Sjå, me dreg inn til Møsstrond

Dei gamle kelterane kalla somme stader for «thin». Slike «tynne plassar» indikerte at Gud var spesielt til stades der. Den vesle fjellbygda, ved randa av Hardangervidda, må vere ein slik plass.

Oppslått magasin
Tekst & foto: Eilev Erikstein

Påskesola sender sine føremiddagsstråler over Møsvatn og det dukkar opp folk i skispora inn mot Hovden. Somme av dei har gått frå hyttene sine i Rauland, medan andre har parkert bilen på Varland og gått på ski. Etter kvart kan også snøscooterlyd høyrest på kyrkjevegen. Helst er det dei fastbuande som kjem på denne måten.

Når klokka nærmar seg tolv står skipar på rekke og rad langs kyrkjemuren. Snøscootermotorane har stilna og kyrkjeklokka lyder 918 meter over havet. Her på Hovdenøya ligg landets høgste soknekyrkje med vidt utsyn over vatn og vidde. Palmesundagsmessa på Møsstrond kan ta til.

Dei gamle kelterane kalla somme stader for «thin». Slike «tynne plassar» indikerte at Gud var spesielt til stades der. Den vesle fjellbygda, ved randa av Hardangervidda, må vere ein slik plass. Her er det som om jord og himmel møtest, det er ei preike i seg sjølv. Ein «tynn plass», men samstundes jordfesta. Her oppe på Hardangervidda har dei har teke vare på den gamle skikken med at det er deltakarane i ei gravferd som grev att grava. Etterpå fell dei ned på kne og bed «Vår Far». Betre sorgarbeid kan knapt tenkast.

Rundt vatnet er det om lag 25 husstandar. Fleipen vil ha det vil at dei fleste har vore med på «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Der finst ikkje veg hit, det er vatnet som er transportåra, sommar som vinter. Bygdefolket er isolert i dei vekene der isen legg seg eller går opp. Dei siste åra har ein teke til å merke at klimaet har endra seg. Isen legg seg seinare, og går opp tidlegare. Dei som fraktar ungar og gods på isen må vera observante og forsiktige. «Eg bed helst når eg er på vatnet», fortalde ein gamal møsstrending meg ein gong.

Kyrkja som står her passerte nyleg 100 år, etter at den førre brann etter eit lynnedslag i 1919. Palmesundagsgudstenesta er ein av dei seks messene som vert haldne her i året. Som regel er det stinn brakke denne dagen. I kyrkjebenkane sit ei sæle blanding av nikkerskledde skiløyparar og scooterfolk i tjukke dressar. Ofte må folk finne seg plass på golvet.

På altarveggen har Sveinung Svalastoga (1881-1938) måla scener frå Jesus liv. Om den same målaren vert det fortalt at han tok bordkleding frå låven sin for å kunne snekre ei kiste til ein fattig granne som ikkje hadde råd til å koste slikt. Slik kan òg solidaritet syne seg i ei fattig fjellbygd.

Så minner kongen på eselet palmesundag om den solidariske handlinga som skulle kome oss alle til gode. Gud laga ein kross for sin eigen son for å frelse oss.

Det er ikkje til å forstå, men meir å takke for.

Det ensomste
av alle trer er korsets
tre
Det blomstrer først i himmelen
(Stein Mehren)