Gå til forsiden

Første Kongebok

6

Salomo byggjer tempelet

1 I det fire hundre og åttiande året etter at israelittane hadde gått ut av Egypt, i siv månad, som er den andre månaden, byrja Salomo å byggja Herrens hus. Salomo var då konge i Israel på fjerde året.

2 Huset som kong Salomo bygde for Herren, var seksti alner langt, tjue alner breitt og tretti alner høgt. 3 Forhallen framfor tempelrommet var tjue alner lang, svarande til breidda på huset, og ti alner brei. Han låg på framsida. 4 På huset laga han vindauge som skråna innover. Dei var vide mot utsida og tronge mot innsida. 5 Rundt den ytre husveggen, både langs tempelhallen og det inste rommet, reiste han eit tilbygg, og der laga han siderom. 6 Den nedste høgda var fem alner brei, den mellomste seks alner brei og den øvste sju alner brei. For han hadde laga avsatsar rundt ikring på utsida av huset så ikkje bjelkane skulle gå inn i husveggen. 7 Då huset vart reist, bygde dei det av steinar frå steinbrotet, ferdig tilhogne. Ein høyrde verken hammar eller meisel eller noko anna verktøy av jern i huset då det vart bygd. 8 Døra inn til nedste høgda i tilbygget var på høgre sida av huset. Ei vindeltrapp førte opp i mellomste høgda og derifrå opp i tredje høgda. 9 Då Salomo hadde reist tempelbygget, tekte han det med bjelkar og bord av sedertre. 10 I tilbygget som han reiste kring heile huset, var kvar høgd fem alner. Det var fest til huset med sederbjelkar.

11 Då kom Herrens ord til Salomo, og det lydde slik: 12 «No byggjer du dette huset. Om du følgjer forskriftene mine, held lovene mine, aktar på alle boda mine og følgjer dei, så vil eg gjera mot deg etter det ordet eg gav David, far din. 13 Eg vil bu midt mellom israelittane og ikkje skiljast frå Israel, folket mitt.»

14 Så bygde Salomo huset og gjorde det ferdig. 15 Han kledde veggene i huset innvendes med sederbord. Frå golvet til takbjelkane kledde han dei med tre, og golvet la han med sypressbord. 16 Tjue alner frå bakveggen av huset reiste han ein vegg av sederbord; han rakk frå golvet opp til takbjelkane. Bak veggen bygde han det inste rommet, Det høgheilage. 17 Tempelhallen framfor det inste rommet var førti alner lang. 18 Innvendes hadde huset utskjeringar i sedertre, av graskar og utsprotne blomar. Alt saman var sedertre; steinen synte ikkje nokon stad. 19 Inst inne i tempelet bygde han Det høgheilage. Der skulle Herrens paktkiste stå. 20 Dette rommet, som var tjue alner langt, tjue alner breitt og tjue alner høgt, kledde han med reint gull. Framfor Det høgheilage sette Salomo eit altar. Det kledde han med sedertre.

21 Salomo kledde huset innvendig med reint gull. Han hengde gullkjeder framfor inngangen til Det høgheilage og kledde han med gull. 22 Heile huset kledde han med gull, frå ende til annan. Og heile altaret som stod framfor det inste rommet, kledde han med gull.

23 I Det høgheilage laga han to kjerubar av oliventre; dei var ti alner høge. 24 Den eine kjeruben hadde ein veng som var fem alner, og vengen på den andre sida var òg fem alner. Det var ti alner frå vengespiss til vengespiss. 25 Den andre kjeruben var òg ti alner mellom vengespissane. Begge kjerubane hadde same storleik og same form. 26 Den eine kjeruben var ti alner høg, og det var den andre òg. 27 Desse kjerubane sette han midt i Det høgheilage i tempelet. Og dei breidde ut vengene sine så vengen på den eine rakk bort til den eine veggen, og vengen på den andre rakk bort til den andre veggen, og dei to andre vengene nådde i hop midt i rommet. 28 Han kledde kjerubane med gull.

29 Alle veggene i huset, både innvendig og utvendig, prydde han med utskorne bilete av kjerubar, palmar og utsprotne blomar. 30 Golvet i huset la han med gull både inne og ute. 31 Ved inngangen til Det høgheilage laga han dører av oliventre. Dørkarmane skråna innover i fem avsatsar. 32 Dei to dørene av oliventre prydde han med utskjeringar av kjerubar, palmar og utsprotne blomar, og han kledde dei med gull. Han hamra ut gullet på kjerubane og palmane. 33 Like eins laga han dørstolpar av oliventre for inngangen til tempelhallen. Dørkarmane skråna innover i fire avsatsar. 34 Dei to dørene var av sypresstre. Begge dørene hadde to halvdører som kunne svingast. 35 Han prydde dei med utskorne kjerubar, palmar og utsprotne blomar og kledde dei med gull som vart lagt jamt utover utskjeringane.

36 Han bygde den indre føregarden med tre lag hoggen stein og eitt lag sederbjelkar.

37 Grunnvollen til Herrens hus vart lagd i det fjerde året, i siv månad. 38 Og i det ellevte året, i bul månad, som er den åttande månaden, gjorde Salomo huset ferdig med alt som høyrde til, og i eitt og alt var det som det skulle vera. Då hadde han bygd på det i sju år.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.