Tid

Tida flyg, seier vi.
For mange flyg ho så fort at ein ikkje heng med.
Ein ligg på slep.
Kan tida gå seinare, så både kropp og sjel heng med?
Bibelen seier at det er ei tid for alt.

Alt har si tid

Forkynnaren 3,1-8

Les i nettbibelen.

1Alt har si tid, det er ei tid for alt som hender under himmelen: 2ei tid for å fødast, ei tid for å døy, ei tid for å planta, ei tid for å riva opp, 3ei tid for å drepa, ei tid for å lækja, ei tid for å riva ned, ei tid for å byggja, 4ei tid for å gråta, ei tid for å le, ei tid for å sørgja, ei tid for å dansa, 5ei tid for å kasta stein, ei tid for å samla steinar, ei tid for å ta i famn, ei tid for å la famntak vera, 6ei tid for å leita, ei tid for å mista, ei tid for å gøyma, ei tid for å kasta, 7ei tid for å riva sund, ei tid for å sy i hop, ei tid for å teia, ei tid for å tala, 8ei tid for å elska, ei tid for å hata, ei tid for krig og ei tid for fred.

Hav sett ovenfra

Gud i di fortid

Auga dine såg meg då eg var eit foster.
Alle dagar er skrivne opp i di bok,
dei fekk form før éin av dei var komen.

Sal 139,16

Gud i di framtid

For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren,
fredstankar og ikkje ulukketankar.
Eg vil gje dykk framtid og von.

Jer 29,11

Gud i kvar augneblink

For i han er det vi lever og rører oss og er til

Apg 17,28

Når du treng ein ny morgondag

Nei, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning.
Det gamle er borte, sjå, noko nytt har vorte til!

2 Kor 5,17

Alle tider

Salmane 23,1-6

Les i nettbibelen.

1Ein salme av David. Herren er min hyrding, eg manglar ikkje noko. 2Han lèt meg liggja i grøne enger, han fører meg til vatn der eg finn kvile. 3Han gjev meg nytt liv. Han leier meg på rettferds stigar for sitt namn skuld. 4Om eg så går i dødsskuggens dal, er eg ikkje redd for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. 5Du dukar bord for meg framfor mine fiendar. Du salvar mitt hovud med olje. Mitt beger renn over. 6Berre godleik og miskunn skal følgja meg alle mine dagar, og eg skal bu i Herrens hus gjennom alle tider.

Ettertanke


Tida lækjer alle sår, seier vi.
Gjer ho?
For somme er fortida så vond at dei helst vil gløyma henne.
For andre er det framtida ein gruar seg for,
og tida som berre går og går er inga trøyst.
Atter andre heng fast i fortida,
eller strekkjer seg så ivrig mot det som skal koma
at dei gløymer at dei lever berre akkurat her og no.


Tida er i Guds hand, seier Bibelen.
Fortid, framtid og notid.
Fordi Gud er utanfor tida.
Du og dine tider er i Guds hand.
Alltid.