Bibelen på hjartespråket (bibelstatistikk)

De forente bibelselskaper (UBS) samordner årlig statistikk om utgitte bibler og bibeldeler på vegne av alle organisasjoner som arbeider med bibeloversettelse. Wycliffe International utgir statistikk om prosjekter som er i gang, og om arbeid som gjenstår.

5,6 milliardar menneske har i dag tilgang til ein bibel på sitt eige språk. Likevel er det meir enn halvparten av språka i verda som ikkje har fått ei einaste bok i Bibelen omsett.

Statistikk - bibelomsetjing 2018

Det finst 7350 språk i verda. Heile Bibelen er no tilgjengeleg på 692 språk. Altså finst det ein heil bibel på mindre enn 10 prosent av språka i verda. Men dette er samtidig dei største språka; dei blir tala til saman 5,6 milliardar menneske, noko som utgjer nesten 80 prosent av menneska i verda.

I tillegg er heile Det nye testamentet omsett til 1547 språk som blir tala av 805 millionar menneske. Dessutan er minst ei bok i Bibelen omsett til 1123 språk som blir tala av 411 millionar menneske.

3899 språk utan Bibelen

Enno er det 1,5 milliard menneske som ikkje har ein heil bibel på sitt eige språk.Og på nesten fire tusen språk har dei ikkje fått ei einaste bok i Bibelen omsett enno. Desse 3988 språka blir tala av 246 millionar menneske, som altså ikkje har tilgang til nokon del av Bibelen på sitt eige morsmål. Bibelselskapa arbeider nært med andre organisasjonar som driv med bibelomsetjing, som Wycliffe og SIL. I 2018 var vi med og fullførte nye bibelomsetjingar på 66 språk som blir tala av til saman 440 millionar menneske. 44 av desse språka fekk sine første bibeltekster i fjor: På ni språk fekk dei heile Bibelen, på femten språk var heile nytestamentet ferdig, og på tjue språk vart det for første gong fullført ei heil bok i Bibelen.

Biblar til døve og synshemma

Blant dei tjue språka som fekk si første bok i Bibelen i fjor, var det fem teiknspråk: i Ungarn, Litauen, Japan, Thailand og Guatemala. Det finst 70 millionar døve i verda. I dag finst ein del av Bibelen på berre 45 av dei fire hundre teiknspråka i verda. Ingen teiknspråk har enno fått heile Bibelen omsett.

– Eg voks opp i ein kristen familie. Men det var først då eg møtte ein annan døv som fortalde evangeliet for meg på teiknspråk, at eg skjøna kva det handla om, seier ein av omsetjarane i Ungarn, József Kéri.

Bibelselskapa held òg fram arbeidet med å gje ut Bibelen i blindeskrift (Braille). I 2018 vart Luganda, eit språk i Uganda,språk nummer 45 som fekk ein heil Braille-bibel. I sju land vart det gjeve ut nye bibelutgåver i blindeskrift.Ein heil bibel har meir enn 40 store bind og kostar 600 dollar å trykkja.

Vekst for digitale biblar

Digital Bible Library® (DBL) vart etablert i 2011.Her blir bibeltekstene lagra i eit standardisert format som kan brukast og delast overalt. Hundrevis av millionar menneske kan no lasta ned bibelteksta på sitt eige språk, same kvar i verda dei bur, med hjelp av appar som YouVersion. Ved utgangen av 2018 inneheldt biblioteket 2120 tekster på 1430 språk. 799 av desse er heile biblar, på 440 språk. Talet på lydbiblar voks i fjor til 1125 biblar på 752 språk som blir tala av 5,4 milliardar menneske. Den første videobibelen vart òg lasta opp - Markusevangeliet på Thai-teiknspråk.

– Vi lever i ei tid då Bibelens bodskap om nåde, forsoning, rettferd, fred og kjærleik trengst meir enn nokon gong før, seier Alexander M. Schweitzer i Dei sameinte bibelselskapa (UBS).

– Difor er det så viktig å sørgje for at alle, same kva språk dei talar, har tilgang til Bibelen, seier Schweitzer.

– Vi må hugsa at vi lever i ei heilt spesiell tid for bibelomsetjing. All den nye teknologien gjev oss sjansen til å arbeide på heilt nye måtar.

Gråt og glede

Bibeloversettelse til Havakinau-språket i Vanuatu i Stillehavet.
Feiring av den nye bibelomsetjinga til Havakinau-språket i Vanuatu i Stillehavet.

På mange språk trengst det òg nye omsetjingar, for å sikra at nye generasjonar kan forstå språket i Bibelen. I 2018 kom det ut nye omsetjingar på 22 språk som blir tala av 363 millionar menneske. Eit av desse språka er Havakinau-språket i Vanuatu i det sørlege Stillehavet.

Då det reviderte nytestamentet på Havakinau vart innvigt, var det ei kjensleladd stund. Vulkanutbrota på øya Ambae sist år gjorde at folket der måtte evakuerast til andre øyar. Dette forseinka utgjevinga av det etterlengta nytestamentet.

Folk gret då dei lytta då dei nye bibeltekstene vart lesne høgt. Dei song og dansa med nytestamenta sine og bad for framtida.

– Den reviderte teksta vil hjelpa folket her å koma djupare inn i teksta, slik at trua deira òg kan veksa, seier Kathleen Lingi, ein av omsetjarane.