Georg Hille til minne

Georg Hille (1923–2023) sovna stilt inn fredag 14. juli, 99 år gammal. Han var biskop i Hamar frå 1974 til 1993, men var òg tilsett i Bibelselskapet, frå 1951 og tre år framover.

Portrett av biskop Georg Hille
Biskop Georg Hille

Biskop Hille var med på oppstarten av det store internasjonale misjonsarbeidet, som i dag er ein så viktig del av arbeidet til Bibelselskapet. Han var òg styreleiar i Verbum forlag i mange år.

I sitt arbeid for Bibelselskapet reiste Hille rundt og skapte engasjement for bibelsaka, fyrst i Oslo, Hedmark og Oppland, og etter kvart i heile landet. Som biskop på Hamar arbeidde han for at kyrkjelydane i bispedømet skulle støtte den årlege Bibeldagen med takkoffer.

Hille vart verande ein engasjert og aktiv støttespelar for bibelarbeidet heile livet, noko han blant anna gav uttrykk for ved Bibelselskapets 200-årsjubileum i 2016:

– Etter at eg var tilsett i Bibelselskapet, har eg vore ein skikkeleg bibelven, og det har eg tenkt å vera til eg døyr. Når det kjem til stykket, er det ingen ting som kan måle seg med Bibelen. Den er det viktigaste.

Hille var oppteken av at Bibelen skulle vera i bruk:

– Den største utfordringa for Bibelselskapet er å få menneske til å lesa i Bibelen. Det hjelper ikkje om Bibelen berre ligg der. Det finst ikkje ei viktigare oppgåve enn å få folk til å lesa i Bibelen.

Vi takkar for Georg Hilles livslange teneste for Bibelselskapet, kyrkja og samfunnet og lyser fred over hans gode minne.

—-
Hans Johan Sagrusten, sokneprest i Lom og mangeårig medarbeidar i Det Norske Bibelselskap
.