Gå til forsiden

Andre Kongebok

4

Enkja og oljekrukka

1 Ei kvinne som var enkje etter ein av profetlæresveinane, ropa ein gong til Elisja: «Tenaren din, som var mannen min, er død. Og du veit at tenaren din frykta Herren. Men no kjem ein som han skulda pengar, og vil ta begge sønene mine til slavar.» 2 Elisja sa til henne: «Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!» Ho svara: «Tenestekvinna di har ikkje anna i huset enn ei lita krukke med olje.» 3 Då sa han: «Gå til alle grannane dine og lån deg kar, så mange tomme kar som du kan få tak i. 4 Så skal du gå inn og stengja døra etter deg og sønene dine! Slå olje i alle desse kara, og set dei bort når dei er fulle!»

5 Kvinna gjekk frå han, og ho stengde døra etter seg og sønene sine. Dei gav henne kara, og ho slo i. 6 Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: «Lat meg få eit kar til!» Men han svara: «Her er ikkje fleire.» Då heldt oljen opp med å renna. 7 Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: «Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som blir att.»

Kvinna frå Sjunem og sonen hennar

8 Ein dag gjekk Elisja over til Sjunem. Der var det ei velståande kvinne som inntrengjande bad han om å eta hos seg. Og sidan tok han inn der og fekk seg mat kvar gong han fór forbi. 9 Ein gong sa ho til mannen sin: «Høyr her! Eg veit at han som støtt kjem innom oss, er ein heilag gudsmann. 10 Lat oss laga eit lite takkammer til han og setja inn ei seng, eit bord, ein stol og ein lysestake. Så kan han ta inn der når han kjem til oss.»

11 Ein dag profeten kom dit, tok han inn i takkammeret og la seg der. 12 Så sa han til Gehasi, tenaren sin: «Rop på denne Sjunem-kvinna!» Tenaren ropa på henne, og ho kom bort til han. 13 Elisja sa til han: «Sei til henne: Høyr, du har hatt mykje bry for vår skuld. Kva kan vi gjera for deg? Kan vi leggja inn eit godt ord for deg hos kongen eller hærføraren?» Men ho svara: «Eg bur då midt iblant mitt eige folk.» 14 «Kva kan eg då gjera for henne?» spurde profeten. Gehasi svara: «Ho har ingen son, og mannen hennar er gammal.» 15 Då sa Elisja: «Rop på henne!» Han ropa på henne, og ho kom og vart ståande i døropninga. 16 Profeten sa: «Når tida er inne, skal du ha ein son i armane.» Men ho svara: «Nei, herre, du som er ein gudsmann, lyg for tenestekvinna di!»

17 Kvinna vart med barn, og då tida var inne, fekk ho ein son, slik Elisja hadde sagt henne. 18 Guten voks opp, og ein dag gjekk han ut til far sin og onnefolket. 19 Då sa han til faren: «Hovudet mitt, hovudet mitt!» Då sa faren til tenesteguten: «Ber han heim til mor hans!» 20 Han tok og bar han heim til mora, og guten sat på fanget hennar til middag; då døydde han. 21 Ho gjekk opp og la han på senga til gudsmannen. Så lét ho att døra og gjekk ut.

22 Kona ropa på mannen sin og sa: «Send meg ein av tenestegutane med eit esel! Eg må skunda meg til gudsmannen, og så kjem eg att.» 23 Han spurde: «Kvifor vil du fara dit i dag? Det er då verken nymånedag eller sabbat.» Ho svara: «Uroa deg ikkje!» 24 Så sala ho eselet og sa til tenesteguten: «Driv det av garde, og stopp meg ikkje medan eg rid, utan at eg bed deg om det.»

25 Så tok kvinna i veg og kom til gudsmannen på Karmel-fjellet. Då han såg henne langt borte, sa han til Gehasi, tenaren sin: «Sjå, der kjem kvinna frå Sjunem! 26 Spring straks til møtes med henne og sei: Står det bra til med deg og mannen din og guten?» «Ja, det står bra til», svara ho. 27 Då ho kom opp på fjellet til gudsmannen, tok ho om føtene hans. Gehasi gjekk fram og ville skuva henne bort. Men gudsmannen sa: «Lat henne vera! Ho ber ei bitter sorg, men Herren har løynt det for meg og har ikkje late meg få vita det.» 28 Kvinna sa: «Har eg bede deg om ein son, herre? Eg sa då at du ikkje måtte gje meg falske voner.»

29 Då sa Elisja til Gehasi: «Spenn beltet om livet, ta staven min i handa og gå av stad! Møter du nokon på vegen, så helsa ikkje på han, og helsar nokon på deg, så svara han ikkje! Du skal leggja staven min over andletet til guten.» 30 Mor til guten sa: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg går ikkje frå deg!» Då stod profeten opp og følgde henne.

31 Gehasi fór føre dei og la staven over andletet til guten. Men det var ikkje ein lyd å høyra, ikkje eit livsteikn å sjå. Så gjekk han tilbake, og då han møtte Elisja, fortalde han at guten ikkje hadde vakna. 32 Då Elisja kom fram til huset, låg guten død i senga. 33 Han gjekk inn og stengde døra så han vart åleine med guten. Han bad til Herren, 34 og så steig han opp i senga og la seg over guten med munnen mot hans munn, auga mot hans auge og hendene mot hans hender. Då Elisja bøygde seg ned over han, vart kroppen til guten varm. 35 Elisja reiste seg opp att og gjekk ein gong att og fram i huset. Så steig han opp i senga att og bøygde seg over guten. Då naus guten sju gonger og slo auga opp.

36 Elisja ropa på Gehasi og sa: «Rop på Sjunem-kvinna vår!» Han ropa på henne, og ho kom inn til han. Då sa profeten: «Ta guten din!» 37 Ho kom og kasta seg ned for føtene hans og bøygde seg med andletet mot jorda. Så tok ho guten sin og gjekk ut.

Død i gryta

38 Elisja vende attende til Gilgal. På den tid var det hungersnaud i landet. Ein gong medan profetsveinane sat hos han, sa han til tenaren sin: «Set over den store gryta og kok mat til profetlæresveinane!» 39 Ein av dei gjekk då ut på marka for å sanka urter. Han fann nokre villranker og plukka kappa full av nye skot. Då han kom tilbake, skar han dei opp og hadde dei i gryta, utan at nokon visste om det. 40 Dei auste opp så mennene kunne få eta. Men då dei smaka på maten, skreik dei opp og ropa: «Det er død i gryta, gudsmann!» Og dei kunne ikkje eta det. 41 Då sa Elisja: «Hent litt mjøl!» Det hadde han opp i gryta og sa: «Aus no opp til folket, så dei får eta.» Då var det ikkje lenger noko skadeleg i gryta.

Brødunderet

42 Ein dag kom det ein mann frå Baal-Sjalisja. Han hadde med seg brød til gudsmannen, tjue byggbrød som var baka av førstegrøda. Nyhausta korn hadde han òg i skreppa. Då sa Elisja: «Gjev det til folket så dei får eta.» 43 Men tenaren hans sa: «Korleis kan eg setja fram dette for hundre mann?» «Gjev det til folket så dei får eta», tok Elisja opp att. «For så seier Herren: Dei skal eta og få meir enn nok.» 44 Så sette han det fram for dei. Dei åt, og det vart meir enn nok, som Herren hadde sagt.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.