Gå til forsiden

Andre Samuelsbok

14 1 Joab, son til Seruja, skjøna at kongen lengta etter Absalom. 2 Han sende bod etter ei klok kvinne frå Tekoa og sa til henne: «Lat som om du sørgjer! Kled deg i sørgjeklede og salv deg ikkje med olje! Ber deg åt som ei kvinne som i lang tid sørgjer over ein som er død. 3 Gå så til kongen og sei dette til han!» Så fortalde Joab henne kva ho skulle seia. 4 Kvinna frå Tekoa gjekk til kongen, kasta seg ned for han med andletet mot jorda og sa: «Hjelp meg, konge!» 5 «Kva er i vegen med deg?» spurde kongen.

Ho svara: «Å! Eg er enkje. Mannen min er død. 6 Tenestekvinna di hadde to søner. Dei kom i trette med kvarandre utpå marka, og det var ingen der til å skilja dei. Då slo den eine til den andre og drap han. 7 No har heile slekta reist seg mot tenestekvinna di. Dei seier: Kom hit med han som drap bror sin! Vi vil ta livet av han fordi han slo broren i hel; så får vi med det same rydda arvingen av vegen. – Slik kjem dei til å sløkkja den siste gneisten eg har att, og ta frå mannen min både namn og etterkomarar på jorda.» 8 Då sa kongen til kvinna: «Gå heim att! Eg skal ta meg av saka for deg.» 9 Men kvinna frå Tekoa svara: «Min herre konge, eg og mitt hus skal bera skulda. Kongen og trona skal vera skuldfrie.» 10 Kongen sa: «Er det nokon som seier noko til deg, så før han hit! Han skal ikkje plaga deg meir.» 11 Då sa ho: «Måtte kongen hugsa på Herren din Gud, så ikkje blodhemnaren valdar endå meir ulukke og sonen min blir drepen.» Kongen svara: «Så sant Herren lever, ikkje eit hår skal bli rørt på hovudet til sonen din.»

12 Då sa kvinna: «Lat tenestekvinna di få seia endå eit ord til min herre kongen.» «Ja», svara han. 13 Kvinna sa: «Korleis kunne du då tenkja ut ei slik ulukke mot Guds folk? For med det kongen no sa, har han gjort seg sjølv skuldig, sidan kongen ikkje lèt han som er bortstøytt, koma tilbake. 14 Sanneleg, vi må alle døy. Vi er som vatn som er utrent på jorda og ikkje kan ausast opp att. Men Gud vil ikkje ta liv. Hans vilje er at den som er bortstøytt frå han, ikkje skal vera det lenger. 15 Eg kjem og legg denne saka fram for min herre kongen. For folket skremde meg, og då tenkte eg: Tenestekvinna di vil gå og tala med kongen. Kanskje gjer kongen det tenestekvinna hans bed han om. 16 Kongen vil nok høyra på tenestekvinna si og berga henne frå den mannen som vil utrydda både meg og sonen min frå Guds eigedom. 17 Tenestekvinna di tenkte at eit ord frå min herre kongen ville vera meg til trøyst. For min herre kongen er lik ein Guds engel som skil mellom godt og vondt. Måtte Herren din Gud vera med deg!»

18 Kongen sa då til kvinna: «Svar meg sant på det som eg no vil spørja deg om!» «Tal, herre konge!» sa ho. 19 Kongen spurde: «Har Joab hatt ei hand med i alt dette?» Kvinna svara: «Så sant du lever, herre konge: Ingen kan koma bort frå at det er slik min herre kongen seier. Det var Joab, tenaren din, som baud meg gjera dette, og som sjølv la alle desse orda i munnen på tenestekvinna di. 20 Dette gjorde Joab, tenaren din, for å gje saka ei ny vending. Men min herre er vis som ein Guds engel og veit alt som hender på jorda.»

21 Så sa kongen til Joab: «Saka er avgjord! Eg skal gjera dette. Far i veg og hent den unge guten, Absalom.» 22 Då kasta Joab seg ned med andletet mot jorda, velsigna kongen og sa: «I dag skjønar tenaren din at du ser på meg med velvilje, herre konge, sidan du gjer som eg bad deg om.»

23 Og Joab drog straks av stad til Gesjur og henta Absalom til Jerusalem. 24 Men kongen sa: «Han kan gå heim til sitt eige hus; eg vil ikkje sjå han for auga mine.» Absalom gjekk då heim til huset sitt og viste seg ikkje for kongen.

25 Så vakker ein mann som Absalom fanst ikkje i heile Israel. Ingen var lovprisa som han. Frå hovud til hæl fanst det ikkje feil ved han. 26 Ein gong i året vart håret hans så tungt at han måtte klippa det av. Og når han hadde gjort det, vog det to hundre sjekel etter kongens vekt. 27 Absalom fekk tre søner og ei dotter. Ho heitte Tamar og var ei vakker kvinne.

28 Absalom budde i Jerusalem i to år utan å visa seg for kongen. 29 Då sende han bod til Joab og bad han gå til kongen, men Joab ville ikkje koma. Han sende bod endå ein gong, men Joab ville ikkje koma då heller. 30 Då sa Absalom til tenarane sine: «De veit at Joab har ein åkerteig rett ved sida av min. Der har han bygg. Gå og set eld på den åkeren!» Så sette tenarane til Absalom eld på åkeren. 31 Då stod Joab opp, gjekk heim til Absalom og spurde han: «Kvifor har tenarane dine svidd av åkeren min?» 32 Absalom svara: «Eg sende bod til deg og bad deg koma hit. Eg ville få deg til å gå til kongen og spørja: Kvifor skulle eg koma heim frå Gesjur? Det hadde vore betre for meg om eg var der enno. No vil eg gå fram for kongen. Om eg er skuldig, får han heller drepa meg.» 33 Joab gjekk til kongen og sa dette til han. Då kalla David Absalom til seg. Han kom inn og kasta seg ned for kongen med andletet mot jorda, og kongen kyste han.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.