn på landsbygda. I Kina kan ein ikkje gå ut i gatene og dele evangeliet med andre. Men om nokon kjem inn i kyrkja, kan du ope fortelje dei om Jesus.

– Ved å gi ein bibel til desse som kjem til kyrkja for første gong, har vi erfart at vi knytter eit band med dei – og at dei då oftare kjem tilbake, fortel Daniel.

På landsbygda ønskjer folk seg gjerne den tradisjonelle svarte Bibelen med raudt snitt, men dei unge i byane vil gjerne ha eit meir moderne omslag og eit nyare språk. Derfor blir det no trykt nye, fargerike biblar i ny omsetting.

– Dei kristne i Kina har heile tida kjøpt biblar for å gi vidare til venene sine som ei gåve. For at dei skal ha råd til det, kan ikkje prisen vere for høg, seier Daniel.

No er tida komen for å rette meir av arbeidet vårt inn mot byane. Sjølv om folk der jamt over har meir pengar enn på landsbygda, er det også fattige i byane – så også derfor må prisen på biblane haldast nede

Daniel Loh, leiar av China Partnership -

Sjølv om dei kristne i byane i mindre grad treng økonomisk stønad for å kjøpe ein bibel, er det likevel viktig at prisen framleis er låg.

– No er tida komen for å rette meir av arbeidet vårt inn mot byane. Sjølv om folk der jamt over har meir pengar enn på landsbygda, er det også fattige i byane – så også derfor må prisen på biblane haldast nede, seier han.

Visjonen

Når Kina endrar seg, må også arbeidet endre seg.

– Vi ser ein tendens til at dørene for bibelarbeidet kan vere i ferd med å bli stengde. Derfor må arbeidet framover vere effektivt og fokusert, seier Daniel.

For norske bibelvener betyr dette at gåvene trengs no. Om nokre år kan det kanskje vere for seint.

– Dei siste ti åra har China Partnership vore involvert i mange små og isolerte prosjekt. Dei har bore frukt. Likevel har eg ein visjon om å redusere talet på prosjektområde – og fokusere sterkare på det som er hovudoppgåva vår – å trykke og distribuere biblar. Derfor er bibelpapir-prosjektet og omsettingsprosjekta våre særleg viktige, seier Daniel.

– For framtida ønskjer eg å fokusere på fire–fem nøkkelområde og styrke og utvide desse.

– Det andre eg ønsker å gjere, er å utvikle den neste generasjonen av leiarar. Eg håpar å kunne utdanne tre–fire personar som har kunnskap og kapasitet til å ta over arbeidet i framtida, for heller ikkje eg er ein ung mann lenger, seier Daniel og smiler.


Portrettfoto av Daniel Loh, leiar av China Partnership i Dei sameinte bibelselskapa

Diskjockeyen blei bibelmisjonær

I slutten av 2021 tok Daniel Loh (60) over som leiar for China Partnership etter Kua Wee Seng.

– Eg kjem frå ein ikkje-kristen bakgrunn. I tenåra var eg ein bråkmakar som ikkje trivdes på skulen og fekk dårlege karakterar. Då eg var 16 år, byrja eg å jobbe i restaurantar og hotellbarar her i Singapore. Etter kvart blei eg diskjockey i ein klubb, og heldt fram som det i sju år, fortel Daniel.

– På 1990-talet blei eg frelst, og nokre år seinare – då eg var 30 år, fekk eg eit sterkt kall til misjonærteneste i Kina.

Tradisjonell misjonsverksemd er ikkje tillate i Kina, men Daniel fann likevel ein veg til å møte kallet frå Gud.

– Då eg returnerte til Singapore i 2016, møtte eg Wee Seng og tok til å arbeide for Dei sameinte bibelselskapa. Etter kvart blei det klart at eg skulle ta over arbeidet. Dei siste fem åra har eg fått vere med i alle delar av arbeidet, og har hatt ei bratt læringskurve.

– Med Guds hjelp – og dykkar bøner – er eg no budd til å overta dette arbeidet, seier Daniel.


Daniel Loh delar ut biblar i ei kinesisk kyrke.

Grunnleggjande informasjon

– Då eg var ny kristen spurte nokon meg: «Veit du kva Bibelen handlar om?» Eg svara at eg visste vel ein del, men ikkje alt. Då sa han som snakka med meg: «Det er grunnleggjande informasjon før du forlet jorda».

– Sidan den gongen har Bibelen vore kompasset i livet mitt. Gud opna auga mine for å syne meg kven den kjærlege faren vår er, kva han står for, kva han elskar, kva han verdset, kva han hatar og kva han håpar at vi skal gjere med liva våre, seier Daniel Loh.

– Bibelen er boka som fortel meg alt dette. Det er derfor det er så viktig for meg å dele han med andre. No har Gud velsigna meg med dette arbeidet der eg får høve til å gjere nett det.

– Mitt favorittvers i Bibelen er frå Romarbrevet, kapittel 8:

«For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.»

(Rom 8,38–39)