Gå til forsiden

Første Kongebok

2

David døyr

1 Då det leid mot slutten for David, sa han til Salomo, son sin: 2 Eg skal snart gå den vegen som alt her på jorda må gå. Ver du sterk og ver ein mann! 3 Hald bodet til Herren din Gud! Gå på hans vegar og hald deg til hans forskrifter, bod, lover og påbod, slik det er skrive i Moselova. Då skal du gå visleg fram i alt du gjer, og kvar så du vender deg. 4 For Herren vil halda det ordet han gav då han sa om meg: «Dersom sønene dine aktar på si ferd og vandrar for mitt andlet i truskap, av heile sitt hjarte og heile si sjel, skal det aldri mangla ein mann av di ætt på Israels kongsstol.» 5 Du veit jo sjølv kva Joab, son til Seruja, gjorde mot meg og mot dei to hærførarane i Israel, Abner, son til Ner, og Amasa, son til Jeter: Han drap dei og lét blod renna i fredstid. Slik fekk han krigsblod på beltet han hadde om livet, og på skorne han hadde på føtene. 6 Bruk no det gode vitet ditt. Lat ikkje den gamle og gråhåra mannen fara i fred til dødsriket. 7 Men mot sønene til Barsillai frå Gilead skal du gjera godt. Lat dei vera mellom dei som et ved bordet ditt. For dei tok venleg imot meg då eg flykta frå Absalom, bror din. 8 Du har òg hos deg Sjimi, son til Gera frå Bahurim, av Benjamin-stammen. Det var han som forbanna meg så stygt den dagen eg var på veg til Mahanajim. Men seinare kom han og møtte meg nede ved Jordan. Då svor eg ved Herren at eg ikkje skulle la han døy for sverd. 9 Men du må ikkje la han sleppa straff. Du er ein klok mann og veit nok kva du skal gjera med han. Lat han gå ned til dødsriket med blod i det gråe håret sitt.

10 Så gjekk David til kvile hos fedrane sine og vart gravlagd i Davidsbyen. 11 I førti år hadde David vore konge over Israel. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem. 12 Salomo sette seg på kongsstolen etter David, far sin, og kongedømet hans var trygt grunnfest.

Adonja blir drepen

13 Adonja, son til Haggit, kom til Batseba, mor til Salomo. «Kjem du i fredeleg ærend?» spurde ho. «Ja», svara han, 14 «men det er ei sak eg gjerne vil snakka med deg om.» «Sei det», sa ho. 15 Då sa han: «Du veit at kongedømet med rette var mitt, og heile Israel venta at eg skulle bli konge. Men så gjekk kongedømet over frå meg til bror min. Han fekk det av Herren sjølv. 16 No er det berre éin ting eg vil be deg om, og du må ikkje visa meg bort.» «Sei det!» svara Batseba. 17 Då sa han: «Tal med kong Salomo – for deg viser han ikkje bort – og bed om at han lèt meg få Abisjag frå Sjunem til kone.» 18 Batseba svara: «Ja vel, eg skal snakka med kongen for deg.»

19 Så gjekk Batseba til kong Salomo for å leggja Adonjas sak fram for han. Kongen reiste seg, gjekk imot henne og bøygde seg djupt for henne. Så sette han seg på kongsstolen. Ein stol vart sett fram for mor til kongen; ho sette seg ved høgre sida hans. 20 Ho sa: «Det er berre ein liten ting eg vil be deg om. Ikkje vis meg bort!» Kongen svara: «Be om det, mor! Eg viser deg ikkje bort.» 21 Då sa ho: «Lat Adonja, bror din, få Abisjag frå Sjunem til kone!»

22 Men kong Salomo tok til orde og sa til mor si: «Kvifor bed du om Abisjag frå Sjunem for Adonja? Du kan like godt be om kongsmakta for han. Han er då storebror min, og har presten Abjatar og Joab, son til Seruja, på si side.» 23 Og kong Salomo svor ved Herren og sa: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje dette skal kosta Adonja livet! 24 Så sant Herren lever, han som har sett meg på kongsstolen etter David, far min, og grunnlagt ei kongsætt for meg, slik som han lova – Adonja skal døy, og det i dag!» 25 Så sende kong Salomo Benaja, son til Jojada, i veg. Han hogg ned Adonja, og slik døydde han.

