Vi feirar 100 år med norsk bibel

I 1921 blei den aller første nynorske bibelen gitt ut. Dette er ei viktig hending i den norske språkhistoria, og vel verdt å feire. Før var Bibelen berre omsett til eit riksmål som låg tett til dansk.

Fyrebilsbibelen oppslått på tittelsida

Hundreårsjubileet for Fyrebilsbibelen har allereie blitt feira med ei rad arrangement ulike stader i landet, men sjølve hovudmarkeringa skjer i Nidaros domkyrkje helga 24.–25. juli, der Bibelselskapet er representert med mellom anna generalsekretær Paul Erik Wirgenes.

Sjølv om det ikkje var Bibelselskapet, men Studentmållaget i Oslo, som sto bak den første bibelen til nynorsk, markerte denne bibelutgåva inngangen til det nynorske omsetjingsarbeidet som Bibelselskapet seinare har stått for.

Første bibel på norsk

Allereie i 1891 hadde Det Norske Bibelselskapet gitt ut ei ny omsetjing av Det gamle testamentet frå den hebraiske grunnteksten, og ein hadde då flikka litt på dei nytestamentlege tekstane som hadde blitt omsett i 1871.

14 år seinare kom så heile Bibelen i ny språkdrakt til riksmål slik det såg ut medan vi framleis var i union med Sverige. Det skjedde før rettskrivingsreforma i 1907 – og språket var framleis til forveksling likt dansk.

– Derfor vil nokre hevde at den bibelen vi feirar i år ikkje berre var den første bibelen på nynorsk, men den første bibelen til norsk overhovudet, seier professor Anders Aschim ved Høgskolen i Innlandet. Saman med professor Per Halse ved Høgskulen i Volda har han skrive «Den fyrste bibelen paa norsk» – Historia om Fyrebilsbibelen, som kjem ut til hausten.

Førebels bibelutgåve

Utgåva blir omtalt som Fyrebilsbibelen og fekk dette tilnamnet fordi omsetjinga var meint å vere førebels. Denne Bibelen fekk likevel eit langt liv med eit opplag på 100 000, og han har vore viktig for mange forfattarar lenge etter at det kom nyare omsetjingar til nynorsk.

«Å få på plass ein nynorsk bibel var ei storhending i samtida og ein viktig milepåle i arbeidet for å gjere nynorsk til eit samfunnsberande språk. Historia om den første nynorskbibelen blir ekstra imponerande av di arbeidet blei leia av studentar i Studentmållaget i Oslo»

100-årsjubileet for Fyrebilsbibelen - Nynorsk kultursentrum
Førstesida av Gula Tidend 15. juli 1921 med overskrifta «Den fyrste bibelen på norsk – i handelen fraa i dag».

Jubileumsfeiring

Det er fleire datoar å merke seg i samband med jubileet.

– «Premieren» for Fyrebilsbibelen i 1921 fall saman med jubileumsgudstenesta for Noregs Ungdomslag i Nidarosdomen 10. juli, fortel Aschim.

Derfor er også Nidarosdomen valt som staden for hovudmarkeringa av årets bibeljubileum med festgudsteneste søndag 25. juli.

Tre dagar seinare, fredag 15. juli, var den nye bibelomsetjinga til sals hos bokhandlarane. Den påminninga blei gitt i avisa Gula Tidend, der heile førstesida denne dagen var sett av til saka. Overskrifta dekte heile breidda av førstesida: «Den fyrste bibelen på norsk – i handelen fraa i dag».

Bibelselskapet ønskjer sjølvsagt å vere med å feire denne viktige utgåva og vi gjer det mellom anna med aktuelle tilbod om både litteratur, kurs og anna ressursmateriale. Sjå meir på lenka nedanfor.