Gå til forsiden

Andre Samuelsbok

20

Sjeba gjer opprør

1 No var det ein vondsinna mann der som heitte Sjeba, son til Bikri frå Benjamin. Han bles i hornet og sa:

«Vi har ingen del i David,

ingen lut i Isai-sonen.

Kvar mann til sitt telt, Israel!»

2 Då skilde alle israelittane lag med David og følgde Sjeba, son til Bikri. Men judearane heldt seg til kongen sin og følgde han frå Jordan til Jerusalem.

3 Då David var komen heim til Jerusalem, tok han dei ti følgjekonene som han hadde late vera att for å sjå etter huset, og sette dei i forvaring. Han sytte for det dei trong, men han gjekk ikkje inn til dei. Dei sat innestengde til sin døyande dag og levde som om dei var enkjer.

4 Sidan sa kongen til Amasa: «Kall saman judearane innan tre dagar, og møt sjølv fram her!» 5 Amasa drog av stad og kalla saman judearane, men han trong meir tid enn kongen hadde fastsett. 6 Då sa David til Abisjai: «No kjem Sjeba, son til Bikri, til å skapa større vanskar for oss enn Absalom. Ta med deg tenarane til herren din og set etter han før han når fram til nokon av festningsbyane og slepp frå oss.» 7 Mennene til Joab, kretarane og pletarane og alle krigarane følgde han. Dei tok ut frå Jerusalem og ville setja etter Sjeba, son til Bikri.

8 Då dei var komne til den store steinen ved Gibeon, kom Amasa imot dei. Joab bar våpenkappe, og utanpå kappa hadde han eit sverd i slire. Det var fest ved hofta. Då han gjekk fram, gleid sverdet ut. 9 Joab sa til Amasa: «Står det bra til med deg, bror?» og tok tak i skjegget hans med høgre handa for å kyssa han. 10 Men Amasa tok seg ikkje i vare for sverdet som Joab hadde i den andre handa. Joab stakk han i magen så innvolane rann ut på jorda. Den eine støyten var nok, og han døydde.

Så sette Joab og Abisjai, bror hans, etter Sjeba, son til Bikri. 11 Men ein av mennene til Joab vart ståande attmed liket og ropa: «Følg Joab, alle som held med han og er på David si side!» 12 Amasa låg midt på vegen, bada i blod. Då mannen såg at alt folket stoppa der, flytte han Amasa frå vegen bort på marka. Han kasta ei kappe over han; for alle som kom framom, såg han og stoppa. 13 Då Amasa var teken bort frå vegen, gjekk alle framom og følgde Joab for å jaga Sjeba, son til Bikri.

14 Sjeba fór gjennom alle Israel-stammane heilt til Abel-Bet-Maaka. Alle mennene i Bikri-slekta samla seg og følgde han inn i byen. 15 Joab og mennene hans kom og kringsette han i Abel-Bet-Maaka. Dei kasta opp ein voll som nådde bort til den ytre bymuren. Heile hæren som var med Joab, gjekk laus på muren og ville få han til å falla. 16 Då var det ei klok kvinne som ropa frå byen: «Høyr her! Høyr her! Be Joab koma nærare, så eg får tala med han.» 17 Han gjekk bort til henne, og kona spurde: «Er du Joab?» «Ja», svara han. Ho sa til han: «Høyr kva tenestekvinna di har å seia.» «Eg høyrer», svara han. 18 Då sa kona: «I gamle dagar sa folk: Gå og spør deg føre i Abel – og så var saka avgjord. 19 Eg er av dei trufaste og fredsæle i Israel. Men du prøver å gjera ende på ein by som er ei mor i Israel. Kvifor vil du øydeleggja Herrens eigedom?» 20 Joab svara: «Nei, langt ifrå! Eg vil slett ikkje øyda eller herja. 21 Det har seg ikkje slik! Men ein mann frå Efraim-fjella som heiter Sjeba og er son til Bikri, har lyft handa mot kong David. Lat meg berre få tak i han, så skal eg dra bort frå byen.» Då sa kvinna: «Du skal få sjå at dei kastar hovudet hans ut til deg over muren.» 22 Så gjekk kona til folket i byen med det kloke rådet sitt. Og dei hogg hovudet av Sjeba, son til Bikri, og kasta det ut til Joab. Då bles han i hornet, og mennene drog bort frå byen og fór heim, kvar til seg. Sjølv fór Joab attende til Jerusalem, til kongen.

Embetsmennene til David

23 Joab var hærførar i Israel, og Benaja, son til Jojada, var førar for kretarane og pletarane. 24 Adoram hadde tilsyn med dei som gjorde pliktarbeid, og Josjafat, son til Ahilud, var kanslar. 25 Sjeja var riksskrivar, og Sadok og Abjatar var prestar. 26 Ira av Ja'ir-slekta var òg prest hos David.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.