Gå til forsiden

Første Kongebok

11

Skuggar over Salomos styre

1 Kong Salomo elska mange framande kvinner forutan dotter til farao. Det var kvinner frå Moab, Ammon, Edom, Sidon og hetittlandet. 2 Dei høyrde til dei folka Herren hadde tala om då han sa til israelittane: «De skal ikkje blanda dykk med dei, og dei ikkje med dykk. Elles kjem dei til å venda hjartet dykkar til gudane sine.» Det var desse kvinnene Salomo heldt seg til og elska. 3 Han hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre følgjekoner, og dei førte hjartet hans på avvegar. 4 Det var då Salomo vart gammal at konene hans fekk vendt hjartet hans til andre gudar. Hjartet hans var ikkje lenger heilt med Herren hans Gud, slik hjartet til David, far hans, hadde vore. 5 Salomo følgde Astarte, gudinna til sidonarane, og Milkom, den motbydelege guden til ammonittane. 6 Og han gjorde det som var vondt i Herrens auge, og følgde ikkje Herren fullt og heilt slik far hans, David, hadde gjort. 7 På den tid bygde Salomo ein offerhaug for Kemosj, den motbydelege guden til moabittane, på den høgda som ligg midt imot Jerusalem, og ein for Molok, den motbydelege guden til ammonittane. 8 Dette gjorde han for alle dei framande konene sine, som kveikte offereld og bar fram slaktoffer til gudane sine.

9 Då vart Herren harm på Salomo fordi han hadde vendt hjartet sitt bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger 10 og gjeve han det bodet at han ikkje skulle følgja andre gudar; men han hadde ikkje retta seg etter Herrens bod. 11 Og Herren sa til Salomo: «Sidan du har bore deg slik åt og ikkje halde den pakta eg gjorde med deg, og dei forskriftene eg gav deg, skal eg riva riket frå deg og gje det til ein i di teneste. 12 Men for far din, David, si skuld vil eg ikkje gjera det så lenge du lever; det er son din eg vil riva det frå. 13 Heile riket vil eg likevel ikkje ta frå han. Ein stamme vil eg gje han for min tenar Davids skuld og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut.»

14 Så reiste Herren opp ein motstandar for Salomo. Det var edomitten Hadad, som høyrde kongsætta i Edom til. 15 For den gongen David slo Edom, drog hærføraren Joab opp for å gravleggja dei falne. Han slo òg i hel alle menn i Edom. 16 I seks månader heldt Joab seg der med heile Israels-hæren til han hadde utrydda alle menn i Edom. 17 Då rømde Hadad saman med nokre edomittar, nokre av mennene til far hans. Hadad var nokså ung den gongen. 18 Dei braut opp frå Midjan og kom til Paran. Der fekk dei med seg nokre menn og kom så til Egypt, til farao, kongen i landet. Han gav Hadad eit hus, sytte for mat til han og lét han få jord.

19 Farao såg med stor velvilje på Hadad og gav han svigerinna si, syster til dronning Tahpenes, til kone. 20 Syster til Tahpenes fødde han sonen Genubat. Tahpenes fostra han opp i huset til farao, og sidan vart han verande i huset til farao mellom sønene hans.

21 Medan Hadad var i Egypt, fekk han vita at David hadde gått til kvile hos fedrane sine, og at Joab, hærføraren, var død. Då sa han til farao: «Lat meg få fara heim til mitt eige land.» 22 Farao spurde: «Kva er det du saknar her hos meg sidan du vil fara heim til landet ditt?» Han svara: «Ingen ting, men lat meg få fara likevel.»

23 Gud reiste opp endå ein motstandar mot Salomo. Det var Reson, son til Eljada. Han hadde rømt frå Hadadeser, herren sin, kongen i Soba. 24 Reson samla folk omkring seg og vart hovding for ein røvarflokk. Den gongen David drap mange av dei, drog dei til Damaskus. Dei slo seg ned der og gjorde seg til herrar i byen. 25 Reson var Israels motstandar så lenge Salomo levde. Både han og Hadad valda Israel skade. Han var konge over Aram og hata Israel.

Jeroboam gjer opprør

26 Jeroboam var son til Nebat frå Sereda i Efraim. Mor hans heitte Serua og var enkje. Han var i teneste hos Salomo, men reiste seg mot kongen. 27 Og slik gjekk det til då Jeroboam lyfte handa si mot kongen: Salomo heldt på og bygde Millo og tetta den opninga i muren kring byen som bar namn etter David, far hans. 28 No var Jeroboam ein dugande kar, og då Salomo såg at ungguten gjorde godt arbeid, sette han Jeroboam til å ha tilsyn med alt pliktarbeidet som Josefs hus laut gjera.

29 Ein gong på denne tida gjekk Jeroboam ut av Jerusalem. Då kom profeten Ahia frå Sjilo imot han på vegen. Ahia var kledd i ei ny kappe. Dei to var åleine ute på marka. 30 Ahia tok tak i den nye kappa han hadde på seg, reiv henne i tolv stykke 31 og sa til Jeroboam: Ta du ti av stykka! For så seier Herren, Israels Gud: Eg vil riva riket ut av hendene på Salomo og gje dei ti stammane til deg. 32 Berre den eine stammen skal vera hans for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut blant alle Israel-stammane. 33 Det gjer eg fordi dei har vendt seg frå meg og tilbede Astarte, gudinna til sidonarane, Kemosj, guden til moabittane, og Milkom, guden til ammonittane. Dei har ikkje gått på mine vegar og har ikkje gjort det som rett er i mine auge. Dei har ikkje halde forskriftene og lovene mine som far hans, David, gjorde. 34 Likevel vil eg ikkje ta noko av riket frå han sjølv; eg lèt han få vera fyrste så lenge han lever, for min tenar Davids skuld, han som eg valde ut, og som heldt seg til boda og forskriftene mine. 35 Eg vil ta riket ut av hendene på son hans og gje dei ti stammane til deg. 36 Men éin stamme vil eg gje son hans, for at David, tenaren min, alltid skal ha ei lampe for mitt andlet i Jerusalem, den byen eg har valt ut til bustad for namnet mitt. 37 Deg lèt eg rå over alt det du ønskjer; du skal vera konge over Israel. 38 Og høyrer du på alt det eg seier deg, går du på mine vegar og gjer det som er rett i mine auge, held du forskriftene og boda mine, som David, tenaren min, gjorde, så skal eg vera med deg og byggja deg eit hus som blir ståande, så som eg gjorde for David, og eg skal gje deg Israel. 39 Davids-ætta vil eg audmjuka for det som er gjort, men ikkje for all framtid.

40 Salomo freista no å drepa Jeroboam. Men Jeroboam braut opp og rømde til Egypt, til Sjisjak, som var konge der. Og han vart verande i Egypt til Salomo var død.

Salomo døyr

41 Det som elles er å seia om Salomo, om alt det han utretta, og om visdomen hans, det står skrive i krønikeboka til Salomo. 42 I førti år var Salomo konge i Jerusalem og rådde over heile Israel. 43 Så gjekk Salomo til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i byen til David, far sin. Rehabeam, son hans, vart konge etter han.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.