Salomo driv bort Abjatar

26 Kongen sa til presten Abjatar: «Far heim til åkrane dine i Anatot! Du fortener døden, men eg vil ikkje drepa deg i dag, for du har bore paktkista til Herren Gud framfor David, far min. Du har lide alt det han laut lida.» 27 Så dreiv Salomo Abjatar bort og lét han ikkje få vera prest for Herren lenger. Såleis vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala mot Elis hus i Sjilo.

Joab blir drepen

28 Då dette kom Joab for øyra – han hadde støtta Adonja, men ikkje Absalom – rømde han til Herrens telt og greip om altarhorna. 29 Salomo fekk melding om at Joab hadde rømt til Herrens telt og heldt seg nær altaret. Då sende han Benaja, son til Jojada, i veg og sa: «Gå og hogg han ned!» 30 Då Benaja kom til Herrens telt, sa han til Joab: «Kongen seier at du skal koma ut.» Men han svara: «Nei, her vil eg døy.»

Benaja gjekk tilbake til kongen og fortalde kva Joab hadde sagt og svara. 31 Då sa kongen til han: «Gjer som han seier! Hogg han ned og få han i jorda! Så friar du meg og farshuset mitt frå blodet til dei skuldfrie som Joab lét renna. 32  Herren vil la blodet koma over hovudet hans! Han hogg ned to menn som var betre og meir rettferdige enn han: Abner, son til Ner, hærføraren i Israel, og Amasa, son til Jeter, hærføraren i Juda. Han drap dei med sverd utan at David, far min, visste om det. 33 Måtte deira blod for alltid koma over Joab og ætta hans. Men David og ætta hans, huset og kongsstolen hans skal Herren gje fred til alle tider.»

34 Så gjekk Benaja, son til Jojada, opp og hogg ned Joab og drap han. Han vart gravlagd på heimstaden sin i ørkenen. 35 Kongen sette Benaja, son til Jojada, til hærførar etter Joab. Og han sette Sadok til prest etter Abjatar.

Sjimi blir drepen

36 Så sende kongen bod etter Sjimi og sa til han: «Bygg deg eit hus i Jerusalem! Der skal du bu, og derifrå skal du ikkje fara bort. 37 Det skal du vita at den dagen du tek ut og går over Kedron-bekken, er du dømd til å døy. Blodet ditt skal renna over ditt eige hovud.» 38 Sjimi svara kongen: «Ja vel, tenaren din skal retta seg etter din vilje, herre konge.» Og Sjimi vart buande lenge i Jerusalem.

39 Men då tre år var lidne, rømde to av Sjimis slavar til kongen i Gat, Akisj, son til Maaka. Då Sjimi fekk vita at slavane var i Gat, 40 gjorde han seg ferdig og sala eselet sitt. Han gav seg i veg til Akisj i Gat for å krevja slavane sine tilbake. Sjimi fór av stad og henta slavane frå Gat.

41 Salomo fekk melding om at Sjimi hadde fare frå Jerusalem til Gat og no var komen tilbake. 42 Då sende kongen bod etter Sjimi og sa til han: «Tok eg deg ikkje i eid ved Herren då eg åtvara deg og sa: Det skal du vita for visst at den dagen du forlèt Jerusalem og går nokon annan stad, er du dømd til å døy. Og du svara: Ja vel, eg har høyrt kva du seier. 43 Kvifor har du då ikkje halde din eid til Herren og det påbodet eg gav deg? 44 Du kjenner til, ja, du veit i hjartet kor mykje vondt du har gjort mot David, far min. Herren lèt no vondskapen koma over ditt eige hovud. 45 Men kong Salomo skal vera velsigna, og kongsstolen til David skal stå trygt for Herrens andlet til alle tider.» 46 Så baud kongen Benaja, son til Jojada, gå ut og hogga han ned. Slik døydde Sjimi.

Og kongsmakta låg trygt i Salomos hand.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.