Ein ny sjanse

Alt i starten gjekk det gale. Adam – Eva – slangen. Og det førte til … løgn, skam, brotne relasjonar, klagemål, bortforklaringar, unnskyldningar … Heldigvis sluttar det ikkje der. Bibelen har forteljing på forteljing om menneske som har fått ein ny sjanse.

Gud skaper noko nytt

Jesaja 43,18-19

Les i nettbibelen.

18De skal ikkje minnast dei første ting, ikkje tenkja på det som hende før. 19Sjå, eg gjer noko nytt. No spirer det fram. Merkar de det ikkje? Ja, eg legg veg i ørkenen, elvar i øydemarka.

Lys som skinner gjennom mellom trær

Når ting har gått gale i livet

«Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!»

Mark 10,47

Når du kjenner deg einsam

Men du, Herre, er eit skjold for meg,
du er mi ære, du lyfter mitt hovud.

Sal 3,4

Når det ser ut som situasjonen er låst

Dei skal prisa Herren for hans miskunn,
for hans undergjerningar mot mennesket.
Han knuste dører av bronse,
bommar av jern hogg han sund.

Sal 107,15–16

Når du ikkje ser vegen vidare

For han skal gje englane sine påbod
om å verna deg på alle dine vegar.

Sal 91,11

Kvar morgon

Men éin ting legg eg meg på hjartet,
og dette gjev meg von.
Herren er nådig, vi går ikkje til grunne.
Hans miskunn tek ikkje slutt, ho er ny kvar morgon.
Din truskap er stor.

Klagesongane 3,21–23

Med opne armar

Lukas 15,11-20

Les i nettbibelen.

11Jesus sa: «Ein mann hadde to søner. 12Den yngste sa til far sin: ‘Far, lat meg få den delen av formuen som fell på meg.’ Så skifte han eigedomen sin mellom dei. 13Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt det han eigde, og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og sløste bort formuen sin. 14Då han hadde sett alt over styr, vart det uår og svolt i landet, og han tok til å lida naud. 15Han gjekk då til ein av mennene der i landet og bad om arbeid, og mannen sende han ut på markene sine for å gjeta grisene. 16Han ønskte berre å få metta seg med dei belgfruktene som grisene åt, men ingen gav han noko. 17Då gjekk han i seg sjølv og sa: ‘Kor mange leigekarar heime hos far min har ikkje fullt opp av mat, og her går eg og svelt i hel! 18Eg vil bryta opp og gå heim til far min og seia: Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. 19Eg er ikkje verd å kallast son din lenger. Men lat meg få vera som ein av leigekarane dine.’ 20Så braut han opp og gjekk heim til far sin.Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han fekk inderleg medkjensle med han. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han.

Ettertanke

Alle treng ein ny sjanse. Alle gjer noko gale ein eller annan gong. Alle går det gale for på eit eller anna punkt i livet. Kva skal då til for at ein kan byrja på nytt?

Bibelen fortel at disippelen Peter lova at han aldri skulle svikta Jesus, rett før Jesus vart teken til fange og dømt til døden. Berre eit halvt døgn seinare sprang han ut i grålysinga og gret sårt. Det han ikkje hadde meint skulle henda, det hende: I løpet av natta hadde han fornekta Jesus tre gonger.

Han vart leiar for den kristne kyrkja. Seinare. Då hadde han møtt den oppstadne Jesus. Men før det, medan han framleis gret bittert, sende Jesus ei påskemorgonhelsing til han: «Men gå av stad og sei til disiplane og til Peter at eg går føre dykk …» Då Peter ikkje såg vegen vidare, då situasjonen var heilt låst, kom Jesus han i forkjøpet. Han fekk ein ny sjanse, og framtida vart ei anna.