- Eg har alltid skrive det som låg meg på hjartet

Geir Gundersens God morgon, ei samling av radioandakter frå åra 2003-2019. Boka blei godt tatt imot både av meldarar og publikum, og eit nytt opplag er alt ute.

GG KYRRE

Gratulerer med bestselgande bok! Korleis blei den til?

Takk, eg visste ikkje at det skulle vere så kjekt å gje ut ei bok!

Men grunnlaget er arbeidet med å snekre dei små tekstene etter NRKs andaktsformat i perioden 2003–2019. Eg har elska det arbeidet, det begynte faktisk på 1970-talet. Å kvar gong å gå vegen frå bibeltekst/grunnidé til framføring på radio.

Men etter at eg hadde levert manus til forlaget, gjekk resten som ein leik. Der andre gjorde det meste av arbeidet. Og eg naut fruktene!

Då eg las gjennom manus, beit eg meg merke i mange gjennomgåande tema. Blant anna skriv du om kva øving betyr for livet og trua. Er truslivet ein einaste lang treningsleir?

Du kan nok rekonstruere min eigen trusveg i perioden andaktene er blitt. Eg har alltid skrive ut det som låg meg på hjartet, og eg har – nesten som ein metode – alltid hatt meg sjølv som første adressat.

Slik eg ser det, inspirert m.a. av mystikar og ordensstiftar Ignatius av Loyola, er truslivet praktisk, ein måte å vere i verda på. Treningsleir, javisst i periodar, og det er aldri farleg å trø feil, du får berre halde fram med å øve deg. Så sørgjer Gud for det som skal vekse fram.

Ei konkret øving du trekker fram, er det du kallar «det gode tilbakeblikket». Kva er det?

Den øvinga har eg òg lært av Ignatius. Han oppdaga kor gjevande det var å sjå tilbake på livet med trua og kjærleiken sitt blikk. I kortare eller lengre spenn av tid. Ikkje som dommedag over seg sjølv, men nysgjerrig, med ømheit. Og så oppdage frå stadig nye utkikkspunkt kva som eigentleg skjedde, korleis Gud nådde deg, korleis du sjølv veksla mellom å ta imot og stenge deg for impulsar frå han.

Geir Gundersen
Acme

God morgon

119 andaktar til kvardag og høgtid – sorg og glede.
349,-

Kven håper du skal lese boka di?

Først og fremst mine lyttarar, av alle slag, dei som fann noko å ta med seg ut i dagen, no kan dei lese orda på nytt, eller høyre lydboka og fortsette dialogen med tankane mine.

Kva for ei bok ser du sjølv fram til å lese i haust?

Av Verbum sine bøker: Oppriktige samtaler av Alf van der Hagen. Det er også ei samling av tekstar som har vore trykt i andre medium. Og så må eg skaffe meg siste boka til Maria Kjos Fonn, Heroin chic. Om rus og avhengiheit. Hugs at den finaste jobben min hadde eg i Blå Kors.

Om du skal gje bort ei bok i år – ikkje di eiga?

Memoarboka Three Brothers av kinesiske Yan Lianke. Den boka bør snarast omsejtast til norsk. Der skriv han historia til seg sjølv og familien sin. Varmt, tenkande, faktisk «andaktsfullt».

Kva var den siste kulturopplevinga di?

Eksamenskonserten til Alvilde Riiser som dirigent i Oslo Domkirke med Domkoret. Eg var til stades som kjærleg onkel ,og Alvilde lyste saman med koristene.

God morgon kjem både på papir, som e-bok og som lydbok, lesen inn av forfattaren. Føretrekk du sjølv papir, lesebrett eller lydbok?

Det blir bok på papir! Eg er 72 år og likar å bla sjølv.

Hausten i år er spesiell – korleis påverkar koronaen ditt liv?

Det er eit slit med somme gode sider. Også er det nett no at folk kjøper boka mi!

Helt til sist: orgelbrus eller lovsangsband?

Orgelbrus. Og så meir orgelbrus.

Sjå video

Geir Gundersen leser fra boka God morgon.